Anmeldelse

Conan

Ved Crom. Dette har tatt tid. Legendariske Conan har endeleg fått hovudrolla i sitt eige spel, og spør du meg er det fire ingrediensar som skal til for å skape ein suksess av kjempa sine eventyr: Halvnakne damer i nød, barslagsmål, levande skjelett, og vald, mykje vald.

Side 1
Side 2
Side 3

Klonenes by
Når du endeleg kjem deg til byen Kordava blir det ein skuffelse å finne ut at du praktisk talt ikkje kan gjere noko her. Du kan springe fram og tilbake og høyre dei same stemmene sei noko om deg til du blir grøn. Eit par artige innslag av ein røvarbande som er dumme nok til å prøve seg på Conan, og ein dromedar som er litt uforsiktig med kvar han nys krydrar tilværelsen. Bortsett frå dette er Kordava ein statisk by blotta for interaktivitet. Du kan ikkje snakke med nokon bortsett frå dei som er viktige for historia, og alle ser like ut. Det einaste formålet blir å gå til den delen av byen der ting skjer, før du er klar til å reise vidare. Eg saknar å kunne ta ein tur på vertshuhset, for å kjøpe litt sterk drikke, og hygge meg med inventaret.

Til glede for dei der ute som faktisk likte Arnold i rolla som Conan, kan eg informere om at det beste frå desse filmane er inkludert i spelet. Alle som har sett desse filmane bør hugse det mildt sagt episke lydsporet. Mange av melodiane er brukt om igjen i Conan, riktignok i spesielle sekvensar, men det er nok for å setje stemninga. Resten av musikken i spelet held imponerande nok omtrent same nivå. Det går i kor, strykarar og blåse-instrument, og det kler spelet veldig bra. Noko Cauldron har prestert veldig bra er å skape ei god Conan-stemning, og musikken tar stor del i dette. Pompøs og intens musikk som varierar etter om du er i kamp gir spelet ei til tider filmatisk oppleving.

Sparsom dialog
Conan seier gjerne ikkje ting før det er nødvendig, og i spelet må du nøye deg med eit og anna brøl og ”A taste of battle!”. Han har ikkje mykje på hjartet, men det han seier er som regel bra utført, og gjort med innleving. Dessverre varierar kvaliteten på dialogen, og det følest av og til som om folk les rett frå eit ark utan eigentleg å bry seg. Til tider er det riktig bra, men mindre viktige karakter viser raskt at det ikkje var viktig å gi dei bra stemmer. Lydeffektane ligg hakket over dialogen i kvalitet. Lydane er naturlege og glir veldig bra inn. Dei forskjellige områda du vil gå igjennom, frå regnfyllte skogar til isgrotter har også gode stemningslydar. Små detaljar som vatn som renn under isen, og eit svakt vindpust gjer det heile meir truverdig.

Conan inneheld ein arena-modus der du kan velje ein karakter og spele mot andre i små område. Det er ikkje mykje å sei om denne i skrivande stund sidan den stort sett går ut på å springe rundt aleine utan motstandarar. Om den held same nivå som resten av spelet må ein vente til lanseringa med å finne ut.

Konklusjon
Har Cauldron vist Conan den respekta han fortener? Mitt umiddelbar svar er eit rungande ”Ja!”. Det er klart det kunne ha vore betre, og spelet har openbare manglar. Med eit meir brukarvenleg lagringssystem, og eit betre kamera hadde opplevinga vore enda betre. Uansett er det mykje moro å hente her. Kampsystemet er ypperleg for eit slikt spel, og det er ei fryd å sjå korleis Conan brukar sverdet. Han har 35 forskjellige teknikkar å sende mot fiendane, og gjer alle med like stor innleving. Det einaste som verkeleg manglar er litt fleire damer i nød (eventuelt vertshusets gleder), og fleire barslagsmål. Bortsett frå dette har Cauldron laga eit spel som har alt Conan treng. Om spelet slår an, har Cauldron ytra at dei gjerne vil lage fleire spel om barbaren, og det er noko i alle fall eg ikkje vil takke nei til. Crom!

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden