Anmeldelse

Conan

Ved Crom. Dette har tatt tid. Legendariske Conan har endeleg fått hovudrolla i sitt eige spel, og spør du meg er det fire ingrediensar som skal til for å skape ein suksess av kjempa sine eventyr: Halvnakne damer i nød, barslagsmål, levande skjelett, og vald, mykje vald.

Side 1
Side 2
Side 3

Flott animasjon
Det Conan gjer betre enn veldig mange andre spel er naturtro bevegelsar. Conan kastar seg mot fiendane slik du aldri har sett det før, og slepp frå seg nokre kraftige salver i prosessen. I motsetning til dei fleste typiske action spel er det ikkje kun eit fåtal bevegelsar som dominerar. Du kan sjå at Conan veit kva han driv med. I staden for å hakke laus som ein gal, svinger han sverdet med rå kraft, og ei blanding av eleganse og brutalitet. Dei mange forskjellige komboane du har til disposisjon har også sine heilt særeigne animasjonar, noko som gjer kampane friske og dynamiske. Ein anna ting som gjer det lett å halde kontroll er eit praktisk auto-fokus-system. I staden for å springe etter ein fiende du slår bakover, vil Conan sende sverdet rett mot nærmaste fiende.

Conan har eit stort problem. Og det er eit lagringssystem som ikkje fungerar. Det kunne ha fungert i teori, men praksis ser det falle frå kvarandre. Det er ingen lagringspunkt i spelet. For å lagre må du plukke opp hellige steinar, og Conan kan ha med seg opp til fire av desse til ei kvar tid. Problemet er at du skjeldan har meir enn ein, og å finne nye er ikkje alltid like lett. Du lagrar kanskje spelet før noko som ser farleg ut, berre for å aldri finne nye steinar. Resulatet blir raskt at du må gjere store delar av kvart område om igjen. I staden for store langstrakte område er spelet delt inn i fleire mindre kart. Om du kunne ha lagra spelet kvar gong du kom til eit nytt område, ville lagringssystemet vore mindre problematisk.

Problematisk kamera
Kameraet i Conan kunne definitivt vore betre. Det kan skifte vinkel ganske brått, og i visse situasjonar kan dette vere katastrofalt. Spesielt når du skal gå på smale kantar og bruer. Dett du ned frå ei stor høgde døyr du. Måten du bevegar Conan på gjer eit funksjonabelt kamera livsviktig. Conan går alltid framover i forhold til kvar han ser. Er han vendt mot deg, vil han gå mot deg om du vil gå framover. Med eit mangelfullt lagringssystem blir dette raskt veldig frustrerande at kameraet kan vere skuld i at du døyr. Døyr du i kamp kan du reise til Crom sin arena, der du får ein ny sjanse til å bevise kva du er god for. Om det er ei felle, eller eit fall frå ei dramatisk høgde som blir din ende, kan du gløyme dette. Då er det tilbake til forrige lagring.

Som eit resultat av at det gjerne blir litt stopp i spelet, grunna at du gjerne må gjere ting om igjen fleire gongar, blir historia noko usamanhengande. Mellom kvart område vil ei forteljarstemme berette om Conan, og om kva som skjer. Regien er kanskje litt for slapp, og du kan lett kome i den situasjonen at du enkelt og greit ikkje hugsar kva som skjedde tidlegare. Det blir nesten som å lese ei bok, legge den frå seg, å prøve å byjre på igjen der du slapp fleire månader etter.

Conan er som sagt eit rett fram action-eventyr der det viktigaste er å drepe mange fiendar. Du vil finne eit par innslag av oppgåver der du må tenke litt, men i motsetning til dei fleste spel er det ikkje berre snakk om å trykke på ein knapp, og skubbe ei kasse. Dei er ikkje eit innslag av ekte genialitet, men du må gjerne tenke litt, og oppgåvene følest som om dei passar godt inn i Conan-universet. Ein negativ ting som rammar litt for mange spel i denne sjangeren er at det er veldig lineært. Du har eigentleg ingen val om kvar du skal gå, men områda og katakombene du bevegar deg gjennom er designa såpass bra at du aldri føler at du går på skinner.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden