ANMELDELSE: Assassin's Creed 2
Anmeldelse

Assassin's Creed 2

Saftig knockout

Ubisoft gjer det til ein kunst å lære av sine feil.

Mykje kan seiast om Assassin's Creed, men det første som slår meg er eit potensiale som aldri blei utnytta. Kampane med sin fokus på å lese motstandarane før du går til motangrep, og dei tallause fluktene over hustak står som gode minner, men strukturen var ikkje god nok. Etter dei første timane hadde du eigentleg erfart alt spelet hadde å by på. Kvar du enn reiste kom du til ein ny storby som var så og seie identisk med den førre. For kvart vesle oppdrag måtte du samtidig gjennom ei gjentakende mølje av nær sagt identiske sekvensar med avlytting og tjuveri.

Det var mildt sagt eit spel som mangla variasjon, og det var berre takka vere eit svært solid kontrollsystem at spelet trass alt blei så pass gjennomført som det var.

Solid historie

I Assassin's Creed 2 møter vi Ezio, og gjennom historia hans vil du raskt legge merke til at det har blitt gjort store endringar i korleis heile spelet er bygd opp. I staden for ein anonym leigemordar vi aldri verkeleg ser andletet på, møter vi ein ung mann, som over eit tidsrom på fleire år utviklar seg til å bli ei livsfarleg drapsmaskin. Å ha ein hovudperson som verkeleg er ein del av handlinga, er i seg sjølv noko som gjer handlinga mykje meir interessant enn kva det første spelet kunne skilte med.

Historia står sterkt i Assassin's Creed 2, og den fører deg frå den eine staden til den andre. Du går ikkje lenger til ein base for å få oppdrag. I staden går du til forskjellige personar, og det eine oppdraget sender deg veldig dynamisk vidare til det neste. Historia leier oss på ein herleg måte gjennom det eine kreativt utforma oppdraget etter det andre, samtidig som vi blir godt kjende med Ezio.

Ein naturleg konsekvens av dette er at variasjonen er mangedobla i forhold til det første spelet i serien. I staden for å spionere på både den eine og den andre før du endeleg kan møte offeret ditt, blir spionasjen i seg sjølv eit oppdrag. Du følgjer ein fiende gjennom travle og livlege gater, og lyttar til det som blir sagt. Dette vil i sin tur sende deg vidare på nye oppdrag, og mellom kvar oppgåve får du historiesekvensar der Ezio legg planar saman med sine samansvorne.

Utover kva historia byr på, vil kvart område i spelet servere ei rekke forskjellige sideoppdrag. Desse er alt frå å ta livet av ein person, banke opp nokon, eller kanskje bringe noko frå ein stad til ein annan. Ingen av dei er nødvendige, men dei gir deg enda meir å bruke tida på. Samtidig får du godt betalt for dei òg, noko som kjem veldig med takka vere eit pengesystem vi kjem tilbake til på neste side.

Som eit ekstra krydder på variasjonskaka, får vi ta del i ein hektisk tur med hest og kjerre, samt ein dramatisk flygetur i i Leonardo Da Vinci sin hengglidar.

Store forbetringar

Det er svært tydeleg at det er brukt mykje tid på å finne ut korleis dei forskjellige enkeltelementa i Assassin's Creed kunne gjerast betre, og samtidig gjere dei forskjellige byane meir levande. Noko så enkelt som å følgje etter nokon blir til dømes mykje meir interessant gjennom fleire nye element som er med på å gi deg kjensla av å vere i byar fulle av folk, i staden for zombier.

Det sterkaste dømet på dette er korleis du no kan bruke folkemengdene til din fordel. I Assassin's Creed kunne du snike deg inn blant munkar for å liste deg usett forbi vakter, og inn i ein by. Baksida var at desse gikk i eit bestemt mønster, og før eller sidan måtte du forlate dei. I Assassin's Creed 2 treng du ingen munkar. Du kan i staden gli inn blant tilfeldig forbipasserande. Du kan usett liste deg mellom små klynger av folk, og om ingen skulle vere tilgjengelege, kan du betale nokon for å vandre rundt deg.

Fordelen med å hyre inn folk som til dømes nokre livlege prostituerte, er at dei følgjer etter deg kvar du enn går. Samtidig kan du sende dei for å distrahere vakter, noko som let deg forsvinne gjennom dører som ein usynleg skugge. Alternativt kan du hyre soldatar eller tjuvar for å lage bråk. Soldatane går til angrep, medan tjuvane ertar på seg soldatane slik at dei spring frå posten sin.

