Anmeldelse

Uncharted 2: Among Thieves

Nær, men ingen sigar

Har du først nådd toppen, er det som regel berre ein veg å gå.

1: Side 1
2: Side 2

Uncharted 2: Among Thieves står i høg kurs blant mange, allereie før det er ute i butikkane. Det er ikkje utan grunn heller. Det første spelet i serien var eit herleg og friskt innspel i eventyrsjangeren, der spenstig akrobatikk og action blei blanda med undring og spaning i god Indiana Jones-stil. Mange hevda at dette spelet var alt Tomb Raider burde ha vore, og på sett og vis hadde dei rett. Den fabelaktige og saumlause utforskinga både vertikalt og horisontalt var noko av det som verkeleg sjarmerte meg i senk. Dette var – ved sidan av historia – den delen av spelet eg likte best.

Trailer for spillet.

Difor er eg skuffa over Uncharted 2: Among Thieves. For i Nathan Drake sitt nye eventyr er det ikkje lenger barmfagre Lara Croft som er den største konkurrenten, det er bicepsfagre Marcus Fenix, og i den kampen er eg redd Nathan Drake ikkje har så mykje å stille opp med.

To steg fram, eitt tilbake

Før eg går meir i detalj på kvifor eg ikkje er heilt begeistra for den interaktive retninga Uncharted 2 har tatt, vil eg gå laus på historia. Den er fortalt på den same imponerande og makelause måten som det første spelet, og Naughty Dog demonstrerer med glans at dei er meistrar i faget. Likevel er eg ikkje overbevist. Uncharted 2 er den erketypiske oppfølgjar. Alt er større, penare, flottare og meir avansert, men er det betre?

Eg vil seie nei. Store delar av spelet er via nye personar vi ikkje har møtt før, og sjølv om dialogen er god, samt at skodespelet og den totale visuelle pakka er bortimot perfekt, er det noko som manglar. Det som verkeleg drog Uncharted: Drake's Fortune i land på denne fronten, var det flotte samspelet mellom Nathan og Elena. Dei var det perfekte par, og utfylte kvarandre på ein nydeleg måte som sprøyta så mykje liv inn i spelet at du berre måtte forelske deg i begge to. Motvillig eller ikkje, måtte du nølande innrømme at du kanskje var i ferd med å bli biseksuell.

Antiklimaks

Vel, den første halvdelen av Uncharted 2 unngår dette med glans. Dei nye personane er gode, skodespelet og alt det der er på plass, men dei gir meg ingenting. Det er som å sjå ein perfekt regissert film som berre manglar gnisten. Det vesle ekstra manglar, og sakte, men sikkert byrjar det å demre kvifor: Du blir eigentleg aldri kjend med desse nye personane, dei berre er der, gjer sine ting, men kvifor? Kva er motivasjonen her? I grove trekk kan du sikkert finne den, men trur du verkeleg på noko av det?

Det kan sjå ut som om Naughty Dog har gått i ei litt paradoksal felle. Dei har blitt så flinke på å fortelje historier gjennom den fantastiske teknologien sin, at du som tilskodar lettare legg merke til det som kanskje ikkje er der. Hadde filmsekvensane i dette spelet vore laga i dårlegare grafikk for nokre år sidan, hadde vi alle vore imponerte. Hadde det vore frå ein film i dag, hadde svært få vore imponerte. Sjølv om utviklarane galant styrer unna Uncanny Valley, hamnar dei i ei gråsone som ikkje er heilt heldig.

Ros skal likevel Naughty Dog ha. Av og til er spelet så pent at ein neste gløymer å følgje med på ting. På eit punkt innsåg eg at eg ikkje fekk med meg noko ein fyr sa fordi eg var for opptatt med å studere rynkene og trekka i andletet hans. Det er så pent. Du tenkjer ikkje nødvendigvis over det heile tida, fordi alt er så gjennomført at auga ven seg til det veldig kjapt, men nokre gongar vil du verkeleg bite deg fast i det. Tidvis er Uncharted 2 like pent som ein film laga av Pixar, og eg overdriv ikkje.

Nokre gongar tek likevel Naughty Dog det litt for langt, og dette spelar direkte inn på ein av dei nye personane; Chloe. Ho er ei ny berte med lekker rumpe og kolsvart hår, men ho er vanskeleg å sjå på. Utviklarane har tydelegvis teke romantiske sjekkereplikkar som «foreldra dine er tjuvar, dei har stelt stjernene frå himmelen og laga auga dine av dei» litt for langt. Chloe har bokstavleg talt nokre tusen stjerner i auga. Ho blir eit brutalt blikkfang, av den enkle grunn at det heile tida glinsar og reflekterer så til dei grader at det blir eit irritasjonsmoment. Sidan ho er ein temmeleg viktig person i spelet, blir det i tillegg litt problematisk, sidan dei overdrivne auga hennar hindrar ho frå å gli inn i spelet som ein levande persone i like stor grad som dei andre.

Den unødvendige tvisten

Ein av dei få tinga eg ikkje likte med Uncharted: Drake's Fortune var korleis det heile blei litt for søkt mot slutten. Spelet var temmeleg realistisk gjennom heile spelet, før det tok fullstendig av i ei litt uheldig retning. Om du er ein av dei som ikkje likte denne vendinga, kjem du ikkje til å like «vendinga» i Uncharted 2 heller.

Naughty Dog gjer den same «tabben», og køyrer eit fullt løp med realisme og solide mytar godt ankra i vår verd. Du får ikkje eit einaste signal om at dette skal stupe ut i fri fantasi før eit solid stykke ut i spelet der alt berre blir teit. Korleis ting blir handtert etter dette punktet kan absolutt forsvarast, men det er først og fremst korleis ting blir mytologiske og fantastiske som plagar meg. Eg greidde aldri å akseptere det, og det enda opp med å farge resten av spelet for min del.

Om utviklarane hadde gjort som i det naturlege samanlikningsgrunnlaget vi finn i Tomb Raider-serien, og sørgja for at vi heile tida veit, eller har ei kjensle av at noko overnaturleg er på gong, hadde ikkje dette vore så ille. Diverre styrer dei bastant unna dette. Den siste Indiana Jones-filmen kan til samanlikning kanskje klandrast for å ta litt for mykje av mot slutten, men vi var i det minste trygge på at eit eller anna overnaturleg ville skje før den tid, slik er det ikkje her, og det tapar spelet på.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden