Square Enix har lenge forsømt Front Mission. Denne herleg dystre robotmaskinserien starta med det turbaserte taktikkspelet Front Mission på Super Nintendo i 1995, og for mange toppa serien seg med PlayStation-spelet Front Mission 3. Det er gamle spel dette her, og sjølv om mange rangerer spesielt Front Mission 3 som det beste i serien, og kanskje eit av dei beste taktikkspela på marknaden, har ikkje Square Enix gjort mykje for å ivareta arva etter desse spela.
I staden for å gje folk det dei vil ha, har vi fått alt frå det nokon lunde underhaldande actionspelet Front Mission Evolved, til det utmattande vanskelege Left Alive sett til same univers. Begge interessante spel, men på ingen måte det fansen i alle år har trygla på sine etter kvart særs såre kne for å få.
Dei siste åra har serien likevel fått ein ny vår, med nyversjonar av dei første spela i serien. Dei to første spela i serien er allereie ute, og i år er det seriens høgdepunkt – Front Mission 3 – som står for tur.

Ta no i litt då
Dette er ein billeg produksjon. At spelet utelukkande blir lansert på Switch er i seg sjølv ein god indikasjon på dette, men det er gjerne grunn til litt uro når Square Enix vel å hyre inn eit relativt ukjent polsk selskap for å gjere ein jobb dei godt kunne ha gjort sjølve.
Forever Entertainment har likevel etter kvart god erfaring i å lage nyversjonar av japanske klassikarar, og burde vite kva dei held på med, og i starten er det lett å få inntrykk av at dette er ein hakket kvassare produksjon enn kva dei har levert med Front Mission 1 og 2. Nye filmsekvensar skapar god stemning, og presenterer denne verda på ein måte som går hand i hand med kva Square Enix sjølve sist leverte i Left Alive.
Dette er mørk, dystopisk framtid der krig blir kriga frå cockpiten på massive vandrande maskiner kalt wanzer. Det er mørkt og brutalt, men blande med 90-talets optimisme, røffe kantar, og rein forakt for notidas politisk korrekte sjargong.
Front Mission 3 Remake praktisk talt skrik og tryglar om å få sleppe til på kraftigare maskinvare. Hadde du viste meg eit bilete av dette og sagt det var lansert på Xbox 360 eller PlayStation 3 hadde eg trudd på deg. Teksturane er utvaska og utydelege, kantane skarpe og flimrande, og områda ein vandrar rundt i er så enkle som ein får dei.
I staden for å skape ein illusjon av krig mellom massive maskiner som skapar kaos og uro i store byar, underjordiske hangarar eller aude fjellområde, framstår det heile meir som nokre små leikefigurar som krigar mellom pappkartongar.
Det er ingen kjensle av rom her, og dette er vel det aller mest kriminelle tapet i overgangen frå PlayStation til Switch. Originalversjonen hadde uforskamma gode animasjonar. På den tida skulle det nesten ikkje vere mogleg. Alt frå ein wanzer som skaut mot ein fiende, til ein wanzer som gjekk i bakken etter eit brutalt angrep var nydeleg animert på ein måte som verkeleg illustrerte kor massive og tunge desse maskinene skal vere. Dei datt ikkje i bakken, dei kollapsa, og seig mot bakken med eit massivt, saktegåande drønn.

Denne effekta er borte. Eg kjøper ikkje at dette er enorme maskiner der menneska sit som pilotar i ein liten cockpit på toppen. Mykje kunne ha vore gjort med god lyd, men her òg kjem denne nyversjonen til kort. Lyden av ein wanzer som marsjerar over asfalt burde skape ærefrykt og respekt for noko digert, tung og farleg, men det minnar mest om ei hand som slår på ei pute før ein køyrer lyden gjennom ein vrengpedal. Det blir for enkelt.
Dei gamle er eldst
Det er ikkje lett å felle dom over eit slik spel. Eg er glad for å kunne spele denne perla på ei moderne plattform, men eg synest spelet fortener betre.
Front Mission 3 er eigentleg eit knakandes godt spel. Er du glad i turbasert taktikk på rutenett er dette eit spel du bør få med deg. Det startar enkelt, men etter kvart blir det stadig meir innvikla. Ikkje berre får du fleire rollefigurar å velje mellom, men du får skru på maskineria som det passar deg. Du vel kva våpen dei har, kor raske dei er, kor mykje dei toler, og du får etter kvart ta kontroll over kvar minste detalj. Vil du bygge maskinene sjølv er det fritt fram for det, og du kan lage spesialiserte maskiner.
Ein wanzer får kanskje rolla som eit rakettkastande monster som bør halde seg i skuggane, medan ein annan kastar seg med hovudet først inn i kampane som ein agressive kulesvamp. Ulike kombinasjonar av begge tilnærmingar er sjølvsagt mogleg. Pilotane kan i tillegg oppgraderast med unike eigenskapar som gjer dei betre til å sikte, gir dei meir erfaring, eller lar dei utføre fleire angrep, for å nemne noko.
Det er mykje rom for eksperimentering, og spelet er langt nok til at du verkeleg får tid til å leike deg. Banene er gode rutenett, ofte med fleire måtar å gå fram på, og når vi skreller bort den skuffande presentasjonen møter vi eit engasjerande spel.
Vi får òg servert ei veldig god historie. Den startar enkelt, med to unge wanzerpilotar som rotar seg bort i meir enn dei var førebudde på, men utviklar seg kjapt til å bli noko langt større og meir innvikla. Den er godt fortalt, med korte historiesekvensar med tydelege figurar som ikkje alltid er likandes, men som veks og utviklar seg. For den som vil kan ein fordjupe seg meir i den ved å utforske spelets fiktive Internett, ein liten tidsportal tilbake til kva folk meinte var tøft på 90-talet.

Konklusjon
Front Mission 3 Remake er to spel i eitt. På den eine sida har vi eit knallsolid taktikkspel med ei veldig god historie som dreg deg inn i ei mørk verd full av massive kampmaskiner, men på den andre sida blir den presentert på ein måte som ikkje viser kjeldematerialet rettferd.
Om det er kjensla av å tre inn i ei verd full av enorme kamprobotar du vil oppnå, får du den mykje lettare av å spele PlayStation-originalen. Denne remaken framstår som eit produkt av eit stramt budsjett. Eg har ingen tvil om at utviklarane har gjort så godt dei kan, men om du skal spele dette spelet, og har sjansen, spel originalen.
Front Mission 3 Remake klarar ikkje mane fram den same verda som originalen, og det er skikkeleg synd, for dette spelet er innerst inne eit veldig godt spel. Det har ei engasjerande historie og mange gode mekanismar for å skape ei suveren taktikkoppleving.
Front Mission 3 Remake er verdt å spele om du aldri fekk spelt originalen, men har du sjansen, bør du heller spele den.
Front Mission 3 Remake lanserast på Nintendo Switch 26. juni.