25
Anmeldelse

Vaesen Starter Set og Regelbok

Nordisk grøss av beste sort

Vaesen sender deg ut på nifse eventyr i 1800-talets Skandinavia.

Øystein Furevik/Gamer.no

Svenske Fria Ligan er storprodusent av kvalitetsrollespel, og i haust er dei ute med ei revidert utgåve av Sitt Vaesen-rollespel, samt ei startpakke for dei som kanskje er nyfikne på rollespel, men ikkje heilt veit korleis ein skal kome i gong.

Vaesen er eit rollespell sett til det mytiske nord, eller ein lett fiktiv versjon av Skandinavia der vi får leike oss som okkulte etterforskarar med «Synet», ei evne til å sjå det andre ikkje kan. Vi snakkar magiske og mytiske vesen, skrømt, tussar og troll. Eit spel med to føter godt planta i nordisk overtru, med andre ord.

Det som gjer Vasesen spesielt interessant for oss er naturlegvis den nære og kjende settinga. Dette er eit spel inspirert av får eiga kulturhistorie, og når du skal ta med nokre vener på eventyr, kan det godt vere at det er ein gardsnisse, nøkken eller draugen som er ugangskråka.

Vaesen-startpakka byr på alt ein treng for å kome i gong.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kortreist grøss

Det finnest mange gode alternativ for alle som vil leike seg med grøssarrollespel, og ingen er vel betre kjende enn Call of Chtulhu, basert på H.P. Lovercrafts herleg skumle univers. Vasen fortener derimot sin plass på den lista. Det er eit unikt spel, med sin eigen identitet, og det er eit veldig lettfatteleg og regellett rollespel.

Vaesen baserer seg på Fria Ligans eigen Mutant Year Zero-system. Dette er same system til dømes Alien-rollespelet er basert på, og er i grove trekk svært enkelt. Som i alle rollespel har du atttributtar og eigenskapar, og du har tal som viser kor god du er i desse. I Vaesen legg du saman tala og det fortel kor mange terningar du skal trille. Trillar du ein seksar har du ein suksess, og med det har du klart det du prøvde på.

Har du talet fire på styrke, og talet tre nærkamp, trillar du sju terningar, og har såleis sju sjansar for å klare det du prøvar på.

Det er såre enkelt, og det gjer spelet veldig lett å kome i gong med.

Vi har fått tilsendt både den nye regelboka, samt det nye startsettet. Det første først, om du allereie skulle ha Vaesen-boka frå før, er det ingen grunn til å oppgradere. Den nye boka er så like originalen at innhaldsregisteret er identisk. Nokre av sidene er gjort litt om på, redigert, og spesielt kapitlet om kamp er bygd opp hakket meir forståeleg.

Fleire endringar finnest, men eg måtte sitje med gammal og ny bok side om side for å finne dei.

Rett på di første sak

Vaesen først blei lansert i 2020 var det utan ei startpakke. For dei som ikkje kjenner sjangeren, er ei startpakke ein boks som byr på alt du treng for å kome i gong med eit gitt rollespel.

Dei nye terningane (til høgre) er ikkje like fine som dei gamle.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vaesen startpakka byr på to tynne hefter med reglar og eit eventyr. Vi får fem ferdiglaga rollefigurar, fem referanseark med ting det kan vere greitt å hugse på, samt nokre ark som skal delast ut i løpet av eventyret. Vidare får vi ti terningar, og to kart. Det eine kartet er over det mytiske nord, og det andre har byen Upsala på ei side, og slottet Gyllencreutz på den andre – hovudattraksjonen for eventyret. Terningane er same design som dei tidlegare terningane, men er heilt kvite i staden for den litt beinaktige fargen tidlegare sett har hatt.

Regelheftet gir deg strengt tatt alt du treng for å kunne spele Vaesen, er du kreativ kan du heilt sikkert klare å bygge vidare med det aleine, men for å finne ut korleis du skal lage eigne rollefigurar, og ta det heile nokre steg vidare, må du investere i regelboka.

