Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Her blir det høg fart, mange tenner, enda fleire kuler, og ein og anna demon.

Eit nytt år nærmar seg med stormskritt, og atter ein hektisk spelmånad ligg bak oss. Det har vore travelt på mange frontar, og det må seiast at kvaliteten på spela denne månaden har vore av det noko ujamne slaget. På toppsida finn vi herlege opplevingar som Metroid Dread og Impostor Factory, samt fornøyeleg zombieslakt i Back 4 Blood.

Lenger ned på lista finn vi ting som ikkje heilt overbeviste. Eastward var hakket for keisamt, Far Cry 6 var for mykje av det same gamle, medan eFootball 2022 var så forferdeleg dårleg at vår mann såg seg nøydd til å konstatere at det var heilt krise.

Med det snur vi som vanleg blikket framover mot kva vi skal kose oss med i månaden som kjem.

Flåklypa Grand Prix

Plattform: Switch, Nintendo
Ute: 4. november

Ill Tempo Gigante! Nok sagt.
Espen Jansen/Gamer.no

For 21 år sidan lanserte Capricornus spelet Flåklypa Grand Prix basert på den legendariske filmen med same namn. Spelet blei kanskje ikkje heilt uventa den største norskproduserte spelsuksessen nokon sinne, og bydde på ein sjarmerande kavalkade med minispel og artige aktivitetar for alle Aukrust-entusiastar å moro seg med. I år kjem ei ny tolking av klassikaren, med betre grafikk og oppdatert gameplay. Vi har allereie hatt gleda av å teste det, og sjølv om spelet er i kortaste laget hadde vi mykje moro med det:

«Nyversjonen av Flåklypa Grand Prix er visuelt tiltalande og tru mot originalen, med ei rekke fantastiske minispel, eit flott univers og sjarme i alle krikar og krokar. Eg lat meg umiddelbart målbinde av stemninga som omkransar også denne utgåva av Flåklypatoppen, og dei snaut tre timane spelet varar byr på enormt mykjee kos.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Flåklypa Grand Prix

Forza Horizon 5

Plattform: Xbox One, Xbox Series X/S, Windows
Ute: 10. november

Fart og moro i Forza Horizon 5.
Microsoft

Forza-serien har lang fartstid på Xbox-konsollar heilt sidan starten med Forza Motorsport i 2005, og no er det endeleg tid for eit spel i den populære racing-serien på Xbox Series-konsollane. Denne gong reiser vi til Mexico, og og utviklarane skryt av at Mexico er nesten som ei heil verd i eitt land. Her vil vi finne alt frå snødekte fjelltoppar til tropiske junglar, urbane byar og strender med havet som utsikt.

At spelet kjem til Xbox Series-konsollane betyr naturlegvis at vi får eit markant grafisk løft. Microsoft slapp under årets E3-messe ein lengre video som demonstrerte spelets visuelle musklar, og det ser unekteleg lekkert ut. Om det blir det flottaste racingspelet så langt finn vi først ut når vi har spelet i hende, men alt tyder uansett på at vi får med ein spektakulær grafisk racingfest å gjere.

Les også
Slik ser Mexico ut i Forza Horizon 5

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Horizon 5

Call of Duty: Vanguard

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 5. november

Krig endrar seg som kjent aldri.
Espen Jansen/Gamer.no

Når ein har halde på med å lage årlege spel i ein serie i heile 18 år skal det litt til for å skape noko heilt nytt kvar gong. Det ser det heller ikkje ut til Sledgehammer Games har prøvd på med årets Call of Duty, i staden har dei satsa på å raffinere opplevinga, og skape knallgode kart som gjev spelarane alt rom dei treng for å yte sitt beste. Vi skal igjen tilbake til andre verdskrig, og i vår sniktitt fekk spelet skryt for blant anna korleis Call of Duty: Vanguard framstiller denne tidsepoken:

«Særleg imponert blei eg over eit nivå sett på tvers av ein takterasse med bar, heissjakter og utsikt til Eiffel-tårnet, der både planløysing og visuelt design sto sterkt. Den nye Champion Hill-modusen er også eit veldig friskt pust, med klare og velvalde inspirasjonskjelder som sikrar mang ei intens skuddveksling.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Vanguard

Jurassic World Evolution 2

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 9. november

Rexie synest det er litt for lenge sidan sist ho åt ein turist.
Frontier Developments

Med Jurassic World Evolution 2 satsar utviklarane hos Frontier på å skape den ultimate dinosaurparkbyggaren. Her får vi langt meir avanserte system og vi får gå mykje lengre inn i djupna på korleis parkane skal fungere. Vi får og mykje større kontroll over korleis parkane skal sjå ut, både når det gjeld bygningar og fasilitetar, men òg med tanke på korleis sjølve naturområda dinosaurane vil leve i skal sjå it.

