Anmeldelse

A Way Out

Kastar vekk potensialet

Samarbeidsspelet frå svenske Hazelight legg ikkje nok vekt på det som gjer spel spanande.

Hazelight Studios

Josef Fares har pusla med mykje rart. Frå glimrande filmar som Jalla! Jalla! og Kopps, til det nyskapande spelet Brothers: A Tale of Two Sons som tok oss med storm i 2013, har han vore med på å gi tusenvis av menneske kulturelle opplevingar dei ikkje vil gløyme. Mi tid med det førre spelet hans er framleis friskt i minne.

Hans nyaste prosjekt er fengselsspelet A Way Out. Eit spel som du spele i samarbeid med andre, der alt skjer på ein splitta skjerm. Det er forsvinnande sjeldan at det blir laga samarbeidsspel til PC lengre på dette nivået, så kudos for det, Fares. Utføringa er på topp. Men lever det opp til dei tidlegare bragdene dine?

Fengselsflosklar så langt auget kan sjå

At nokon sit i fengsel i ei forteljing betyr naturlegvis at det er på tide å bryte ut. Spelets opningssekvens kan få ein til å tenkje på filmar som Shawshank Redemption, tv-seriar som Prison Break og spel som Uncharted 4: A Thief’s End. Her er det flust av klassiske fengselsflosklar. Ein svær idiot som er ute etter å stikke deg med kniv. Det klassiske plottet med å gøyme seg i ei vasketralle under nokre laken. Den endå meir klassiske floskelen om å finne ei meisel på sløyden for å hakke eit hol i celleveggen. Du får servert handlinga med nokre dosar humor her og der, og eg merkar at det å spele i splitta skjerm igjen er noko eg har sakna. I den eine ruta ser eg figuren min, og i den andre får eg med meg alt som kompisen min gjer. Fokuset blir saumlaust flytta mellom meg og han eg spelar med, og eg tenkjer fleire gongar over kor kløktig dette er utført.

Men den første svakheita til spelet blir klar i denne opningssekvensen. Alt er enkelt. Veldig enkelt. Eg såg aldri snurten av nokon form for utfordring, og det la ein solid dempar på engasjementet mitt.

Fangane er noko meir medvitne om at det er eit fengsel enn vaktane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me får velje mellom figurane Vincent og Leo, den første ein valdeleg drittsekk med eit hjarte av gull, den andre ein smart (og valdeleg) drittsekk med eit hjarte av gull, som mot alle odds finn ut at dei har eit felles mål, og må kome seg til pokker vekk frå fengselet som blir passa på av vaktar med den mentale kapasiteten til femåringar.

Den desidert største utfordringa er å kome seg gjennom eit fjell av quick time-hendingar og knappespam utan å geispe høgare enn partnaren din. Eg forstår ikkje heilt korleis dei har fått det å bryte seg ut av eit fengsel til å verke så keisamt.

Manglar fokus på viktige spelmekanismar

Spelet brukar ikkje lang tid på sjølve fengseslopphaldet, som tittelen gjerne hintar til. Fokuset ligg meir på ein vendetta som Leo og Vincent har mot ein viss tredjepart, og forholdet deira til dei dysfunksjonelle familiane sine. Å vere kriminell har som kjend visse utslag i familielivet, noko omtrent tusen andre filmar i denne sjangeren har utforska godt tidlegare.

Her ligg hovudproblemet mitt med A Way Out. Dette er i stor grad eit forteljingsdreve spel. Det manglar gjenspelingsverdi, og når ein først har to personar klare til å spele, er det viktig å leggje vekt på aktivitetar som dei kan gjere saman. Dei ser me alt for lite av, anna enn quick time-hendingar. Spelet brukar for mykje tid på å introdusere forholdet mellom far og familie, med enten Vincent eller Leo. Dette fungerer ikkje spesielt bra. Eg kjenner aldri at eg bryr meg nemneverdig om figurane, og det gjeld endå meir når det kjem til samhaldet deira med familien. Det er rett og slett ikkje interessant. Eg blir bombardert med flosklar som ikkje fungerer i eit medium der det er langt vanskelegare å vise kjensler i filmsekvensar (og dei er det sabla mange av) enn det er i ein film. Dei klossete animasjonane er ikkje til hjelp, heller.

