ANMELDELSE: Ys VIII: Lacrimosa of Dana

Om dette er det beste JRPG-sjangeren har å by på, er vi i trøbbel

Ys VIII: Lacrimosa of Dana er ein grotesk stereotyp av alt som nokon gong har vore gjort i japanske rollespel.

Ys VIII: Lacrimosa of Dana klarar svært lenge å halde seg unna dei typiske klisjeane. I staden for ein liten snørrunge som vaknar opp med formatert harddisk, har Ys VIII ein ung mann med eit solid resumè for å handtere katastrofale situasjonar. Stranda på ei aude øy etter eit havari (ikkje noko nytt for denne serien), må hovudpersonen Adol finne så mange overlevande han kan for å skape eit lite samfunn på øya slik at dei saman kan jobbe mot eit samla mål: byggje ein båt og sigle av stad.

Eg klarar ikkje denne skiten ein gong til.
Eg klarar ikkje denne skiten ein gong til. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Men dette er eit japansk rollespel av nyare dato. Det betyr at ingenting kan vere originalt. Ingenting kan kome brått på, og rollebesetningas hårpryd må skrike mot oss i alle regnbogens glorete fargar. Om du nokon gong hadde fordommar mot japanske spel, får du dei stadfesta her, her finn du personar med blått, raudt, lilla, oransje, grønt og alt hår som verre er.

Dette er derimot ikkje den største dødssynda Ys VIII står for. Etter å ha spelt 45 timar levande i den optimistiske tru at Ys VIII skal klare å halde seg unna metafysisk vissvass og navigering gjennom svevande plattformer i stjernetåka, dukka den omsider opp. Stjernetåka altså. Den infernalske elektroniske musikken frå tidleg 90-tal, og eit endelaust hav av svevande bruer og plattformer ligg i horisonten som rein provokasjon. Det er den lette utvegen til alt for mange japanske rollespel når inspirasjonen har gått tom. Bland inn nokre gudar, skumle dimensjonar, enden på verda, og aller helst svevande plattformer i ei stjernetåka bada i blått eller lilla lys.

Eg veit kva dette betyr. Det betyr at eg kjem til å hate livet mitt i dei næraste timane, så eg gjorde det einaste fornuftige; slo av spelet og sletta fila mi slik at eg ikkje kunne halde fram. Nok får jaggu vere nok.

Har eg gått glipp av noko?

Korrekt blikkfang er viktig for å få fram bodskapen.
Korrekt blikkfang er viktig for å få fram bodskapen. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Kvifor gjer japanske utviklarar dette? Det skjer alt for ofte for tida. Eit elles passe jordnært spel flyt ut i det patetiske ved å sende sine heltar ut i kamp mot gudar og anna piss i staden for fiendar du kan forstå og kanskje til og med kan relatere til. Ein og annan gong er greitt nok, men i løpet av dei siste åra har det skjedd nesten kvar gong eg har plukka opp eit japansk rollespel. Det er i ferd med å fullstendig øydeleggje mitt forhold til ein sjanger som for alvor var med på å gjere meg frelst på spel.

No skal ikkje dette bli ein tekst om meg og mitt forhold til japanske rollespel. Poenget er at denne stjernetåka eg møtte på etter 45 timar var dråpen. Det var siste sjanse i eit spel som har plaga meg lenge nok.

Ys VIII: Lacrimosa of Dana gjer nesten ingenting riktig. Det prøvar på mykje, men utviklarane har sikta alt for høgt i alt dei har prøvd på, og enda opp med eit spel eg aldri i livet hadde spelt forbi nokre få timar om det ikkje hadde vore for at eg måtte.

Sjølv om spelet har ei ganske interessant historie, er den fortalt på ein forferdeleg dårleg måte. Utviklarane har praktisk talt spydd filmsekvensar over heile spelet, og ingen av dei er bra. Om att og om att blir vi møtt at statiske skjermar som viser ei handfull urørlege figurar. Du klikkar vekk den eine snakkebobla etter den andre med treg og overflødig dialog, før kameraet byrjar å panorere litt for dramatisk effekt.

Du får spele i ti minutt, og så skjer det igjen. Fleire statiske figurar. Meir panorering, meir elendig dialog. Det er alt for mykje tekst i spelet, og frykteleg lite av den har verdi. Til samanlikning plukka eg opp Final Fantasy IX etter den nylege PlayStation 4-lanseringa, og det var ei brutalt anna verd. Kjapp, enkel dialog som aldri tærer på tolmodet. Dagens utviklarar har mykje å lære av 90-åras rollespel. For å gjere vondt verre er oversetjinga så kvalmande dårleg at det er direkte provoserande å tenkje på at nokon meiner dette er godt nok for sal.

