Anmeldelse

Dead Rising

Ikkje høyr på Sony. Det er Capcom som bestemmer når neste-generasjon startar.

Første gong du ser Frank West, tenker du kanskje ikkje at dette er fakkelbæraren som skal leie korstoget for å få Xbox 360 inn i heimen din. Han ser vel eigentleg ikkje slik ut. Han ser ut som ein a-typisk tøffing, skinnjakke og jeans, grove trekk, og det manglar som smått på den heilt store x-faktoren. Det er inntil han opnar munnen. Frå det første ordet Frank West ytrar, fell du pladask. Dette er det nye forbildet for alle menn som ynskjer å ein gong bli noko. Han er enkelt og greit den barskaste tøffingen som nokon gong har latt seg styre av ei analogstikke.

I oppstarten for denne nye generasjonen (sjølv om Xbox 360 for så vidt har vore her ei stund) fekk vi høyre mykje om kjensler. Kjensler kjem til å bli det nye og vesentlege denne generasjonen ville bringe med seg. Kjensler? spør du. Har vi ikkje blitt knytta til digitale personar før? Tenk berre på Final Fantasy, Half-Life, spel proppfulle av kjensler. Ta meg på ordet når du høyrer kva eg har å sei; du har enda ikkje sett kjensler. Om du vil sjå kjensler er Dead Rising ditt einaste alternativ.

Eit stort steg framover

No legg du kanskje ord og uttrykk som sentimentalitet og kjærleik, som definisjonen på kjensler. Sånt finn du kanskje ikkje så mykje av i eit spel som Dead Rising. Det er på andre område vi finn kjensler her. Det er når Frank snakkar med nokon i ein av spelets mange dialog-sekvensar at vi verkeleg ser kjenslene. La meg forklare før du går lei av dette ordet:

Måten Capcom har prestert å få fram personlegheitene til dei forskjellige individa i spelet er ein milepæl. Du høyrer ikkje berre orda, du ser ikkje berre leppene som bevegar seg, men du ser det i auga deira. Det er det viktige. Eg skal ikkje påstå at dynamikken i ansiktsanimasjonen er perfekt, det er den ikkje, men du kjenner personane umiddelbart. I eit spel som Dead Rising, viser akkurat dette seg å være ekstremt virkningsfullt.

Dette er eigentleg eit teikn på kor gjennomført jobben til design-teamet har vore. Dei har ikkje berre fokusert på at alt skal sjå flott ut, med detaljerte modellar og sylskarpe teksturar, det ligg i utføringa. Dead Rising ser fantastisk bra ut, det er det ingen tvil om, men du ser det kanskje ikkje umiddelbart. Du finn visse halvt utviska teksturar her og der, men det heilheitsinntrykket ein sit igjen med får ein til å gløyme slikt. Det spelar inga rolle, for blikkfanget ligg alltid på det som får deg til å smile og innsjå at det er dette neste-generasjon handlar om.

Det heile blir forsterka av eit lydbilete som får det meste anna til å høyrest ut som nokon som aldri burde ha prøvd seg på SingStar. Lyden av eit skot som går av, eit sverd som kløyver gjennom stinkande zombie-kjøtt, alt er som det skal være. Eg har aldri høyrt nokon dele ei zombie i to, men eg veit at det er slik det vil høyrest ut.

Kruna går uansett til skodespelet. Igjen, du trur på karakterane. Det høyrest ut som om dei er der, og du tenker omtrent aldri over at dialogen på nokon måte kunne ha vore framstilt betre. Det einaste som ikkje er heilt i toppen er lydane frå folk du spring rundt med, dei fleste høyrest heilt like ut, og det er ikkje så imponerande, men kven bryr seg? Ikkje eg, eg er opptatt med å kløyve vandrande lik med ein blankpolert katana.

Enden er nær

I utgangspunktet er Dead Rising enda eit spel der du skal slå deg veg gjennom eit hav av monster. I dette tilfellet snakkar vi sjølvsagt om dei som tidlegare var blant oss, men som no haltar rundt i ei heller laber tilstand. Zombier på godt norsk. I ekte George Romero-stil befinn du deg i eit kjøpesenter. Handlinga utspelar seg over tre dagar, og her skjer det litt av kvart. Zombiene har tatt over, folk ligg i skjul, og det er eit eller anna muffens her. Sånn bortsett frå at folk har gått fullstendig av skaftet og køyrer rundt i parken, i ein terrengbil med påmontert mitraljøse.

Du kjem til å bruke mykje tid blant zombier. Dei er mange, og det hadde vore interessant å finne ut korleis dei formeirar seg, men eg skal ikkje spekulere for mykje i det. Det einaste du treng å være klar over er at dei kan lukte ditt blod, og gjerne vil ha ei smaksprøve. Heldigvis er dei treig og dumme, så det kan i stor grad gå greit å halde seg unna dei. Men akkurat det er det lite poeng i, sidan mykje av moroa i spelet ligg i å kveste dei med det du måtte finne av våpen. Tilbodet i dag består av golfkøller, kleshengarar, ein gitar, nokre perler, og ein grasklippar i matchande raud farge.

