Anmeldelse

Xuan-Yuan Sword 7

Ei magisk og uimotståeleg verd

Xuan-Yuan Sword 7 byr på ei engasjerande reise gjennom kinesisk mytologi.

Xuan-Yuan Sword 7.
Yooreka Studio

Det er ikkje så ofte eg kjem over ein serie innan ein sjanger eg likar som har rukke å kome til kapittel sju utan å i det minste ha høyrt eit fuglekvitter om at den eksisterer, men det er tilfelle med den taiwanske actionrollespelserien Xuan-Yuan Sword. Denne serien har halde det gåande sidan 1990, og sjølv om den har vore tilgjengeleg lenge på Steam, er dette første gong den dukkar opp på konsollar i vesten. Lat deg derimot ikkje skremme av namnet – Xuan-Yuan Sword 7 er eit heilt frittståande eventyr som kastar oss 2000 år tilbake i tid, til eit møte med kinesisk historie blanda med solide doser kinesisk mytologi.

Med ein gong merkar ein at dette er noko veldig annleis enn kva det internasjonale publikum kanskje er vande med. Ikkje så mykje reint mekanisk, dette er eit ganske tradisjonelt actionrollespel med smidige kampar og lineære vegar å følgje, men det er estetikken, musikken, heile innpakninga som markerer seg som noko eige. Ein kan seie det er eit spel som stolar nok på sine eigne inspirasjonskjelder til å ikkje sjå behovet for å imitere andre. Det er eit spel som heilt tydeleg er laga i ein del av verda som vi ikkje så alt for ofte får direkte innblikk i.

Skogane i Xuan-Yuan Sword 7 er til å gå seg vill i.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vi finn ingen snev av moderne trendar som har gjort seg gjeldane i mange spel. Det er null samtidspolitikk, null skravling om ting som har lite eller ingenting med historia å gjere. Spelet held seg bestemt til tema heile vegen, og det er befriande. Det er klart det er litt rart og framandt all den tid vi har med ein for oss ekstremt høfleg kultur å gjere, men det er samstundes tilsynelatande (utan at eg er ein ekspert på feltet) eit spel som representerer ein noko formell kultur på truverdig vis. Eg får kjensla av å bli transportert til ei anna tid, og ein annan stad til folk eg har inga evne til å sjå meg sjølvi, og det er det alt for lite av elles.

Ei nydeleg reise

Xuan-Yuan Sword 7 er ikkje eit teknisk lamslåande spel, men det er ei estetisk perle. Det er sjeldan eg får vandre rundt i spel som er så vakre som dette. Å springe rundt kinas nydelege landskap framstår som det næraste eg kjem opplevinga utan å sjølv ta turen til Kina. Samstundes er det god variasjon i landkspa og mykje nytt å sjå. Mange spel løyser dette ved å kaste deg frå jungelland til island til lavaland, men her skjer det gjennom naturlege endringar i landskap og elevasjon. Ei stund er du oppe i fjella, den neste i lavlandet, og seinare langs ei diger elv.

Nydelege skogar fulle av tre, busker, og små planter i mange variantar gjer dei stille stundene i dette spelet nesten like minneverdige som alt det andre spelet har å by på. Dei frittståande elementa er ikkje alltid av høgste kvalitet når ein kjem på kloss hald, men det er først og fremst vakre landskap i samspel med nydeleg bruk av lys som løftar dette spelet opp og fram. Sidan spelet er rimeleg lineært har dette gjeve utviklarane sjansen til å verkeleg sørgje for at alle område viser seg frå sine beste sider.

Samstundes fortel spelet ei god og dramatisk historie. Vi spelar den unge mannen Taishi Zhao som må ta seg av systra si og no lev på flukt. Når ein koplar inn litt magi og politiske konflikter har vi eit greit bakteppe for ei historie som her og der blir både mørk og engasjerande. Det er ingen forsøk på å promotere vår helt som ein kul mann. Utviklarane har hatt heilt andre prioriteringar, og det er i staden ære og plikt som definerer han, medan det viktigaste er relasjonen mellom Taishi, og eit knippe følgjesvener.

Sjølv om historia er ei av spelets sterke sider, tapar den litt på at animasjonen er ganske stiv. Dramaturgien er god, og korleis enkelte scener er snikra saman er meisterleg, men den stive animasjonen gjer at ein del dialogar mistar litt tyngde.

Gamle tempel vaktast av muystiske dører.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mykje å bite i

Xuan-Yuan Sword 7 er i all hovudsak eit rett fram actionrollespel. Vi svingar rundt oss med eit sverd, og har ein og annan ekstra teknikk for å ta knekken på fiendane. Desse er alt frå sabeltannulvar til menneske og store troll, men blir jamt over handterte på same vis. Kampsystemet er ikkje så frykteleg avansert, og kunne godt hatt nytte av litt fleire komboar, men det gjer nytta si. Spesielt sidan kampane sjeldan er så vanskelege at ein treng stort meir enn det ein får.

