Anmeldelse

Dynasty Warriors Gundam 2

Robotmassakren

Det ultimate spelet for deg som elskar endelause bølgjer med kanonføde.

Dynasty Warriors er ein serie du sannsynlegvis enten elskar eller hatar. Det er ikkje mykje rom for å ende ein stad midt i mellom. Serien haustar stor popularitet i Japan, men i vesten blir den gjerne sett på som ein nisjeserie for folk som av ein eller anna grunn finn underhaldning i monoton masseslakt. Om du høyrer til sistnemnde gruppering, vil du ikkje finne noko som kan skifte meininga di i Dynasty Warriors Gundam 2, men om du er som meg, og har eit svakt punkt for actionspel der du står aleine mot hundrevis av fiendar, er Gundam 2 eit av dei beste spela i sin sjanger.

Dynasty Warriors Gundam 2 er ei samansetning av to univers. Spelet hentar sjanger og mekanikkar frå Dynasty Warriors-serien, som utspelar seg i ei litt fri gjenforteljing av historier frå det gamle Kina. I Gundam 2 finn du derimot ingen noble krigarar og blankpolerte sverd. Her kastar du deg inn i enorme Gundam-robotar, for å kjempe mot andre enorme Gundam-robotar, med lasersverd sjølvsagt.

Det som møter oss er i typisk japansk stil. Skal du få til noko i verda – i følgje japansk design – bør du vere tenåring, og helst bør ikkje håret ditt ha ein naturleg farge. Sjølve mannsbegrepet blir ganske omdefinert, noko den blåhåra karen Kamille er eit godt døme på. Det første han lirer frå seg er: «Kamille er eit mannenamn, og eg er ein mann!» Som du ser, om du ikkje berre mislikar sjangeren Dynasty Warriors, men i tillegg har eit problem med japansk design og livsfilosofi, kjem du ikkje til å finne mykje interessant her.

Enormt med innhald

Dynasty Warriors Gundam 2 er eit enormt spel, og er ein hakk-og-slå-entusiasts fuktige draum. Spelet består av to grunnleggjande modusar. Du har den offisielle modusen, og ein oppdragsmodus. Den første let deg spele som fire forskjellige pilotar, gjennom oppdrag basert på anime-serien. Kvar historie er eigentleg ganske kort, og dette er noko du bør kunne bli temmeleg raskt ferdig med.

Det er i oppdragsmodusen at det deilige fruktkjøtet ligg. Denne modusen er ikkje basert på nokon kjende historier, men den er så stappa full av godar, at du lett kan halde det gåande i veker, om ikkje månader, om alt du gjer er å spele dette spelet.

I oppdragsmodusen har du ti forskjellige pilotar å velje mellom, som alle har sine små nyansar i korleis dei er å spele med. I tillegg til det, har du tilgang på heile 62 forskjellige Gundam-robotar. Om du vil ha fullt utbytte av spelet, har du mykje arbeid framfor deg. Kvar pilot startar med ein enkelt robot, men etter kvart som du spelar, samlar du saman delar som let deg byggje opp dei andre robotane i sortimentet. Du kan i tillegg ta lisensoppdrag som let deg låse opp lisensen for andre robotar.

Det er ikkje alle robotane som er like effektive, men dei har nok av små forskjellar til at du skal gjere ein god del med eksperimentering før du finn din favoritt. Dei er alle forskjellige både i korleis dei handterar, kor kraftige dei er, og kva spesialangrep dei har.

Om dette ikkje skulle vere nok, kan du i tillegg spele mot eller saman med vener. Dette er definitivt ikkje spelets sterkaste side, men det er absolutt moro å konkurrere mot ein ven i å skyte ned flest fiendar. Det er likevel i einspelaren den store moroa ligg.

Massive slag

Når du har valt deg ein robot er det tid for å kaste seg ut i kampane. Du har enormt mange oppdrag å velje frå, sjølv om alle held seg til den same regelboka. På kartet vil du finne fleire raude soner, og desse må du ta over ved å knuse majoriteten av fiendane som er i den. Når det er gjort vil du kunne ta over sona, slik at allierte robotar kjem inn som forsvar. No og då må du i tillegg kjempe mot andre pilotar som gjer det dei kan for å gjere livet surt for deg.

Spelet er i utgangspunktet veldig enkelt. Du handterar Gundam-maskineriet ved hjelp av enkle kontrollar, der du har eit nærkampsangrep, og eit skytevåpen. Desse to angrepa kan du kombinere i den rekkjefølgja du vil, og dette kan låse opp ganske mange forskjellige spesialangrep. Variasjonen i desse er veldig god, og ved å fyre av riktig angrep til riktig tid, kan du kome deg ut av mange utfordrande situasjonar. Om vi slenger inn ein boost-funksjon som let roboten din suse framover ei stund, samt ein hoppeknapp, har du eigentleg det du treng for å handtere dei hundrevis av fiendar du kjem til å møte på slagmarka.

Dette er eit spel som verkeleg kan ta i bruk ordet «massivt». Gjennom eit heilt normalt slag, vil du lett kunne smadre over 500 fiendar, og i mange situasjonar, enda meir. Skjermen er ofte så full av fiendar at du ikkje kan sjå noko anna, og det er i slike situasjonar du bør fyre av SP-angrepet for størst mogleg effekt.