Ingen nåde

Dead Rising har eit veldig kronglete lagre-system. For det første må du finne eit toalett eller ei seng, og desse er det ikkje mange av. I tillegg kan du av ein eller annan infantil grunn ikkje velje å avslutte om du skulle være så uheldig å dø. Du kan velje å laste inn den eine lagra fila du får, eller du kan lagre statusen din og avslutte. Å lagre statusen din betyr i praksis at du lagrar nivået ditt og alt du har lært så langt. Det er berre ei hake ved det, du må starte heilt på nytt. Å kunne velje sjølv hadde ikkje gjort noko.

For å gjere jobben lettare kan Frank gå opp i erfaringsnivå. For å bli betre må du få prestisjepoeng, og du tener desse ved å drepe dine fiendar, utføre oppdrag, og ved å ta bilete. Frank West er som kjent fotojournalist, og han er på jakt etter noko å skrive om. Ved å dokumentere alt du ser, kan du tene poeng. Du får poeng etter kva som skjer i biletet. Tar du til dømes bilete av ei zombie som står i ro, er det ikkje værd mykje. Om du klarar å knipse eit bilete av ei større gruppe zombier med eksploderande hovud, kan du rekne med at poenga dine stig ganske mange hakk.

Dead Rising er på ein måte eit veldig lineært spel. Du har ei bestemt historie du er nødt til å få med deg, og dette skapar tidspress. Du er til ei kvar tid nødt til å være på eit gitt område til ei bestemt tid, elles mistar du sjansen til å finne ut kva som eigentleg foregår, og historia i seg sjølv er over.

Dette kan bli ganske frustrerande til tider. Alternativt bringer det med seg kjedsem, sidan du kun har ein time til du må være ein stad, og du ikkje rekk å gjere noko anna enn å vente. Stå i ro med andre ord. Held du deg innanfor desse rammene, og sjekkar klokka regelmessig, er det derimot enormt med ting som vil variere opplevinga di kvar gong du tar på deg skoa til Frank. Dead Rising har gjenspelingspotensiale utan sidestykke.

Frank West, ein mann av folket

Gjennom spelet sin gang vil du ofte få opprop frå kontrollrommet med informasjon om ting som skjer i kjøpesenteret. Dette kan være alt frå personar i nød, til psykopatar som har gått fullstendig av skaftet. Ta til dømes ein far og hans to søner som endar opp med å angripe deg med rifler. Det er trass alt deira gudsgivne rett som amerikanarar å forsvare seg med våpen mot all hostilitet. I andre tilfelle må du redde folk. Du finn dei i alle tenkelege tillstandar, og nokre kan knapt gå sjølv, slik at du må bære dei.

Det ein innser, er at du ikkje kan redde alle. Har du med deg ei lita gruppe, kan det raskt skje at ein av dei blir begravd av levande døde. Kva vil du gjere? Springe tilbake og prøve å redde han – og samtidig risikere dei andre sine liv – eller vil du kome deg i sikkerheit med resten? Det blir eit dilemma du må ta stilling til, og det forsterkar panikken som breiar om seg i ein slik situasjon. Dess fleire du klarar å redde, dess meir bakgrunn for kva som skjer får du. Med andre ord, vil du vite mykje, og vil du sjå mange av dei engasjerande historie-sekvensane, må du jobbe for det. Du må ikkje redde personar i nød, du kan gjere akkurat det du vil, så lenge du utfører hovudmåla som er nødvendig for vidare progresjon.

Dessverre er det visse uønska feil i spelet som kan gjere jobben din vanskeleg. Det hender av og til at folk ikkje følgjer deg. Du kan gå opp til dei for å snakke med dei, men du får ikkje nokon kommando for å snakke. Dei berre står der, spring rundt i ring, eller skrik i panikk utan at du får gjort noko. Klokka går sjølvsagt, og du innser at om du vil redde desse stakkarane må du starte på nytt.

Konklusjon

Eg må innrømme eg bryr meg fint lite om kven som vinn den komande konsollkrigen. Det spelar inga rolle, for om Dead Rising på nokon som helst måte er ein indikasjon på kva vi har i vente, blir det stort. Dead Rising er aleine verd eit innkjøp av Xbox 360. Så bra er det. Det er dette neste-generasjon handlar om, og Dead Rising er spelet som viser framtida. Det er ekstremt valdeleg, men det er også mykje meir. Valden er som hinder i ei hinderløype; noko du må gjennom for å kome i mål.

Sjølv om gladvald aldri har vore så moro, er ikkje det alt Dead Rising handlar om. Det er mange kjende element her, forandringane frå tidlegare spel er ikkje enorme, men totalt sett er det betre. Mykje betre, og eg har aldri opplevd noko liknande.

Siste fra forsiden