Kommentar

Bethesdas Creation Club

– Creation Club er ein fiasko

Skivebom for Bethesdas nye versjon av betalte modifikasjonar til Fallout 4 og Skyrim.

Bethesda Softworks

Betalte modifikasjonar har vore eit omdiskutert tema i lang tid. Heilt sidan Valve og Bethesda introduserte moglegheita i 2015, har det vore jamne debattar om kva modifikasjonar betyr for brukarane, og kva verkemiddel ein bør bruke for å halde moddesamfunnet i live. I 2015 gjekk det knapt nokre dagar før tenesta blei fjerna på grunn av massiv kritikk frå spelsamfunnet, men denne gongen verkar det som betale modifikasjonar er kome for å bli.

Sei hallo til Creation Club – Bethesdas nye teneste for å hanke inn pengar på brukarskapt innhald. Utviklaren har henta inn nokre av dei beste moddarane til deltidsstillingar som «skaparar» (samt nokre av sine eigne tilsette), der dei utviklar modifikasjonar som me berre (ikkje eigentleg) kan få tak i via Creation Club. Her er det stort fokus på kvalitetssikring, og at det ikkje kan brukast ressursar frå andre modifikasjonar.

Bethesda.net om Creation Club:

Vis mer

Creation Club er ei samling av nytt innhald til både Fallout 4 og Skyrim. Her får ein nye gjenstandar, ferdigheiter og spelmekanismar laga av Bethesda Games Studios og utviklingspartnarar henta utanfrå, inkludert dei beste moddarane i samfunnet. Innhaldet på Creation Club er fullt kompatibelt med hovudspela, og dei offisielle utvidingane.

Modifikasjonane som leggast ut på tenesta, kan me laste ned i byte mot «credits». Valutaen kostar pengar, så det er i aller høgaste grad betalte modifikasjonar, men med eit meir finpussa system enn sist runde. Eller, ikkje følgje Bethesda da. Dei meiner klart og tydeleg at dette ikkje er betalte modifikasjonar. Les ein kva som står på infosida til Creation Club, meiner nemleg utviklaren at «mods vil vere eit gratis og opent system der kven som helst kan skape og dele kva som helst.» Dei seier vidare at fordi deira innhald er annleis enn det ein finn gratis (som det ikkje er), gjer det at ein ikkje kan kalle det for «betalte modifikasjonar». Problemet er berre at dei tar betalt for modifikasjonane. Den einaste måten ein kan snu på dette er ved å kalle modifikasjonane for offisielle utvidingar, men Bethesda seier ikkje dette direkte på infosida, så me blir ikkje heilt kloke på argumentasjonen deira der.

LES OGSÅ: Ikke forvent å se The Elder Scrolls VI på veldig, veldig lenge »

Glorifiserte mikrotransaksjonar

Sjølve tenesta tilbyr ei handfull av modifikasjonar, som i Fallout 4 gir deg to nye sett med Power Armor, to nye våpen, ein ryggsekk, ein pakke med møblar, to nye kostymer, samt ymse fargeendringar på Pip-Boy-verktøyet og Power Armor. Totalt vil alt dette koste deg nesten 200 kroner, som er vesentleg meir enn spelet kostar på sal. Sjølv fullprisen til Fallout 4 er berre 300 kroner. Openbert er prisane alt for høge på innhaldet. Me snakkar om særs minimale endringar, med høgare pris enn spelet sjølv. Det er direkte latterleg.

Kostymemodifikasjonen på Creation Club lar deg bruke rustningen frå Prey i Fallout 4.
Bethesda Softworks

Mikrotransaksjonar har blitt ein populær måte for spelutviklarar å hente inn midlar. Sjølv i einspelarspel som det komande Middle-Earth: Shadow of War får me sjå dette, og no Fallout 4 og etter kvart The Elder Scrolls V: Skyrim Special Edition. Hadde dette vore introdusert til eit fleirspelarspel som Counter-Strike: Global Offensive ville eg forstått at folk hadde kjøpt det. Der kan du vise deg fram for både venar og fiendar. Men Fallout 4 har ikkje fleirspelar. Det blir fullstendig meiningslaust.

Creation Club er openbert under utvikling – men er langt i frå klart for slepp. Det er alt for lite innhald, og ikkje ein einaste modifikasjon på Creation Club er verdt å bruke eit øre på, samanlikna med det me får gratis på sider som NexusMods. Kvaliteten på innhaldet er god så langt, det skal eg ikkje seie noko på, men det er ikkje unikt nok til å krevje pengar for det. Hadde det vore noko stort som Falskaar, Wyrmstooth, The Forgotten City eller mastodonten Enderal, skulle eg ikkje sagt noko. Men det er det ikkje. Dei må kome med noko unikt, noko me ikkje har sett før. Då tar eg gjerne fram lommeboka. Men no? Nei.

Nok eit metodisk feilsteg frå Bethesda

Moddesamfunnet er bygd opp av eldsjeler som berre tar betaling via donasjonar. Eg syns ikkje det er noko galt i at ein skal byrje å ta betalt for mods i seg sjølv, men det må gjerast ein innsats for å tilby interessant innhald.

Ingen bør bruke pengar på det her.
Skjermdump Steam

Ideen bak Creation Club er god. Det gir modifikasjonsforfattarane moglegheiter til å tene pengar på det dei bruker tusenvis av timar på å skape. Tenesta har òg ein kvalitetskontroll som fører til at modifikasjonane blir kompatible med spelet, slik at ein unngår tekniske problem. Problemet er berre at tenesta ikkje er klar enno. Hadde Bethesda gitt modifikasjonsutviklarane eitt år eller to, kunne dei vist fram unike modifikasjonar som ville skapt interesse rundt plattforma. Slik som det er no, går eg heller på NexusMods og finn noko betre.

Les også
Anmeldelse:

I førre runde viste forbrukarane at det er dei som har makta. Folk sendte tusenvis av e-postar til Valve, som visstnok skal ha kosta Valve langt meir enn dei tente på dei betale modifikasjonane. Det er nemleg me som bestemmer om noko blir vellukka eller ikkje. Me kan bruke den makta igjen, men eg trur ikkje me treng å gjere noko særleg her. Det er mange som har vore bekymra for at tenesta ville gå ut over den opne modifikasjonsmarknaden. Eg tviler sterkt på at det blir tilfellet her. Creation Club er ei ubetydeleg teneste som neppe kjem til å engasjere nokon med det første, og kjapt blir ei gløymt fotnote i modifikasjonsdebattane framover.

LES OGSÅ: VR-utgåvene av Fallout 4, Skyrim og Doom har fått sleppdatoar »

Siste fra forsiden