Alt dette gir deg ein kontroll over situasjonen som det var heilt umogleg å ha i Assassin's Creed. Du har svært gode verkty tilgjengeleg for å verkeleg planlegge korleis du vil gå fram, og dei kan brukast i omlag alle situasjonar, uavhengig av kva oppdraget går ut på.

Eksplosive kampar

Kampane har i tillegg fått seg ei oppgradering. I prinsippet er kampsystemet det same som før. Du kan velje om du vil slå frå deg alt du orkar, eller du kan bruke meir list ved å dukke unna angrep, og gå til motangrep. Det fungerer like godt som før, men det har blitt litt meir fokus på taktikk. Du kan til dømes dukke unna eit slag før du slår tilbake, og om du kjemper med berre nevane, kan du ta våpna til fiendane. Sistnemnde kan bli heilt nødvendig mot visse fiendar med større våpen.

Mest spanande er likevel arsenalet til helten vår. Ezio har tilgang på mange fleire våpen enn kva Altaïr hadde. Som standard for å ende dagane til fiendane har Ezio skjulte knivar, ein dolk og eit sverd. Utover dette finn vi eit nytt våpenhjul som inneheld fleire ekstra godsaker.

Mest interessant av desse er ei røykbombe som distraherer alle fiendar du har rundt deg. Om ein kamp blir for hard, kan du berre kaste ei av desse, og samtlege fiendar endar opp med å hoste og harke lenge nok til at du kan bruke dei skjulte knivane dine til å gjere rask prosess på dei. Med tanke på at du no har to skjulte knivar i staden for ein, blir dette ekstra moro.

Om ting likevel skulle bli i meste laget, og du vel å stikke av, finn vi verkty for den jobben òg. Har du ti soldatar i hælane som nektar å gi opp jakta, kan du i det minste gjere livet nokre hakk surare for dei. Ved å strø rundt deg med myntar, vil tilfeldig forbipasserande springe ut i gatene for å plukke dei opp. Dei skapar eit levande hinder for soldatane, og du har for ein billeg peng kjøpt deg litt ekstra tid for å finne ein plass å gøyme deg.

Å lande på trynet

Om du først blir jakta av ein gjeng godt utrusta soldatar, er det naturleg å klatre opp på toppen av eit hustak. Dette er den delen av spelet som viser minst utvikling. Det meste fungerer nøyaktig som før, med unntak av eit nytt høgdehopp, og i nokre situasjonar er det heile ganske frustrerande.

Dei forskjellige byane i spelet er alle av solid storleik, og varierande arkitektur. Den varierte arkitekturen medfører nokre forskjellar som ikkje alltid er heilt heldige. Som regel er arkitekturen tilpassa spelestilen, men i nokre byar er hustaka svært smale, fulle av piper, og med plankar som ligg i kryss og tvers mellom veggane. Det kan bli ei solid utfordring. Når du først spring alt du er i stand til, har spelet ein lei tendens til å alltid leggje ei hindring i vegen din. Ezio er absolutt i stand til å kome seg over desse kjapt, problemet er at når han først gjer akkurat det, er det med eit hopp som ikkje alltid går i ein logisk retning.

Sjølv om du spring rett framover, kan Ezio brått hoppe i ein svak vinkel mot venstre eller høgre, kome for nær kanten på taket, miste balansen litt, og øydeleggje det gode tempoet du har bygd opp. Eit anna problem kan vere dei forskjellige høystakkane Ezio kan gøyme seg i. Om du er i ein by med svært høge bygningar, kan desse vere vanskelege å sjå om du spring over taka. Resultatet av dette kan lett bli at der du har planar om å hoppe mellom to hus, endar Ezio opp med å ta eit svalestup ned i høyet.

Slike ting kan vere forferdeleg frustrerande, for dei har det med å skje på heilt feil tid. Det er heldigvis ikkje noko som skjer for ofte, og det skjer helst i mindre byar og område, noko som gjer det til eit heller lite irritasjonsmoment.

Økonomen Ezio

Assassin's Creed 2 introduserer eit nytt økonomisystem som bringer verda til live. Tidleg i spelet kjem du til ein liten by der onkelen din har ein villa. Problemet er at heile staden eigentleg er eit høl, noko som kjapt gjer det til di oppgåve å betre situasjonen.

