AMD RX 7600 XT

AMD kjem med nytt skjermkort

RX 7600 XT er for deg som speler i 1080p og 1440p.

Sapphire sitt komande RX 7600 XT.
Sapphire

Elektronikkmessa CES er i gang for fullt. I går var dei to største skjermkortprodusentane ute med nye produkt, der Nvidia viste fram sin Super-serie.

AMD demonstrerte komande RX 7600 XT. Dette er ein kraftigare versjon av RX 7600 med dobbelt så mykje videominne (16 GB), og skal kome i sal frå 24. januar.

Det er klokkehastigheit, minne, pris og straumforbruk som utgjer dei største endringane frå førre utgåve. Boostklokkehastigheita aukar frå 2.62 Ghz til 2.76 GHz.

AMD lovar noko høgare yting i spel, men det er litt tidleg å seie kor stor forskjellen blir. Her er det lurt å vente til pressa kjem med testar av korta.

XT-utgåva brukar 25 watt meir straum, og vil koste rundt 60 dollar meir enn forgjengaren. AMD har ikkje annonsert norske prisar enno.

Den billigaste varianten av dagens versjon ligg på rundt 3600 kroner i norske butikkar.

Les fleire nyheiter fra CES 2024 »

Siste fra forsiden