Call of Duty: Infinite Warfare splittar Windows Store og Steam

Activision separerer brukarane i sitt nye storspel.

I dag lanserast Call of Duty: Infinite Warfare. Då kan det kanskje freiste å handle spelet på Windows 10-butikken, sidan det i skrivande stund er nokre kronger billegare akkurat der.

Du bør derimot tenkje deg om eit par gongar før du gjer akkurat det. Spelarane som kjøper Windows 10-versjonen av Call of Duty: Infinite Warfare, vil ikkje kunne spele saman med dei som kjøper spelet på Steam. Dette fortel Eurogamer i dag.

Splitt og hersk?

Call of Duty: Infinite Warfares Windows 10-versjon kan raskt bli ei einsam affære.
Activision

Microsoft hevdar dei støttar utvikalarar som vil knyte Windows 10-spel opp mot andre økosystem, og det ser difor ut til at det er Activision som har valt å dele opp brukarane. Med mindre du utelukkande er interessert i Call of Duty: Infinite Warfare grunna kampanjen, kan dette altså vere noko å tenkje over før du handlar.

Call of Duty: Infinite Warfare er heller ikkje eit Play Anywhere-spel. Eit Play Anywhere-spel lar deg kjøpe eit spel, og bruke det på både PC og Xbox One. Tidlegare i år har Recore, Forza Horizon 3 og Gears of War 4 blitt lansert som Play Anywhere-spel.

Microsoft har jamt over tatt fleire steg for å knytte saman spelarar uavhengig av plattform. Play Anywhere er allereie i full sving, og vil gjelde alle titlar Microsoft gjev ut sjølve framover. I tillegg til dette har dei opna opp for å la folke spele saman på tvers av plattformer. Om det så skulle vere Xbox One og PlayStation 4.

Call of Duty: Infinite Warfare
PlayStation 4
Call of Duty: Infinite Warfare
Windows
Call of Duty: Infinite Warfare
Xbox One

Les også

Siste fra forsiden