Akkurat denne biten er veldig enkel, men genialt utført. Alt du finn og samlar opp i spelet blir notert ned i ei bok. Finn du ei fjær til systera di, ei skattekiste med pengar, eller eit nytt våpen, er alt med på å auke verdien på byen. Etter kvart som verdien aukar, vil ei kiste i villaen fylle seg opp med pengar. Når som helst kan du reise tilbake til villaen for å fylle opp lommeboka med det du har tent.

Dette blir viktig av mange grunnar. Du er ikkje låst til eitt av kvart våpen, eller berre ein rustning. I løpet av spelet får du heile tida tilgang på nytt og betre utstyr, og dette kostar pengar. Kvar by har forskjellige forretningar du kan handle forskjellige varer i, men det kloke er å utføre det meste av handel i heimbyen din. Det er ikkje berre ting du samlar inn som aukar verdien på byen. Brorparten av verdien kjem frå restaurering av forskjellige forretningar, og bedrifter som til dømes eit bordell og ei kyrkje.

Forretningane har tre nivå du kan betale for, og brukar du pengar her, får du ikkje berre meir pengar i di eiga kasse, men samtidig rabattar i den lokale sjappa. Det er enkelt og greitt ein vinn-vinn-situasjon som gjer det lett å bli ein kleptoman på jakt etter alle tenkjelege skattar. Samtidig fyller det ut spelet, og du knyttar band ikkje berre til Ezio, men det som skjer rundt han òg.

Nydelege Italia

Noko av det første du vil merke når du fyrer i gong spelet, er at det har skjedd noko drastisk med presentasjonen. Grafikkmotoren har fått seg ein finpuss, men det er ikkje den tekniske sida ein verkeleg legg merke til. Assassin's Creed var ufatteleg monotont og einsformig. Kvart einaste område var nedtona og bada i lysebrunt og grått. Fargepaletten bidrog i stor grad til å forsterke at spelet enkelt og greitt mangla variasjon.

Dette har endra seg stort. Alt har framleis eit svakt, grått slør over seg, men no er dette berre litt av det som set deg i riktig Assassin's Creed-stemning. Dei forskjellige områda er alle unike både i arkitektur og fargeval, og spesielt Venezia står fram som eit makelaust skaparverk. Eg har mang ein gong sprunge over hustaka ein sein kveld, berre for å brått stoppe opp og sjå meg rundt. Det er vakkert å stå høgt over bakkenivå, og sjå ut mot månen som speglar seg i havet og badar heile byen i eit nesten romantisk blått skjer.

Du spring gjennom byen nesten fortapt i di eiga verd. Nydeleg musikk varierer etter område og situasjon, og er med på å verkeleg byggje opp ei stemning du praktisk talt kan ta på. Utover den gode variasjonen, og alle dei herlege enkeltelementa som byggjer opp Assassin's Creed 2, er presentasjonen ein veldig viktig del av heilskapen som gjer det veldig vanskeleg å leggje frå seg spelet.

Den gjennomførte presentasjonen speglar heldigvis over på filmsekvensane òg. Skodespelet er upåklageleg, og er levert med ein herleg italiensk aksent som verkeleg er med på å sende deg til Italia. Vi finn ikkje den sære blandinga av forskjellige aksentar som braut heile illusjonen i det første spelet. Samtidig er animasjonane veldig gode og uttrykksfulle, noko som i stor grad er med på å få fram kven dei forskjellige personane er. Alt er gjennomført til fingerspissane, og det tener spelet enormt mykje på.

Konklusjon

Assassin's Creed 2 er alt det Assassin's Creed ikkje var. Alt som hindra forgjengaren i å bli det storspelet det var tenkt å vere, har blitt retta opp, og forbetra. Nye element har blitt putta inn, og resultatet er ikkje berre eit betre spel, det er ei eiga verd å gå seg tapt i. Du vil ta del i mange herlege oppdrag som alltid byr på noko nytt, og den spanande historia vil heile tida drive deg vidare. Det tek litt tid før spelet verkeleg kjem i gong, men etter kvart blir Assassin's Creed 2 eit spel det er forferdeleg vanskeleg å leggje frå seg.

Det er eit og anna støvfnugg å spore, men dei er få, og det er langt mellom dei. Dette er likevel eit knøttlite irritasjonsmoment i eit herleg spel som verkeleg fortener å vere ein del av suksessen Ubisoft starta med historia om Altaïr for to år sidan.

Assassin's Creed 2 kjem i sal torsdag 19. november, for Xbox 360 og PlayStation 3. PC-utgåva ventes i løpet av første kvartal 2010.

Kommentarer (60)

Forsiden akkurat nå

Til toppen