Anmeldelse

Conan

Ved Crom. Dette har tatt tid. Legendariske Conan har endeleg fått hovudrolla i sitt eige spel, og spør du meg er det fire ingrediensar som skal til for å skape ein suksess av kjempa sine eventyr: Halvnakne damer i nød, barslagsmål, levande skjelett, og vald, mykje vald.

Side 1
Side 2
Side 3

Tidspunktet kunne ikkje ha vore betre. I årevis har trufaste lesarar fint måtte sjå seg nødt til å lese dei same historiane om igjen, av den enkle grunn at der ikkje var fleire. Ikkje no lengre. I februar sette amerikanske Dark Horse Comics i gang med sin splitter nye Conan-serie, og no kjem spelet. Det forhåpentlegvis definitive spelet om den bronsebrune kjempa frå Cimmeria. Mannen som kan brekke ein oksenakke med berre hendene, og har vokabular som ein frosk.

Ved Crom! La Blodet flyte!
Conan rir i skogen, og anar fred og ingen fare. Brått høyrer han lyden av hestar, og han hoppar til side. Ryttarane som passerar har tydeleg vore i aktivitet, og dei kjem frå den retningen stammen hans held til. Katastrofa er eit faktum, landsbyen er brent ned til grunne, alle er drept. Både kvinner og barn. Den einaste som er igjen er ein halvdaud vissen mann, som kan fortelje om brutal nedslakting, og om eit speil.

La det vere sagt like godt først som sist. Om du forbinder Conan med Arnold Schwarzenegger, eller er av den oppfatning at muskelbuntar med pannelugg er fullstendig ut, har du ingenting her å gjere. Forsvinn! Kom deg ut, og la oss makabre nostalgikarar vere i fred. Conan er ein ekte helt. Conan er kanskje eit av dei mest underhaldande spela eg har spelt så langt i år, og det trass i forferdelege kameravinklar, og ei særdeles mangelfull historie.

Intuitivt kombosystem Conan er eit tradisjonelt "hack and slash"-spel. Du spring fram og tilbake, ser litt på det pene, men uforståelege kartet, og slår alt som bevegar seg. Til forskjell frå andre liknande spel endar du ikkje opp med å trykke manisk på ein knapp. Det vakre med Conan (bortsett frå panneluggen) er eit enkelt og intuitivt kombo-system. Etter kvart som du brutalt slaktar alt som bevegar seg får du erfaringspoeng, men i staden for å automatisk få meir helsepoeng, og bli sterkare, kan du velje å kjøpe nye teknikkar med enten sverd, øks eller klubbe. Det er mange forskjellige komboar å bruke her, men felles for alle er at du kjem ikkje til å få inn ein einaste ein om du berre hamrar laus på knappane. Tar du det med ro, og trykker på ein knapp etter tur vil du raskt legge merke til at fiendane brått dør mykje raskare.

Det er likevel noko som skuffar inni all denne gladvalden, og det er to ting: Lika forsvinn etter kort tid, og du kan ikkje hogge av kroppsdelar. Hallo? Litt av poenget med Conan er jo brutal og meiningslaus gladvald, og då forventar eg å få sjå hovud rulle ned trappene, og armar og bein flyge til alle kantar. Spelet har tross alt fått 16 års aldersgrense, og då forventar eg meir enn blodflekkar på bakken, og ei dame i armane hans.

Bortsett frå det faktum at Conan sjølv ser ut som ein fortapt sau, ser spelet som regel svært bra ut. For å ta alt det negative først: Visse monster og karakterar du møter har mangelfulle modellar med utydelege teksturar. Visse teksturar er dårlegare enn andre, og våpena til Conan glimar kanskje litt i meste laget. Bortsett frå desse ”ubetydelege” manglane har Conan ein generelt god stil. Designet er svært god, og ein del teksturar imponerar med si klårheit. Bakgrunnane ser veldig bra ut, derfor blir det ein skarp kontrast med diverse element som ser direkte malplasserte ut. Dette gjeld i hovudsak folk som vandrar i gatene, og eit par av våpena til Conan.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden