Assassin's Creed Unitys sesongpass er kansellert

Etter mange tekniske problem gir Ubisoft bort gratis spel og DLC som plaster på såret.

Ubisoft

Heilt sidan lanseringa av Assassin's Creed Unity har spelarane som kjøpte spelet vore ramma av ei lang rekke tekniske problem. Bileteoppdateringa har til dømes vore laber, men verre ting som figurar med manglande andlete har prega kvardagen til mang ein Assassin's Creed-spelar.

Ubisoft har jobba for å fikse problema, og slepp i dag den tredje oppdateringa til spelet. Situasjonen er likevel ikkje akseptabel, og difor har Ubisoft valt å gjere nokre drastiske grep.

Gratis ekstrainnhald på veg

Du kan få Far Cry 4 om du kjøpte sesongpass til Assassin's Creed Unity.

Som plaster på såret for alle plagane dei tekniske problema har påført spelarane vil Dead Kings, den første biten med DLC, bli gjort gratis for alle som har, eller kjøper spelet. Når Dead Kings vil dukke opp er derimot ikkje klart.

Om du er ein av dei som har kjøpt sesongpass til Assassin's Creed Unity har du allereie betalt for Dead Kings, og difor vil du i staden få eit gratis spel. Du kan velje mellom The Crew, Far Cry 4, Watch Dogs, Assassin's Creed Black Flag, Rayman Legends og Just Dance 2015. Å få pengane tilbake ser ikkje ut til å vere eit alternativ.

Alt dette betyr at sesongpasset til Assassin's Creed Unity no er kansellert, og ikkje lenger vil vere tilgjengeleg for sal. Om du har eit sesongpass vil du likevel framleis få alt ekstrainnhaldet du har betalt for, inkludert det sideskrollande spelet Assassin's Creed Chronicles: China.

Vi var blant dei heldige som ikkje måtte slite oss gjennom tekniske problem i Assassin's Creed Unity. Vår dom var at det var herleg å vere snikmordar i Paris.

Siste fra forsiden