ANMELDELSE: Superhot VR
(Bilde: Superhot Team)

Som skapt for Virtual Reality

Superhot VR er eit av VR-plattformens beste spel.

Superhot er utan tvil eit av tiårets mest unike skytespel, og har eit konsept som er som skapt for Virtual Reality. 

Ideen er at tida berre går når du beveger deg, som gir deg komplett kontroll over kva som skjer. Fiendane kjem frå aust og vest, men til sjuande og sist er det dine handlingar (og feil) som driv spelet framover. Gjer du ting rett, vil spelet løne deg. Kanskje føler du deg litt som Neo frå The Matrix i prosessen, òg. 

Superhot VR har vore ute til Oculus Rift sidan desember i fjor, og har no kome til HTC Vive. Det har riktig nok vore mogleg å spele på Vive gjennom ein modifikasjon, men den offisielle versjonen kjem med meir presis styring og betre optimalisering.

Ingen kjære mor

Spelet byrjar med ei intuitiv innføring som lærar deg grunnmekanikkane utan å seie noko direkte. Du blir plassert i eit rom med nokre fiendar, og må ta bruk av omgivnadane dine for å kome deg vidare.

I den første sekvensen står eg framfor ein pult, og to fiendar luskar mot meg med kvar sin pistol. Eg tar tak i ein kaffikopp, pælmar den i trynet på den fremste fienden, og snappar til meg den fallande pistolen hans. Ståande heilt stille, får eg sikta meg forsiktig inn på den andre, som kjem mot meg med museskritt. Det er i praksis som når me leika raudt lys på barneskulen. 

BOOM.
BOOM. Bilde: Superhot Team

Kula flyr ut av pistolen, og hovudet hans går i tusen knas. Eit smil breiar seg utover ansiktet mitt, og eg nikkar anerkjennande til meg sjølv. 

Det er kjenst givande å gjennomføre oppdraga, og vanskegraden utviklar seg i eit passeleg tempo. Gradvis får eg bryne meg på meir utfordrande oppgåver, fram til spelet syns eg er god nok til å byrje for fult. Meistringskjensla står sentralt i spelets oppdrag, og du får verkeleg inntrykket av at du har oppnådd noko når du fullfører eit brett. 

Eg har sjeldan sans for spel med klare opplæringssekvensar, men Superhot VR klarer å gjere det til ein naturleg introduksjon – fordi det ikkje held handa mi. Omgivnadane står til min disposisjon, og eg må finne ut av korleis eg skal bruke dei sjølv.

Eksepsjonell innleving

Rørslene og kontrollane i Superhot VR er sylkvasse. Alt eg gjer med kroppen min, blir spegla på milisekundet i spelet. Det er særs fornøyeleg å stele våpenet til ein fiende med ei kjapp armrørsle, for så å skyte han i hovudet med det same våpenet. Spesielt morosamt er det når ein kan plukke opp gjenstandar og bruke dei for å blokkere kuler, viss ein sikter godt. Responsiv kontroll er sjølvsagt nødvendig viss rørsla skal verke naturleg, men Superhot VR har kanskje det best implementerte rørslesystemet eg har prøvd på HTC Vive så langt. Hatten av til utviklaren der.

Etter kvart som ein kjem lengre inn i spelet, blir det fleire fiendar og større flater ein kan bevege seg rundt på. Her er det kjekt å ha eit stort rom for romskala-setup, for å få mest mogleg ut av spelet. Nokre sekvensar får du ikkje våpen i det heile, du må dukke unna kuler, og då er det greitt å kunne flytte litt på seg. Dei tjue bøkene som blei spreidd utover rommet mitt då eg dunka borti ei bokhylle kan vitne til dette. 

Til tross for nokre innblandingar frå den verkelege verda, er det umogleg å ikkje leve seg inn i spelet. På linje med kontrollane, har grafikken ein sentral rolle her. Det enkle visuelle preget gjer at eg sluttar å tenkje over at grafikken er dårleg, som eg ofte gjer i andre VR-spel som prøver å skape ein litt meir «autentisk» setting. Det at nivåa er kvite, gjer òg at ein knapt ser piksla på Vive-lensa, som kan vere veldig forstyrrande i andre spel. Den gode optimaliseringa gjer dette enno betre, og lar meg køyre spelet med maksimal «supersampling» (oppskalering av oppløysing) utan dropp i biletefrekvens.

Vil du sloss, eller?
Vil du sloss, eller? Bilde: Superhot Team

Eg kan fint bruke ein time i spelet utan pause, og eg tenkte nesten ikkje over at eg hadde eit VR-headset på meg i det heile. Litt sveitte (og eit blåmerke) i panna vil ein nok merke etter kvart, men så lenge ein har god nok PC til å halde biletefrekvensen rundt 90, vil ein ikkje bli sjøsjuk.

Problemet er spelets lengde. Det tok meg rundt ein time å gjennomføre spelet den første gongen, og 20 minutt på neste gjennomspeling. Den vanlege versjonen er ikkje så veldig mykje lengre heller, men eg syns likevel at spelet glatt kunne vore dobbelt så langt. Originalen har fått kritikk for å mangle innhald, og då verkar det litt merkeleg at utviklaren ikkje tok sjansen på å utvide spelet for VR. Det er mange ulike måtar ein kan takle nivåa på, men det er likevel avgrensa kor ofte ein orkar å spele det same brettet om igjen. 

Konklusjon

Superhot VR tar snekring til eit heilt nytt nivå.
Superhot VR tar snekring til eit heilt nytt nivå. Bilde: Superhot Team

Superhot med mus og tastatur er ei fornøyeleg oppleving. Det er vanskeleg, givande og morosamt. Likevel, VR-utgåva er enno meir super, med ei innlevingskjensle du skal leite lenge etter. Dette er utan tvil det beste VR-spelet eg har spelt sidan Arizona Sunshine, og er eit obligatorisk kjøp for alle som eig eit VR-headset. 

Spelet er kort, men det er ikkje mange kronene ein må ut med. Virtual Reality-plattformen treng sårt meir kvalitetsinnhald, og dette er ein av dei særs få ferdige VR-spela som det faktisk er verdt å bruke pengane sine på. 

Vurdering

"Eit glimrande innslag i Vive-biblioteket, men altfor kort. "

Kommentarer (6)

Black Week

tirsdag

Følg alle tilbudene på Gamer.no

Vi har oversikten over alle de beste gaming-tilbudene under hele Black Week og Black Friday.

Se alle tilbudene

Forsiden akkurat nå

Til toppen