Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Det blir frisbee, det blir retro, det blir monster, og det blir romvesen.

Og med det var jula over. Ved sidan av å teste både kampanjen og fleirspelarmodusen til Halo Infinite, har det ikkje vore så mykje på spelfronten denne månaden. Vi har tatt oss litt tid til andre sesong av The Witcher, men utover det har dei fleste vore meir opptekne over å roe ned litt, og feire jula.

Eit nytt år står for tur, og det lovar å blie særs spanande. Dei nye konsollane har fått etablert seg godt, og mange nye eksklusive spel, både frå førstepart og tredjepart skal ut til publikum.

Starten på året er derimot litt lunken, og byr på det som må vere lov å kalle ein noko forsiktig start på det nye året.

Windjammers 2

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows, Stadia
Ute: 20. januar

Pogn for vidarekomne.
Dotemu

Det er kanskje ikkje så rart om du aldri har høyrt om Windjammers. Der var eit spel lansert heilt tilbake i 1994 i arkadehallar og på Neo Geo, ein konsoll som aldri heilt fekk fotfeste i Noreg. Gameplayet i Windjammers kan lett samanliknast med Pong, det klassiske spelet der to spelarar slår ein ball mot kvarandre i håp om å få den inn i det vesle målet.

I Windjammers 2 er det heile oppgradert mange hakk. Utviklarane sjølve seier spelet er som ei krysning mellom Pong og Street Fighter, der to spelarar kan bruke alskens trisk for å få ein frisbee i motstandarens mål. Med handteikna grafikk og eit solid arsenal med spenstige atletar å spele som, kan dette bli eit artig tilslag i spelsamlinga denne månaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Windjammers 2

Gunvolt Chronicles: Luminous Avenger iX 2

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 27. januar

Fargerik galskap frå Japan.
Inti Creates

Gunvolt Chronicles er ein action-plattformspelserie utvikla av japanske Inti Creates, som blant anna har stått bak fleire Mega Man-spel. Her kan vi vente oss eksplosiv og fargerik retromoro frå folk som verkeleg kan sin sjanger. Vi blir lova varierte og intense nivå fulle av utfordringar og gjerne med eit mannevondt beist ventande rett ved målstreken.

Om du spelte det første Luminous Avenger-spelet, kan du glede deg over at hovudpersonen Copen er tilbake, men med eit hakket meir ambisiøst arsenal enn førre gong. I dette spelet diskar han til dømes opp med eit barberbladhjul som skal kunne rive veg gjennom ein kvar fiende. Han har og to forskjellige former han kan skifte mellom for å fokusere på kamp eller kome seg kjapt gjennom nivåa.

Les også
Anmeldelse: Rainbow Six Extraction

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gunvolt Chronicles: Luminous Avenger iX 2

Pokémon Legends: Arceus

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 28. januar

Omsider er det klart for fri ferdsel i Pokémon.
Game Freak

Dei fleste av dei mange spela i den særs populære Pokémon-serien har halde seg nokon lunde innan same formel. Med Pokémon Lagends: Arceus er det derimot tid for noko heilt nytt. Som mange andre spel tek Pokémon-serien no steget ut i den opne verda.

Vi reiser ikkje til heilt ukjende farevatn, men tek turen til Sinnoh-regionen, som er den same som blei utforska i Pokémon Diamond og Pearl. Vi skal derimot eit solid stykke bak i tid. Du er ein del av eit team viss formal er å reise ut på ekspedisjonar for å samle inn det som måtte finnest av Pokémon, og fylle opp Pokédexen. Det blir spanande å sjå korleis Pokémon taklar overgangen til friare former når spelet lanserast i slutten av månaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon Legends: Arceus

Rainbow Six Extraction

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows, Stadia
Ute: 31. januar

Klar for litt romvesenslakt?
Rainbow Six Extraction

Tida er snart klar for det neste spelet i Ubisofts Rainbow Six-serie. Dette blir ikkje heilt som før, og sjølv om det framleis handlar om å skyte fiendar, handlar det ikkje lenger om å skyte kvarandre. No skal spelarane i staden samarbeide om å knerte fiendar frå det ytre rom.

Det kan med andre ord sjå ut til at Ubisoft har henta ei solid bøtte inspirasjon frå zombie- og horde-modusar som har blitt ganske så populære i andre seriar. Vi blir lova eit solid utval med monster i mange fasongar, og ved å legge inn litt arbeid kan du låse opp nye våpen og hjelpemiddel. Ubisoft lovar i tillegg full støtte for speling på tvers av plattformer.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rainbow Six Extraction

Noko attåt

Kratos og son kjem endeleg til PC.
Sony

Januar 2022 er kanskje den mest avslappa vi har sett på lang tid, men trass det finnest det likevel ting mange har venta lenge på. Du kan til dømes få utvikle fjerne og fargerike planetar når ASTRONEER blir lansert på Switch.

Eit spel som tek turen frå Switch er fantastiske Monster Hunter Rise som endeleg kjem til PC.

Dette er derimot ikkje den einaste godbiten som endeleg kjem til PC. PlayStation 4-slageren God of War kjem til PC etter langt om lenge. Uncharted: Legacy of Thieves Collection kjem no i fyste omgang til PlayStation 5 for dei som ikkje allereie har spelt det.

Det var det for januar, vi kjem sterkare tilbake neste månad.

Siste fra forsiden