Eventyret i startpakka er eit kjapt lite eventyr som mi gruppe fullførte på ein kveld. Det startar på eit vertshus (naturlegvis), og tek oss med til eit slott der mystiske ting skjer. I løpet av eventyret fekk alle spelarane prøve seg på både problemløysing og rollespeling, og det var umidddelbar moro. Med eit falleferdig slott fullt av rom å utforske, var det godt tilrettelagt for kreativ leik.

Det er derimot når det heile er over at Vaesen-rollespelet byrjar for fullt. Startpakka fungerer som ein introduksjon til rollespelet, og ein slags prolog til det som ventar i den fulle regelboka. I løpet av startpakkeeventyret ryddar spelarane opp i det som skjer i slottet, og når eventyret er over, blir slottet deira.

Vegen vidare

Regelboka til Vaesen.
Øystein Furevik/Gamer.no

Med slottet som base vil spelarane vere klare for nye eventyr, og her er det rikeleg å velje i. Du kan lage eigne eventyr og utvide slottet med nye fasilitetar og arbeidsfolk, eller ein kan kjøpe ein av fleire modular som allereie er ute. Her har Fria Ligan laga eventyr både basert i Skandinavia, men og i Storbritannia og lengre aust i Europa.

Det eg likar best med akkurat Vaesen er kor nært det er vår eigen kultur og vår historie. Bak i regelboka finn vi eit lite bibliotek over ulike vesen, og medfølgjande i startpakka er ei lita bok med skildringar av fleire, samt korleis ein skal bli kvitt dei. Dette er ein glimrande ressurs for spelarar som får gjere litt eiga etterforsking ved å lese seg opp og sjølv finne ut kva vesen som er på ferde basert på informasjonen dei har fått på åstaden, samt det dei lærer frå boka.

Vidare er Vaesen eit rollespel inspirert av illustratør Johan Egerkrans si bok om nordiske vesen; Vaesen. Den er oversett til norsk, og kan brukast som ein ekstra ressurs for dei som vil gå enda litt djupare inni materien.

Dette er eit spel med eit utgangspunkt som har inspirert meg til å studere eiga lokalihistoria, gamle sakn og liknande for å utvikle eventyr lokalisert til min eigen heimstad.

Vaesen-regelboka byr på alt du treng for å kome i gong. Her får du både informasjon om livet i det mytiske Skandinavia, og du får tips til å bygge mysterium, og kva som bør vere med. Om du er usikker på å lage eigne eventyr, er det eit lite eventyr inkludert bakerst i regelboka, eller du kan spele gjennom eventyret i startpakka.

Regelboka har god layout krydra med små illustrasjonar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Den største utfordringa for mange når det gjeld å kome i gong med rollespel er tid, og dette er noko Fria Ligan ser ut til å ha tatt på alvor. Dei har no laga ei rekke rollespel med enkle reglar som gjer det lett å kome i gong. Dei nye startsetta, no for Vaesen, og tidlegare i år til The One Ring byr også på kortfatta reglar og eventyr til ein overkomeleg pris.

Vaesen er blandt dei enklaste rollespela du kan lære deg. Alt du eigentleg treng vite er at om du trill seks på ein sekssida terning har du fått til det du prøvde på, og utover det er det berre å la fantasien ta kontroll.

Som spelar er det difor svært lett å kome i gong, men det er òg lett å kome i gong som spelleiar. Reglane er enkle, oversiktlege og lettlesne. Spesielt regelboka er òg nydeleg illustrert, og kjem på grovt, matt papir som gjer opplevinga ekstra fin.

Det Vaesen ikkje byr på, er svært omfattande og djupe rollespelmekanikkar lik dei vi finn i spel som Dungeons & Dragons. Om ditt mål er å mekke ein mekanisk utspekulert figur, er ikkje dette spelet for deg.

Vaesen er derimot eit rollespel som får kreativiteten til å ta av, og Vaesen-startpakka er eit kjapt spel som tar kort tid å førebu, og kan gjerast unna på ein kveld. Om du er nyfiken på noko nytt, eller på rollespel generelt, og samtidig har eit ømt punkt for gamle folkeeventyr, er Vaesen det perfekte rollespelet for deg.

Vaesen er tilgjengeleg no.

Vaesen Nordic Horror Roleplaying

Siste fra forsiden