Sniktitt

Baten Kaitos: Eternal Wings and the Lost Ocean

Det japanske rollespelet med det lange namnet er på veg mot Europa, og vi tar ein nærmare kikk.

Spel med prerendrerte bakgrunnar er nok i mange sine auge noko som høyrer til fortida, men det hindrar ikkje Namco i å gi oss eit vakkert eventyr litt utanom det vanlege. I motsetning til dei fleste spel, skal du faktisk vere deg sjølv i Baten Kaitos. Du er ei beskyttande ånd, og du inngår ei pakt med hovudpersonen i spelet. Ein ung, frustrert og blåhåra mann ved namn Kalas. alas snur seg ofte mot deg, og spør om hans skal plukke opp ting, eller kva han skal gjere i visse situasjonar. Ikkje at det påvirkar historia i nemneverdig grad, men det ein artig vri som er med på å skilje spelet litt frå resten.

I lufta vil vi leve Verda i Baten Kaitos består av øyer som svevar i lufta, og kvar øy er sitt eige kontinent med sin spesielle kultur. Havet er ein myte få trur på, og dette er med på å gi Baten Kaiots ein litt spesiell stil. Det er stor variasjon i områda, og ein solid fellesnenmar er at det ser fantastisk ut. Spelet nyttar kanskje ikkje full 3D, men det gjer på ingen måte spelet mindre levande. Fargane er sterke og vibrante, og det er stappfullt med små detaljar som sprøytar liv inn i spelet. Det er også godt framstillte kulturar med sterke særpreg, noko som også viser seg i designen på kleda folk går i. Eit anna resultat av at folk bur på øyer i lufta, er at dei har vinger. Vingene til ein person gjenspeilar sjela hans, og det varierar mellom påfuglar og svaner.

Historia dreiar rundt jakta på fem "End Magnus" som kan bringe tilbake den fryktelege guden Malpercio, som har vore død i tusen år. Sjølvsagt har du ein stormannsgal keisar som er på jakt etter desse, og du og Kalas møter etter kvart ein solid gjeng med eventyrlystne folk som vil stå saman med deg for å redde verda. Det er absolutt ikkje ei historie verdig av ein Oscar, men den har sin sjarm, trass i at det kanskje er på tide å tenke fram eit litt anna konsept enn eit som går ut på at nokon vil øydelegge verda (slike folk tenker tydelegvis aldri på kva som vil skje med dei, når alt fell saman rundt dei).

Knalltøft kampsystem Den største forskjellen mellom Baten Kaitos og andre rollespel er kampsystemet. Kampane er kanskje turbaserte, men ikkje slik vi kjenner dei. Her brukar du kort, og du skal vere kjapp i hovudet ganske ofte for å få maksimalt utbytte. Etter kvart som du reiser ut i verda vil du få tak i mange nye kort, eller "Magnus" som er det riktige namnet, og det er heilt essensielt å halde orden på kva du til ei kvar tid har. Det er sju typar kort, eit for kvart element, pluss lys, mørke, og nøytrale kort. Mange av desse korta utviklar seg over tid, og eit eple som som før kunne helbrede deg, kan brått rotne og bli giftig.

Samtidig kan du lage nye kort midt i ein kamp. Har du til dømes ris, ei gryte og eit ildkort, kan du ved å bruke desse i riktig rekkefølge lage kokt ris, eit kort som kan gi kraftig helbreding. Det er enormt mange slik kombinasjonar å finne rundt omkring i spelet, men den viktigaste er den som oftast blir brukt. Kvart kort har eit til fire tal, og ved å velge riktige kort, kan du få par, eller kort i stigande rekkefølge. Får du til dette, kan du få store bonusar som verkeleg hjelper deg vidare. Dette systemet kan bli det sterkaste slagsargumentet for Baten Kaitos. Det er kjapt og krevande, og gjer deg meir innvolvert i kampane enn kva ein del andre spel kan skilte med.

Du brukar "Magnus" til alt, ikkje berre kampar. Skal du til dømes plukke opp ting, må du bruke Quest Magnus. Ein Quest Magnus fungerar ved at du fangar essensen til eit objekt i kortet. Du har kun eit begrensa antal av desse, og må derfor ofte tenke over kva du til ei kvar tid har behov for. Det er eit hav av minispel i Baten Kaitos, og dei fleste krev at du fangar essensen av noko. Om ein legg til at det du fangar også utviklar seg over tid, kan ein av og til få hastverk, eller ein blir nødt til å behalde kort over lengre tid for å la det utvikle seg.

Konklusjon Baten Kaitos: Eternal Wings and the Lost Ocean ser ut som eit lovande spel for GameCube-eigarar som ikkje fekk nok med Tales of Symphonia. Det er stort, episk, har nydeleg musikk, og eit kampsystem som verkeleg engasjerar. Det er kun ein ting som ikkje lovar spesielt godt. Skodespelet imponerar ikkje akkurat, men det gjenstår å sjå korleis dette vil utvikle seg. Konseptet med at du faktisk spelar deg sjølv (til tross for at du styrer alle karakterane) er også interessant. Det sterkaste trumfkortet til Baten Kaitos er uansett kampsystemet, som over tid kan utvikle seg til å bli eit av dei tøffaste og mest interessante kampsystema på marknaden.

Siste fra forsiden