Eg har gjort nok intervju på andre språk i mitt liv til å vite kva som har skjedd her. Ys VIII køyrer minste motstands veg. Dei har oversett orda, men ikkje setningane. Ikkje meininga og dei små detaljane. Vi endar opp med keitete, tunge setningar som tidvis kan vere direkte vanskelege å forstå. Språket er unaturleg, like stivt som filmsekvensane, og meir enn ein gong ropte eg «kven faen snakkar sånn?» til skjermen.

Kunne vore triveleg

Stivt og unaturleg språk er den eine tingen Ys VIII meistrar til fingertuppane.
Stivt og unaturleg språk er den eine tingen Ys VIII meistrar til fingertuppane. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Alt dette er frykteleg synd, for Ys VIII: Lacrimosa of Dana kunne ha vore eit triveleg spel. Å samle inn folk til den vesle landsbyen er ein jobb som verkeleg er meiningsfull. Nye folk tek med seg nye fasilitetar, og du går etter kvart frå å henge med ein liten gjeng som sit saman rundt ei bål, til å kunne ta turen både innom ein smed, ein skreddar, og ikkje minst ein lege. Alle folka du finn på øya kjem ikkje med like mykje ekstra, men det er nok av nyttige folk til at du gjerne brukar tid på å leite etter fleire.

Historiene til dei ulike overlevande er enkle og kunne lett ha vore interessante, men haltar grunna tytinga som aldri heilt tek slutt. Spelet er absolutt på sitt beste når det er minst mogleg dialog. Når samtaler ikkje er meir enn at du går opp til ein person, og trykker deg gjennom eit par snakkebobler. Då fungerer det. Då får du kjensla av å faktisk bli litt kjend med desse folka.

Ys VIII burde eigentleg ha vore eit actionrollespel nesten utan fokus på historie. Det hadde vore nok. Spelet byr på ei temmeleg svær øy det vil ta deg tid å kome gjennom. Enkelte område byr på utfordringar eller hinder du må kome tilbake til seinare, men det gjer ingenting sidan heile øya er delt inn i mellomstore soner du raskt kan teleportere fram og tilbake mellom. Navigering er uhyre kjapt, og med eit lettfatteleg kampsystem basert på stein, saks, papir-prinsippet, går du raskt gjennom fiendane òg.

I dei fleste spela i Ys-serien spelar du som Adol, og det er det. I Ys VIII får du i staden springe rundt i eit følgje på tre. Du får etter kvart ei solid handfull med karakterar å velje mellom, men til ei kvar tid vil tre karakterar vere aktive, og det kan vere lurt å variere kva karakterar du brukar i forhold til kva område du er i. Ulike fiendar er svake og sterke mot ulike typar angrep, og det finnest tre av dei i Ys VIII. Vi har vanlege angrep, som til dømes med sverd, vi har store, tunge angrep egna til å knuse skalet til eit beist, og vi har angrep som bør rettast mot flygande fiendar.

Ys VIII, spelet der dinosaurar på fleire tonn hoppar rundt som sprettballar.
Ys VIII, spelet der dinosaurar på fleire tonn hoppar rundt som sprettballar. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

For å vere effektiv i kamp må du bruke riktig type helt mot riktig type fiende. Gjer du ikkje det vil du raskt merke at du gjer frykteleg lite skade. Du kan kjapt skifte den aktive karakteren med eit knappetrykk, og denne utskiftinga blir ein viktig del av spelet. Viktig betyr derimot ikkje bra. Det er eit lettfatteleg og enkelt system, ja, men det framstår eigentleg som fullstendig meiningslaust. Det ligg inga form for utfordring bak systemet, null strategisk tenking, og alt du treng tenkje på er at papir pakkar seg rundt stein. 

For å seie det enkelt kan ein få inntrykket av at Ys VIII sit litt fast i fortida. Dette oppfører seg som eit PlayStation 2-spel, men ikkje på ein god måte. Alt kokar ned mot at du berre hamrar på angrepsknappen til fienden er daud, samt blokkerer og hoppar unna angrep alt du er god for. Du har ei rekke ulike angrep som kostar energi å bruke, og dei gjev sjølvsagt meir skade, men dei gjer ingenting meir enn det. Igjen, null strategi, det gjeld berre å hamre laus til fiendane dett overende.

Hakket verre blir det med flygande fiendar. Dei kan vere frustrerande vanskeleg å få has på. Spesielt i situasjonar der du møter mange flygande fiendar som likar å suse mot deg frå god avstand blir det vanskeleg å få inn slag. Sjølv om du brukar ein karakter laga for å kjempe mot flygande fiendar, treff dei ofte ikkje ting som er rett framfor seg. Du må gjerne hoppe og slå, eller bruke eit spesialangrep du veit slår frå seg vertikalt. Kampar mot flygande fiendar blir som ein koneskevens tidvis veldig irriterande.