SP-angrepet er eit spesialangrep du først kan fyre av når du har bygd opp SP-metret, noko som skjer automatisk om du deler ut, eller får skade. Desse angrepa varierer mellom dei forskjellige robotane, men fellesnemnaren er enorme angrep som kan ta ut store mengder med fiendar samtidig.

Bygg ein ven

Under eit oppdrag vil du samle saman mange Gundam-delar. Dette er noko som skjer automatisk, så du treng ikkje tenkje på det sjølv. Etter eit oppdrag får du sjå kva du har fått tak i, og du kan velje om du vil ta i bruk delen, eller kaste den. Alt du samlar inn, vil bli brukt til å byggje opp nye robotar. Dette óg skjer automatisk, og det einaste du verkeleg merkar er når ein ny robot blir tilgjengeleg.

Du kan likevel gjere meir med delane. Mange gongar vil du få delar du allereie har. Til dømes får du kanskje ein ny fot til ein robot, og om den er betre enn den gamle foten, kan du berre skifte den ut. I tillegg kan du i Mobile Suit Lab oppgradere delar, og leggje til forbetringar som å fylle SP-metret raskare, eller gjere angrepa sterkare.

Noko av det som gjer Dynasty Warriors Gundam 2 så tilfredsstillande å spele, er korleis du verkeleg merkar desse endringane. Du blir heile tida kraftigare, du toler meir, du blir raskare, og du kan bruke boost over lengre periodar. I tillegg vil SP-metret auke frå berre ei rad, til tre, noko som gjev deg mykje meir slagkraft seinare i spelet, enn du hadde i starten. Gjennom å la deg oppgradere maskineriet på ein så flytande måte, endar du opp med å få enda meir motivasjon til å berre ta eitt oppdrag til. Dette er noko som lett kan resultere i at der du berre skulle spele ein liten halvtime, endar du opp med å spele i fem timar.

Det betyr likevel ikkje at Gundam 2 er eit spel du bruke mange timar på. Eit oppdrag kan vere over etter 15-20 minutt, og såleis er det eit svært venleg spel som ikkje tvingar deg til å bruke meir tid enn du har. Det eine vesle problemet kjem i form av litt tungvindt lagring. Om du først er ute i eit stort og tidkrevjande slag, gjerne eitt der du må møte ein massiv gigant-Gundam på slutten, hadde det vore fint med eit litt betre lagringssystem. Du kan lagre spelet når du vil, men om du skulle døy, må du først gjennom ei rekke skjermar, inkludert Gamer Over-skjermen, før du kjem tilbake til karakteren din sin hovudmeny. Dette er likevel ikkje nok, og du må trykkje deg heilt tilbake til startmenyen for å kunne lagre eit tidlegare spel.

Stilrein minimalisme

Dynasty Warriors Gundam 2 er ikkje akkurat eit vakkert spel, men det får fram robotane på ein overbevisande måte. Dei er detaljerte i så stor grad som vi kan forvente det frå maskiner henta ut frå ein anime-serie. Det som trekk litt ned er dei temmeleg sterile områda du kjempar slaga dine i. Du får sjeldan verkeleg kjensla av at du er i ein enorm robot. Sjølv om du spring mellom skyskraparar, ser det meir ut som om dei er store leikeklossar, enn at du er eit massivt mekanisk beist.

Mykje av dette skyldast litt svak teksturering, sidan den ikkje gjer noko for å få fram detaljar, men lyden spelar òg ei rolle. Lyden seier ikkje på nokon måte at dette er enorme maskiner. Det er rett og slett ikkje nok tyngde og futt i lyden til å overbevise om det.

Hakket meir overbevisande er musikken, og dialogen du blir fora gjennom oppdraga. Du kan byggje opp positive eller negative forhold til dei andre pilotane, og kva dei seier på slagmarka vil vere ein konsekvens av dette. Det dei seier har ikkje mykje djup meining, men det gir deg kjensla av å vere i ein krig der det du gjer faktisk har direkte innverknad på utfallet.

Musikken på si side er ei blanding mellom klassisk musikk og J-pop du berre kan finne i ein hyperaktiv anime. Det heile fungerer eigentleg veldig bra, og dei forskjellige låtane fungerer godt til situasjonane dei blir spelt i. Mange menyar har eigne tema som set stemninga godt, og du har i tillegg eit solid utval av låtar å høyre på medan du er i kamp. Kanskje ikkje årets beste lydspor, men definitivt ikkje noko det skadar å høyre på.

Konklusjon

Dynasty Warriors: Gundam 2 er for deg som verkeleg likar å kverke eit dusin fiendar med eitt slag. Det er eit slikt spel som ikkje byr på stor utfordring i kvar enkelt fiende, men som vel å setje tinga i eit litt større perspektiv. I staden for å vere i kamp mot ein og ein fiende, er du i kamp om områder, og dette gir spelet eit herleg strategisk element.

Gundam 2 er eit spel som tek det beste frå alle dei tidlegare spela i Dynasty Warriors-serien, og blandar det saman til eit fabelaktig spel som byr på så mange timar med knakande god underhaldning at det skal godt gjerast å finne noko liknande. Når det er sagt, denne serien er som regel for spesielt interesserte, så om du ikkje har likt den tidlegare, vil du ikkje skifte meining no. For oss andre, er det eit fantastisk avbrekk frå det eine brungrå skytespelet etter det andre.

Dynasty Warriors: Gundam 2 er i salg for PlayStation 3 og Xbox 360 (testet).

Diskuter artikkelen i forumet

Siste fra forsiden