Den viktigaste ingrediensen blir sjølvsagt dinosaurane, og her byr spelet på ei lang liste med både kjende og ukjende dinosaurartar. Mange er kjende frå filmane, men mange vil for andre enn dinosaurentusiastar vere ukjende. Dyra skal alle ha mykje meir avansert og naturleg oppførsel enn i det første spelet, og vil vere meir uforutsigbare enn dei var i det første spelet. På toppen av det heile kjem ei rekke ulike modusar der ein blant anna skal få spele gjennom scenario frå alle filmane i serien.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Jurassic World Evolution 2

Shin Megami Tensei V

Plattform: Switch
Ute: 12. november

Shin Megami Tensei-serien returnerer med himmelske kampar.
Atlus

Shin Megami Tensei-serien er faktisk blant dei eldste japanske rollespelseriane. Det første spelet dukka opp så tidleg som i 1987, i sidan den tid har serien forgreina seg til fleire underseriar, der den utvilsamt best kjende er Persona-serien som har haust stor suksess i seinare år.

Shin Megami Tensei V tek oss derimot tilbake til røtene. Her er det kampen mellom demonar og englar som står i fokus, og vi reiser igjen til Tokyo, der vi tek på oss rolla som ein skuleelev som blir dregen inn i ein apokalyptisk versjon av Tokyo der han blir eit midtpunkt i den himmelske kampen. Spelet vil by på både nye og moderniserte mekanikkar, men vil likevel halde seg til viktige pillarar serien er kjend for, som til dømes å samle demonar og spleise dei saman for å skape nye.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Shin Megami Tensei V

Gangsterar og musikalske installasjonar

Battlefield-serien er tilbake med lovnader om mykje action.
Andreas Bjørnbekk/Gamer.no

Som kvar einaste månad kvart einaste år blir det denne månaden òg mykje anna å bite tenna i. Om du sakna Battlefield 2042 på Topp 5-lista, må vi naturlegvis nemne at det òg er på veg. Eit anna skytespel som dukkar opp i november er Bright Memory: Infinite som, tru det eller ei, er laga av berre ein person.

Om vi tek turen over til noko heilt anna, kan vi ta ein ørliten kikk på eventyrspelet Sherlock Holmes Chapter One. Her skal vi møte ein ung Sherlock Holmes og bli med han når han etterforskar mora sin død.

Blir det for dystert kan du heller prøve deg på litt herleg kanonballmoro i Knockout City, eller kva med Kid A Mnesia Exhibition, eit slags spel basert på Radiohead sine klassiske plater Kid A og Amnesiac? Meir musikk finn vi i rytmeaction-spelet Klang 2.

På den heilt andre sida av gjerdet finn vi datingspelet Cupid Parasite, og rollespelet Blue Reflection: Second Light der du både skal utforske ei mystisk verd, kjempe mot skrømt og byggje opp ein skule (!). Eit anna japansk rollespel denne månaden er Tales of Luminaria. Ikkje heilt rollespel kanskje, men action-eventyrer Death's Door kjem til nye konsollar denne månaden.

Blir alt dette for fjernt kan det kanskje vere like greit å satse på nokre timar gardsdrift i Farming Simulator 22.

FLotte Death's Door kjem til nye konsollar.
Andreas Klebo-Espe/Gamer.no

Og med det har vi kome til den delen av månaden der vi tek føre oss alt det gamle som er tilbake. Zombiespelet World War Z, kjem til Switch denne månaden. Det same gjer A Boy and his Blob, og ikkje minst nokre nye versjonar av gamle Pokémonklassikarar i Pokémon Shining Pearl og Pokémon Brilliant Diamond.

The Elder Scrolls V: Skyrim er tilbake igjen denne månaden. I år feirar Bethesda at spelet er ti år gammalt med ei samlepakke som inneheld alle ekspansjonar, samt nokre handplukka modifikasjonar.

Basebyggespelet Evil Genius 2 kjem til konsoll denne månaden, og det gjer eventyrspelet Beyond a Steel Sky òg.

Det kanskje aller mest etterlengta gjensynet denne månaden er derimot Grand Theft Auto: The Trilogy – The Definitive Edition. Her får vi både GTA 3, Vice City og San Andreas i ei pakke, med eit lite grafisk løft attåt.

Med det gjenstår det berre å ynskje dykk alle god speling i månaden som kjem.

Siste fra forsiden