Eit problem du raskt kjem til å møte på i Ys VIII er at knappeoppsettet er heilt på viddene. Fleire knappeplasseringar konkurrerer med kvarandre, og spesialangrep ligg til dømes på same knapp som du brukar for å blokkere eit angrep. I kampens hete kan du i tillegg brått fyre laus ditt ultimate angrep ved ein feil berre fordi knappane ligg veldig dårleg plassert. Heldigvis kan du justere oppsettet som du sjølv vil, noko du bør gjere med ein gong.

Men så stå no i ro for pokker!
Men så stå no i ro for pokker! Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Mot betre viten

Sjølv om Ys VIII: Lacrimosa of Dana etter mitt syn hart svært få oppløftande kvalitetar, har det likavel ei nerve som held deg gåande. Når du får springe rundt på eventyr utan konstante avbrot frå historia, dreg spelet deg inn. Timane går lett, og det kan bli vanskeleg å leggje spelet frå seg.

Det enkle kampsystemet er flashy nok til at du hiv deg over eit par fiendar til, gjerne på jakt etter viktige ressursar du kan bruke for å oppgradere eller kjøpe nytt utstyr. Det finnest ingen pengar i dette spelet, i staden avheng alt av kva du finn enten på dyra, eller i områda rundt dei. Du startar med eitt sett våpen, og dei har du heile spelet gjennom, men dei blir stadig oppgraderte etter kvart som nye utfordringar viser seg. Utstyr blir laga av ressursar du samlar inn, og dette blir såleis raskt eit spel der det å sjekke kvart eit lite ressursapunkt har merkbar verdi.

Som eit fritt actionrollespel der du berre fartar rundt i verda og oppdagar nye område fungerer Ys VIII fint. Sjølv om grafikken er ganske enkel, og ber preg av at spelet også er ute til PS Vita, får vi reise gjennom ei frodig verd full av forskjellige som alle passar saman. Fridomen blir diverre skrenka inn av ei lang rekke meiningslause og usynlege veggar. Du kan til dømes ikkje hoppe ned frå ein etasje til ein annan, men må i staden springe den lange omvegen rundt for å ta trappa. Slike ting dukkar opp svært ofte, og er eit ganske stort irritasjonsmoment.

Det kanskje aller største irritasjonsmomenetet i heile spelet er derimot musikken. Ys VIII: Lacrimosa of Dana har kanskje det verste lydsporet eg har vore ute for i nyare tid. Dette er eit spel der eg titt og staig måtte bite tenna saman for å ikkje gå fullstendig av hektene. Det finnest eit og anna fint spor her, men det meste av musikken er stressande 80-talsinspirert powerrock av verste sort der du berre sit og ventar på at David Hasselhoff skal bryte ut i song når som helst. Det er grusomt. Digitale gitarsoloar hyler mot deg i 10-sekund lange loopar som køyrer om igjen til det går trill rundt for deg.

Konklusjon

Dette biletet seier eigentleg alt.
Dette biletet seier eigentleg alt. Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Eg hadde sett føre meg ei fin tid då eg starta opp Ys VIII: Lacrimosa of Dana for første gong. Det eg fekk var ein grotesk stereotyp av alt som nokon gong har vore gjort i japanske rollespel. Kjipe og uoriginale karakterar dominerer eit spel som ei god stund klarar å by på forfriskande enkel – men elendig fortalt – historie. Alt kollapsar likevel mot slutten, og dette er eitt av få spel den siste tida eg ikkje klarte å spele meir.

Dette er mykje takka vere den forferdelege musikken som er så cheesy og grell at eg vrir meg berre eg tenkjer på den. Ys VIII: Lacrimosa of Dana har sine stunder. Den generelle driven i spelet er god, og det er lett å bruke nokre timar meir enn du hadde tenkt. Problemet er berre det at Ys VIII svært sjeldan er moro, og alt for ofte er keisamt eller direkte irriterande. Då fell det heile saman, og du kan like godt styre langt, langt unna.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Vurdering


"Ys VIII svært sjeldan er moro, og alt for ofte er keisamt eller direkte irriterande."

Ys VIII: Lacrimosa of Dana PS4

Ys VIII: Lacrimosa of Dana Windows

Ys VIII: Lacrimosa of Dana Vita

Ys VIII: Lacrimosa of Dana PS4 PS4 4/10 Vita Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. september 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: NIS America
  • Utvikler: Nihom Falcon

Beste priser

På lager 498,-
Forventet lagerdato 498,-
Ikke på lager 529,-

Ys VIII: Lacrimosa of Dana Windows Windows PS4 Vita

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. september 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: NIS America
  • Utvikler: Nihom Falcon

Beste priser

Nedlasting 400,-

Ys VIII: Lacrimosa of Dana Vita Vita PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. september 2017
  • Plattform: PlayStation Vita
  • Utgiver: NIS America
  • Utvikler: Nihom Falcon

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen