Om du skal nyte berre eitt skytespel denne månaden, bør det blir Starship Troopers: Ultimate Bug War!. Dette er, som utviklarane og spelet sjølv passar på å informere om, det mest realistiske krigsspelet nokon sinne.
Det er ei dramatisk forteljing om kampen mellom menneske og storkryp, og med all den bravado og hoo-ra-stemning ein testosteronsprengd hjerne med draumar om macho kan håpe på.
Ikkje berre det, visuelt leverer spelet noko av det mest imponerande eit splitter nytt 3Dfx-kort kan by på.
No er det alvor
Ein vårdag i 1998 ropte eg «dette er den beste dritfilmen eg nokon gong har sett», på veg ut av kinosalen etter å ha sett Starship Troopers. Det er eit minne som sit godt, for Starship Troopers var akkurat passe teit til at det blei kult. Satire, action, romskip, og alt ein tenåring på filmjakt hadde lyst på. I 1998 i alle fall.
Eg var difor ikkje vond å be når no nesten 30 år seinare Starship Troopers: Ultimate Bug War! blir lansert i ei form som får det til å sjå ut som om det kunne ha vore laga same år som filmen.
Dette er ikkje kritikk. Utviklarane hos Auroch har levert før, med det like retrostilige Warhammer 40,000: Boltgun. Starship Troopers: Ultimate Bug War! er eit fandenivoldsk artig spel som kastar vekk alt av moderne idear, og siktar mot noko anna. Mot noko eldre, mot noko meir primalt.
Ein merkar det med ein gong. Dette er eit spel som går i eit høgt tempo, og minnar om gamle klassikarar som Quake, Duke Nukem 3D, Half-Life og storleikstida då skytespel vaks med byks kvart år, om ikkje kvar månad.
Du er alltid på veg ein stad. Spring frå punkt til punkt, meiar ned insekt, plukkar opp meir ammo, finn eit nytt våpen, og held fram til magasinet er tomt, og du må finne noko nytt å drepe med.
Herleg tempo
Fart er viktig, og utviklarane hos Auroch har gjort eit ørlite sjakktrekk for å passe på at tempoet aldri sakkar ned. Du kan når som helst be om forsyningar som blir sendt mot jorda frå romskip. Her finn du ammo, våpen, skjold og helse. Etter bruk må du vente ei lita stund før du kan få forsyningar igjen, men ikkje så lenge at tida ikkje er best brukt på å drepe fleire insekt.
Områda i spelet er ofte store, og du har heile tida eit mål du må nå. Dette kan vere å nå fram til eit område som skal forsvarast, eller plante eksplosivar på noko som skal øydeleggjast.
Nivådesignet i spelet er skikkeleg godt. Ein kan få kjensla av at det heile er ei stor sandkasse, men ei sandkasse sydd saman nesten på metroidvania-vis. Grotter og korridorar tek deg frå ein stad til ein annan, taubaner kan la deg gli kjapt gjennom lufta for å nå andre område, og store stridsmaskiner lar deg springe over slagmarka i høgt tempo.
Det heile skjer medan ein konstant sverm av insekt trugar med å overmanne deg. Nokre gongar kjem dei i enorme horder, medan andre gongar er det einslege monster som nesten kan drepe deg med eit blikk.
Med stasjonære våpen, og eit solid arsenal av skytevåpen der fleire har to skytemodusar, er det veldig lett å kose seg.
Som om alt dette ikkje er nok byr spelet på fleire nivå der du får spele som insekt. Her gjeld det naturlegvis å drepe så mange menneske som mogleg, alt i eit mål om å lære seg innsekttaktikk betre å forstå.
Insektslakt, på alvor
Det Starship Troopers: Ultimate Bug War! kanskje har aller mest av, er stil. Det osar av stil. Heilt frå videosnuttane som har henta tilbake Casper Van Dien i rolla som Johnny Rico, til spelet i seg sjølv som er akkurat så retrohimmel som ein gammal skytespelfan kan draume om, er dette spelet gjennomført kult.
Mellom oppdraga får vi ei rekke ulike filmar med ekte skodespelarar, i ein stil som imiterer Starship Troopers-filmen godt, heilt ned til vil du vite meir?. Det er tidvis ganske teit, men på ei måte Starship Troopers-fans bør kunne setje pris på.
Med det i tankane skulle eg ynskje hovudpersonen var litt meir interessant. Sjølv om mange sikkert skulle ynskje det, er det ikkje Johnny Rico som har hovudrolla her. I staden tek du på deg rolla som major Samantha Dietz, og gjennom hennar auge får du oppleve hennar eiga historie frå krigen.
Det er fleire ting som ikkje fungerer. Eg finn ingen grunn til å bry meg om forteljinga til Samantha fordi verken skodespelaren eller manuset klarar å gjere meg meir interessert i ho enn Johnny Rico som stort sett sit rett ved sidan av ho. Skal du dytte inn ein ny figur i eit etablert univers krev det litt ekstra, og det vesle ekstra manglar diverre her.
Stor plass tek det likevel ikkje, og er meir som ein fotnote enn noko anna.
Konklusjon
Starship Troopers: Ultimate Bug War! er ikkje eit langt spel, men det er moro. Det er eit spel som byr på herleg, nesten meiningslaus underhaldning på gamlemåten. Plukk opp eit våpen, peik enden mot ein fiende, og fyr av. Det er ikkje meir avansert enn det, for eit godt spel treng ikkje vere meir avansert enn det.
Vi finn ingen kompliserte oppdrag eller noko djup forteljing her. Det er berre marsjfart mot neste stad der du skal skyte så mange insekt som mogleg.
Med eit herleg arsenal som inkluderer bærbar atombombe og flammekastar, er det lett å la seg glede over insektslakt. Dette er enkel moro, men det er god moro. Du får våpen, ein arena, og fiendar å drepe, og det er alle ingrediensane som skal til for å gjere Starship Troopers: Ultimate Bug War! til eit av vårens høgdepunkt.
Starship Troopers: Ultimate Bug War! er ute no på PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X (testa) og Windows.