Nvidia kuttar prisane og aukar ytinga

Lanserer tre nye gamingskjermkort.

Nvidia

Nvidia har dratt sløret av ein ny serie skjermkort. Super-skjermkorta er ei oppdatering av RTX 4000-serien, og har blitt ein slags tradisjon for Nvidia dei siste generasjonane.

Både RTX 4080, RTX 4070 Ti og RTX 4070 får nye versjonar. Alle saman ytar litt betre, og får redusert prisen nokre hakk.

Sannsynlegvis vil desse erstatte dagens skjermkort i nettbutikkane.

Raskare mellomklassekort

Nvidia GeForce RTX 4070 Super er førstemann ut i butikkhyllene. Det kjem 17. januar.

Dette får ei respektabel auke under panseret. Talet på CUDA-kjernar går frå 5888 hos RTX 4070 til 7680 hos RTX 4070 Super. Klokkehastigheiten er eit lite hakk kjappare, og kortet vil bruke 20 watt meir enn forgjengaren.

Prisen blir 7800 kroner. RTX 4070 lanserte til 7900.

LES OGSÅ: Vår test av RTX 4070 »

Meir minne

Storebror RTX 4070 Ti Super lanserer til 10 400 kroner den 24. januar. Det er 400 kroner meir enn forgjengaren.

Den nye versjonen får 8448 CUDA-kjernar, ei auke på 768. Meir videominne er den store forskjellen for denne lanseringa.

Forgjengaren hadde 12 GB med GDDR6X videominne, mens Super-utgåva får 16 GB med same type minne. Nvidia har òg oppgradert minnegrensesnittsbreidda frå 192-bit til 256-bit, og minnebandbreidda aukar då frå 504 GB/s til 672 GB/s.

Nvidia lagar ikkje eigen kjølar til dette kortet, så prisnivået blir sannsynlegvis noko annleis når tredjepartsprodusentane kjem med sine design.

LES OGSÅ: Vår test av RTX 4070 Ti »

Klart billigare

RTX 4080 Super kjem 31. januar til 13 000 kroner. Det er 3000 kroner mindre enn RTX 4080 lanserte til i november 2022.

Dette kortet får dei minste endringane på papiret. Talet på CUDA-kjernar aukar frå 9728 til 10 240.

Klokkehastigheita (2205 MHz til 2295 MHz), minneklokkehastigheita (22.4 Gbps til 23 Gbps) og bandbreidda (717 GB/s til 736 GB/s) får ei lita auke.

LES OGSÅ: Vår test av RTX 4080 »

Les fleire nyheiter fra CES 2024 »

Siste fra forsiden