Action, baby! Dette er ein av dei få mellomsekvensane som verkeleg pressar opp pulsen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Slutten av spelet er heldigvis gripande nok til at det er godt verdt ei gjennomspeling. Den siste halvtimen av spelet var overraskande spanande. Der merka eg at eg lente meg ein smule lengre fram i kontorstolen, og blei meir var på kva som skjedde på skjermen. Sjølv om dei første fem timane kan vere keisame og middelmåtige, viser Fares seg som ein god manusforfattar til slutt. Ting knytast saman med ei sløyfe på toppen, og eg er nøgd med at eg kjempa meg gjennom byrjinga.

Eg vil heller knuse kompisen min i rullestolbalansering enn å høyre deg klage om kona di, Vincent

Dei ulike minispela er det eg og kompisen min hadde mest moro med. Dei gav oss fridom frå dei lange, keisame filmsekvensane som er blotta for all form for interaktivitet. Det er nokre mellomseksjonar for å knyte filmsekvensane saman, men dei kjem enten i form av nokre uinspirerte pusleoppgåver, eller utforsking av lineære områder (som fungerer godt, så det er sagt).

Minispela lar deg ha ein god, gamaldags pissekonkurranse med samarbeidspartnaren din. Dette vil eg nok lenge hugse som tida eg slo bestekameraten min i digital handbak, etter fem minutt med knappespam. Kjem nok til å sørge for at han hugsar det òg, trur eg. Men eg veit ikkje om dette er positivt i seg sjølv. Minispela byr på underhaldning, men dei har absolutt ingenting med figurane eller forteljinga å gjere. Om eg klarar å balansere med ein rullestol lengre enn det Vincent gjer, har det ingen effekt på sambandet deira. Det er meir eit irritasjonsmoment for samarbeidspartnaren min.

Spelet gir oss nokre val om korleis me skal takle situasjonar i ny og ne – og då går det på å enten ta Leo eller Vincent si metode –, men desse tok først og fremst tid å finne ut av fordi eg er latterleg sta, og aldri vil at nokon andre enn meg skal få rett når eg speler eit dataspel. Hadde me berre gått for dei openbert gode løysingane hadde ikkje desse vala hatt noko verknad på forteljinga i det heile, fordi konfliktelementet manglar her. Det er ingen konsekvensar for å gjere feil.

Dei mange quick time-hendingane mellom figurane blir etter kvart dørgande keisame, men ser spektakulære ut.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Samstundes syns eg det er forfriskande å sjå at utviklaren maktar å ta nokre sjansar. Sjølv om eg trur filmmediet ville vore ein betre stad for denne forteljinga, må me ta til oss dei få samarbeidsspela me kan få med takksemd. Det at heile spelet må spelast i splitta skjerm er særs kult. Gratis for den eine spelaren, er det òg. Dei tekniske aspekta med samarbeidsdelen er ypparlege og byr på noko nytt, men eg saknar framleis eit større fokus på spelmekanismane som gjer A Way Out underhaldande. Til dømes skjer det berre to gongar i spelet at eg faktisk får bruke eit skytevåpen utan at spelet kontrollerer det for meg. Sjølv om våpenhandteringa kjenst jamn og god, får eg ingen kjensle av meistring når eg tar knekken på fiendane mine, igjen fordi det aldri er noko skikkeleg konsekvens for å mislukkast. Me døydde vel totalt tre gongar i løpet av den første gjennomspelinga, den eine på grunn av ein teknisk feil, dei to andre på grunn av nokre fiendar me ikkje såg.

Konklusjon

Etter å ha spelt gjennom A Way Out nesten to gongar i løpet av helga, sit eg igjen med inntrykket av at spelmediet ikkje er den rette plassen for dette manuset. Mangelen på noko å gjere, dei keisame filmsekvensane, og det at samarbeidselementet blei kasta vekk i store delar av spelet frustrerte meg. Eg trur det ville vore enklare å skape eit samband mellom spelar og figur på film slik det er no. Eventuelt måtte utviklaren ha gått vegen slik andre underhaldande filmsekvenstunge spel gjer, med lengre mellomsekvensar der spelaren får meir fridom og langt færre «quick time»-hendingar. Riktig nok trur eg dei som ikkje har sett like mykje fengselsfilm som meg vil kunne sette pris på forteljinga, men ikkje forvent all verda.

Sjølv om eg har lagt fokus på det negative her er A Way Out langt frå noko dårleg spel. Sjølve utføringa av den splitta skjermen har mange smarte påfunn, og det at me i det heile kan spele eit slikt spel saman med ein ven gjer meg glad. Eg vil ha meir av dette.

Les også: Magicka er eit langt meir underhaldande samarbeidsspel frå ein anna svensk utviklar »

6
/10
A Way Out
A Way Out er nyskapande som samarbeidsspel, men slit med å engasjere.

Siste fra forsiden