Når vi skal i kamp slåst vi med ei rekke ulike kampstilar. Kvar av desse er litt ulike i bruk, og byr på eit kraftig spesialangrep som låsast opp ved bruk. Desse angrepa tek derimot så lang tid å låse opp at det nesten blir meiningslaust, og ein blir i staden for det meste låst til dei ordinære angrepa. Ikkje at det i seg sjølv er gale, kampsystemet er kjapt og engasjerande, men det blir litt frustrerande når ein veit det ligg ting og ventar på deg, men dei tek frykteleg lang tid å få tak i.

I staden kan ein bruke tid på å reise til Elysium. Dette er strengt tatt ikkje stort meir enn ein menyskjerm, men herifrå kan ein oppgradere ei rekke ulike verkstadar, av mangel på eit betre ord, der ein kan gjere alt frå å oppgradere våpen til å byggje amulettar fulle av nyttige bonusar.

Sjølv om Xuan-Yuan Sword 7 har eit solid fokus på kampane, er det eit spel med eit ganske avslappa tempo. Du vil ikkje møte fiendar rundt kvar sving, men kan lett ende opp med å vandre ganske lange avstandar der alt du gjer er å ta inn den vakre naturen, eller høyre på samtalern mellom Taishi og følgjesvenene. I og med at spelet er på kinesisk og berre har engelske undertekstar, er dette eigentleg berre positivt så ein får tid til å lese kva som blir sagt.

Zhuolu Chess er årets minispel.
Øystein Furevik/Gamer.no

I løpet av reisa vil ein av og til kome over nokre artige om enn ikkje spesielt utfordrande praktiske gåter. Her skal ein flytte på søyler og rulle på jul for å låse opp vegen vidare, og det er eit triveleg avbrekk det godt kunne ha vore meir av. Eg trur eg kan telje på ei hand kor mange gongar dette skjedde, og det blir litt som å freiste med ei gulrot berre for å snappe den vekk.

I fråvær av fleire gåter passar det dermed godt at Xuan-Yuan Sword 7 byr på det nydelege vesle minispelet Zhuolu Chess. Dette er ein slags avansert versjon av tripp trapp tresko der målet er så enkelt som å få tre brikker på rad. Det heile er derimot mykje lettare sagt enn gjort. Med mange vegar å gå, samt brikker som kan både fjerne brikker og ta brikker er det mykje rom for å få prøvd seg. Zhuolo-sjakk er eit av dei beste minispela eg har vore borti på lenge, og utviklarane burde strengt tatt lage ein frittståande versjon av dette.

Langt om lenge

Sjølv om Xuan-Yuan Sword 7 er eit spel med mykje flott natur å beundre, er det ei grense for kor mange gongar det er moro å sjå dei same trea om igjen. Det tok meg litt tid før eg eigentleg skjønte at spelet byr på ein del sideoppdrag, og i ettertid skulle eg eigentleg ynskje hadde levd i permanent uvisse.

Sideoppdraga i dette spelet er noko regressivt møl som utelukkande handlar om å gå frå punkt A til eit punkt langt, langt unna, snakke med nokon, eller drep noko, og så gå tilbake, før du går til ny stad, og tilbake igjen, igjen, og igjen. Det er lenge sidan eg har vore ute for verre og kjipare sideoppdrag, og det bringer ingenting positivt til spelet. Dei berre halar ut tida litt, i eit spel som elles er svært sympatisk i kor mykje tid det forlangar av deg.

Du kan riktig nok teleportere mellom nokre bestemde punkt, men desse punkta er så og seie alltid plasserte langt ute i villmarka slik at du uansett må gå lange vegar for å nå destinasjonen din. Om du berre fokuserer på historia vil dette aldri plage deg, og eg vil tilrå deg på det sterkaste å styre unna denne kjipe fyllmaterien for ei mykje betre oppleving. Det eine oppdraget verdt å ta er eit om å spele Zhuolu Chess.

Konlusjon

Bilete klarar ikkje heilt å fange kor magisk dette spelet kan vere.
Øystein Furevik/Gamer.no

Xuan-Yuan Sword 7 er kanskje ikkje årets spel, men det er ei god og minneverdig oppleving som byr på nokre av dei vakraste naturopplevingane eit spel kan by på. Eg har verkeleg kosa meg gjennom denne reisa, og det meir enn mange andre og kanskje teknisk betre spel dette året. Det byr på ei magisk og uimotståeleg verd som både er framand og mystisk, og svært mange ulike element som held deg gåande. Historia er god, kampsystemet er kjapt og engasjerande, og det er flust med ting å bruke tid på. Om det er oppgradering av utstyr, kampstilar eller å finne nye utfordrarar i Zhuolu Chess, er det alltid noko som driv deg vidare.

Eg må og trekkje fram kor positivt det er å få spele eit actionrollespel som ikkje trur det må vare i over 50 timar, og innbiller seg det ikkje har livets rett om det ikkje et opp ditt liv. Det kan fint rundast under 20 timar, og har god driv og rytme heile vegen gjennom.

Siste fra forsiden