Darksiders-teamet lagar samarbeidsgrøssar

No veit vi kva Cryteks ferskaste utviklarstudio jobbar med.

Tidleg i fjor gjekk gode, gamle THQ dukken, og med det forsvann òg eit godt stykke utviklarstudio. Vigil Games som hadde utvikla den artige Darksiders-serien fekk ingen kjøparar, og framtida såg difor mørk ut. Det var heilt til tyske Crytek greip inn og like godt hyra Vigil-sjef David Adams og hans 35-mann sterke team for å danne Crytek USA.

Eit år har gått sidan den ferske Crytek-avdelinga blei starta opp, og i dag har Crytek sendt ut ei pressemelding der dei fortel kva Darksiders-veteranane har brukt det siste året på. Deira nye prosjekt heiter Hunt: Horrors of the Gilded Age, og blir eit samarbeidsspel med mørke og nifse overtonar.

Firkløver mot demonar

I Hunt: Horrors of the Gilded Age møter vi fire svært ulike heltar som står saman for å kjempe mot dei vulgære beista natta bringer med seg. Overtru og gamle folkeeventyr får ferskt liv der dei leiar spelarane mot dei grusame tinga som lev på kanten av røynda.

Det heile minnar i grove trekk ein del om Valves Left 4 Dead-serie. Vi har fire spelarar som reiser ut på eventyr i område som vil by å noko nytt kvar gong. Pressemeldinga lovar at vi aldri vil møte på heilt dei same områda og fiendane to gongar, og at spelet difor vil by på unike utfordringar kvar gong. Spelarane vil måtte samarbeide og tenkje smart sidan store farar kan lure rundt kvart hjørne.

Om dette høyrest spanande ut lovar Crytek at Hunt: Horrors of the Gilded Age vil få ein betatest på PC mot slutten av året. For å bli med i den kan du melde deg på via spelets offisielle nettstad. Hunt: Horrors of the Gilded Age vil kome til både PC og konsollar, men nøyaktig kva konsollar det er snakk om seier ikkje pressemeldinga noko om. I tillegg vil spelet vere eit ledd i Cryteks nye satsing på spel som tenester, noko som etter alt å døme betyr at inngangsbilletten blir gratis.

Dette er berre den siste i ei rekke kunngjeringar frå Crytek den siste tida. Nyleg avslørte dei MOBA-spelet Arena of Fate der eventyrfigurar møter kvarandre til kamp, samt eit nytt spel i Homefront-serien.

Siste fra forsiden