Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

Sommar og sol, eller spel og moro. Det er spørsmålet.

Der er den. Sommaren. Denne fagre gulrota som heng framfor oss heile året. I år ser det derimot ikkje heilt ut til at sommaren sjølv har skjønt at den er i gong. Det er med andre ord godt at vi har fleire spanande spel på veg.

Først må vi vinke farvel til ein svært solid mai-månad. CD Projekt Red leverte det fantastiske rollespelet The Witcher 3: Wild Hunt, sjølv om enkelte har vore sure fordi spelet ikkje var like pent som dei første bileta skulle ha oss til å tru. Eit anna spel som leverte varene var det suverene bilspelet Project Cars.

Nintendo mista på si side ballen litt med det svært skuffande Kirby and the Rainbow Paintbrush. Men nok om fortida, her er spela vi ser fram til i juni.

Heroes of the Storm

Plattform: Windows, Mac
Ute: 2. juni

Blizzard byr på action i Heroes of the Storm.

Med Heroes of the Storm er det freistande å bruke det engelske uttrykket «full circle». Det er eit flunkande nytt spel i MOBA-sjangeren, ein sjanger som fekk sin popularitet gjennom DOTA-modden til Blizzards Warcraft 3. Med Heroes of the Storm tek Blizzard sjølv over styringa, og lar oss spele som ei lang rekke kjende Blizzard-figurar. Det var noko vi visste å setje pris på i vår sniktitt:

«Eg er ingen MOBA-spelar, men det vil nok endre seg med utgjevinga av Heroes of the Storm. Blizzards mantra, «lett å lære, vanskeleg å meistre» gjeld i aller høgste grad for dette spelet. Spelet legg til rette for sånne som meg, og dette blir nok inngangsbilletten til ein sjanger fleire kanskje kvir seg for å prøve.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Heroes of the Storm

LEGO Jurassic World

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, PlayStation Vita, Xbox One, Xbox 360, Wii U, 3DS, Windows
Ute: 12. juni

LEGO Jurassic World sender oss på tur gjennom fire filmar.

Den fjerde filmen i Jurassic Park-serien er på veg, og det er eit godt høve for TT Games å LEGOsifere dei ikoniske dinosaurane. I LEGO Jurassic World får vi servert alle dei fire filmane i serien på eit sølvfat. Her får vi hoppe og springe oss frå starten med John Hammonds katastrofale dinosaurpark, vidare gjennom både nye øyer, ein T-Rex i byen, og den heilt nye parken frå Jurassic World.

Vi skal få over 100 spelbare figurar å velje mellom, og blant desse vil vi finne fleire dinosaurar. Om du har lengta etter å ta på deg rolla som store og sinte mamma-T-Rex er det godt mogleg du får sjansen no. På toppen av det skal du få lov til å leike deg med genspleising og DNA for å lage dine eigne hybriddinosaurar.

Les også
Anmeldelse: Heroes of the Storm

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på LEGO Jurassic World

Batman: Arkham Knight

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 23. juni

Batman er tilbake for å avslutte Arkham-trilogien.

Rocksteady har hatt fenomenal suksess med sine Batman-spel. Frå starten med Batman: Arkham Asylum har dei skapt herlege og mørke eventyr der du i rolla som Batman får ta opp kampen mot ei rekke superskurkar med både list, brutal makt og mørke skuggar. I Arkham Knight pøsar utviklarane på med enda meir innhald, deriblant Batmobilen. Vi tok ein kikk på spelet i fjor:

«Når Rocksteady avsluttar Batman: Arkham-trilogien sin etter fem år kan ting tyde på at dei har fått perfeksjonert mykje. Som venta har det grafiske fått eit løft frå ein konsollgenerasjon til ein anna. Rocksteady har vist seg frå si beste side heilt sidan Batman: Arkham Asylum i 2009, og har etter alt å dømme god peiling på kva som gjer Batman til nettopp Batman.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Batman: Arkham Knight

Final Fantasy XIV: Heavensward

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Windows
Ute: 23. juni

I Final Fantasy XIV: Heavensward får du ridedyr.

Denne månaden får Final Fantasy XIV: A Realm sin første ekspansjonspakke. Etter ein lang og utfordrande utviklingsprosess der lanseringa av eit heilt uferdig spel er blant ingrediensane, har Final Fantasy XIV no sigla seg opp til å bli eit av dei betre MMO-spela på marknaden. Med utvidinga Heavensward får vi nivåauke, ein ny spelarrase, samt moglegheita for å byggje luftskip. Om du lurer på om dette er noko du bør smake på kan du ta ein kikk på vår vurdering av A Realm Reborn:

«Alt i alt har Square Enix greid å stable eit godt spel på beina etter fadesen med første versjon. Solid handtverk, god grafikk og eit kampsystem som fungerer veldig bra gjer at Final Fantasy XIV: A Realm Reborn framstår som eit godt, om enn litt keisamt og trygt spill.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Final Fantasy XIV: Heavensward

Yoshi's Woolly World

Plattform: WII U
Ute: 26. juni

Yoshi gjer seg klar for eit sukkersøtt eventyr.

I Yoshi's Woolly World er det atter ein gong tid for den grøne dinosauren Yoshi å leggje ut på eventyr. Denne gong har utviklarane hos Good Feel henta inspirasjon frå Nintendos Kirby's Epic Yarn, og fått det heile til å sjå ut som om dei laga av stoff. Med enkle og lettfattelege spelmekanikkar får vi reise rundt i ei verd som ser ut som om den er strikka av ull, og vi smelta totalt då vi tok ein kikk på spelet:

«Det burde ikkje ha vore lov for eit dataspel å vere så pene, så latterleg kreativt utforma, så venleg innstilt til spelaren, men slik har det no blitt. Nintendo og Good-Feel veit å dytte spelgrafikk i nye retningar, først på Wii, og nå på Wii U. Etter ein ørliten smakebit på kva dei har å by på er eg hekta, og kjempegira på å spele den ferdige utgåva av Yoshi's Woolly World. 2015 kan rett og slett ikkje kome fort nok.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Yoshi's Woolly World

Mørke draumar og blodsprengt hat

I Hatred må alt og alle døy.

Resten av spela i juni byr på ei temmeleg variert liste med spelopplevingar. Capcom gjev ut Devil May Cry 4 på ny i ei spesialutgåve pussa opp for nye konsollar, og med ei solid menge nytt innhald. Dette er berre eit av fleire spel på veg til nye plattformer denne månaden.

The Elder Scrolls Online får omsider si konsollansering, medan det sære eventyrspelet D4: Dark Dreams Don't Die tek eit hopp frå Xbox One til PC. Eit anna eventyrspel som kjem ut denne månaden er den visuelle novella STEINS;GATE som kjem til PlayStation 3 og PlayStation Vita.

Strategane får litt å bryne seg på i Act og Aggression, medan dei som likar litt skumlare saker kan bryne seg på Kholat. Dette spelet baserer seg på den sanne historia om ni erfarne turgåarar som natt til 2. februar 1959 døydde under mystiske omstende i Ural-fjella i Russland.

Sist, men ikkje minst, har vi Hatred. Årets store kontrovers. I dette spelet skal du spele ein sint fyr som hatar alle og difor bestemmer seg for å drepe alle. Berre fordi liksom. Spelet er ein stikkeskytar av den gamle sorten, og vi finn snart ut som det er meir enn provokasjon for provokasjonens skuld bak den noko pubertale hatsretorikken.

Siste fra forsiden