Feature

Desse spela gler vi oss til i november

God of War Ragnarök og Pokémon pregar november, men det kjem andre godbitar også.

Hausten er og blir ei fantastisk tid på spelfronten. Perlene og nedturane renn inn som, vel, perler på ei snor, og månaden vi nett har lagt bak oss har nesten levert varene på alle dunkt. Vi har fått flott spel som til dømes spanande og stemningsfulle A Plague Tale: Requiem, uhyggjelege og makabre Scorn, samt stor strategi i Victoria 3.

Det var litt nedtur med superheltspelet Gotham Knights, men sånn går det når sjefen sjølv uteblir og overlet jobben til sine langt mindre kjende og populære aspirantar.

Og med det ser vi igjen framover.

Sonic Frontiers

Sonic Frontiers blir ein ny vår for den blå helten.
SEGA

Plattform: PlsyStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 8. november

Sidan lanseringa av Sonic the Hedgehog i 1991 har Sonic vore Sega sin udiskutable maskot. Etter ein sigerkavalkade med sideskrollande klassikarar blei det derimot litt vanskelegare for det blå lynet å finne seg til ro i tredimensjonale område, og suksessen har ikkje vore den heilt store i dei seinare år.

No prøvar derimot Sega seg med noko heilt nytt. Sonic Frontiers blir framleis eit Sonic-spel der fart står høgt i kurs, men no får vi ei gedigen opa verd å utforske. Sonic og kompisgjengen har blitt sugd inn i eit ormehòl, og har blitt spreidde for alle vindar. No må Sonic samle gjengen igjen, og naturlegvis kjempe mot robotar og samle gullringar på vegen. Om Sonic vil takle overgangen til ei opa verd finn vi snart ut.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sonic Frontiers

God of War: Ragnarök

Frøya er neimen ikkje blid.
Sony Interactive Entertainment

Plattform: 9. november
Ute: PlayStation 4, PlayStation 5

Etter det intense eventyret der far Kratos og «gut» Atreus la ut på ei reise der dei kom i klammeri med opptil fleire norrøne gudar, er det no klart for det som garantert blir ein blodig og brutal oppfølgjar. Nye gudar, nye monster, og ikkje minst eit solid basketak med Tor med hammaren står no i vente i eit spel som garantert blir spektakulære greier slik vi etter kvart har blitt vande med frå Santa Monica Studio. Vi har allereie spelt det ei stund, og er veldig klare for meir:

«Det er for tidleg å vite kvar handlinga i Ragnarök er på veg, men dei mange spørsmåla og mysteria er ei solid drivkraft som av og til gjer det vanskeleg å legge kontrollaren frå seg. Alt flyt enormt godt, og blandinga av historieoppdrag og utforskning er like utsøkt som den var i 2018.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på God of War: Ragnarök

Pentiment

Pentiment er eit historisk korrekt eventyrspel med mord og mysterium som ingrediensar.
Microsoft

Plattform: Xbox Ones, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 15. november

Pentiment er ikkje berre eit uvanleg spel for rollespelstudioet Obsidian å rekne, det er uvanleg spel jamt over. Dette historiedrivne spelet kastar oss ut i rolla som Andreas Maler som må etterforske eit mord på 1500-talet, i ei tid der kultur og religion er i stor endring. Vi tok ein kikk på det tidlegare i år, og fekk veldig lyst til å sjå meir:

«Det er likevel noko svært forlokkande med dette spelet, sjølv om det står litt i fare for å bli litt i overkant spesielt. Men det er strengt tatt ingenting gale med det. Vi treng små, sære spel som kan gje oss noko heilt anna mellom dei digre storproduksjonane, og Pentiment ser ut til å kunne levere akkurat det. Spelet ser ut til å by på både interessante mordmysterium, konflikter mellom trusretningar, og ei verd i endring.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pentiment

Pokémon Scarlet og Pokémon Violet

Ein ny verd ligg for dine føter.
Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 18. november

Alltid like populære Pokémon er tilbake med sin niande generasjon, og denne gongen tek serien steget ut i ei flunkande ny og diger opa verd. No er det slutt på tida der du måte vandre rundt i soner diktert av historia, og i staden kan du no farte rundt heilt fritt slik det passar deg.

Verda er likevel full av farer, og mange nye Pokémon er på plass. Vi får nye start-Pokémon og mange nye beist du kan samle på reisa di. Vi reiser til eit nytt område som ser ut til å hente meir enn berre litt inspirasjon frå Spania. Som om ikkje det var nok byr spelet på ein flunkande ny fleirspelarmodus som lar deg reise på eventyr og samle Pokémon saman med vener.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon Scarlet og Pokémon Violet

Warhammer 40,000: Darktide

Vi har ei mørk og grim framtid i vente.
Fatshark

Plattform: Windows
Ute: 30. november

Etter suksessen med rotteslakta i Warhammer: Vermintide-spela, har svenske Fatshark no sett kursen bort frå grim fantasyfortid, og teke turen til den kanskje enda grimmare framtida. Warhammer 40,000: Darktide byr på mykje av den same skytemoroa som i Vermintide, men med heilt andre fiendar, våpen og utfordringar.

Som eit medlem av den nådelause inkvisisjonen skal du lage din eigen karakter, og leggje ut på tokt i byen Tertium frå vonde horder som prøvar å øydeleggje den. Spelet blandar nærkampskriginga frå Vermintide med kraftige skytevåpen, og lovar mykje blod og gørr. Det beste av alt er at du kan spele gjennom heile kaoset saman med opp til tre vener, eller tilfeldige one-game-stands.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Warhammer 40,000: Darktide

Noko attåt

Somerville byr på kjend uhygge frå Limbo-skaparen.
Jumpship

Som i oktober er det ein vanvittig haug med spel på veg mot oss i vekene framover. Alt frå skrekk og gru til hest og grønsaksdyrking skal vi få kose oss med.

Sidan vi nett har lagt Halloween bak oss passar det såleis godt å kike litt på dei skumle spela som er på veg. Vi har blant anna Somerville frå skaparen av herlege Limbo, og ikkje minst neste kapittel i The Dark Pictures Anthology: The Devil In Me. Vidare finn vi The Chant, eit horror-survival-spel der du skal både lage gjenstandar og sleppe unna psykedelisk horror. For ein hakket meir aktiv kamp mot skrømta kan du ta ein kikk på Evil West, westernspelet der du blant anna skyt vampyrar og andre monster.

Horse Tales: Emerald Valley Ranch er det vi finn om vi reiser heilt til den andre enden av skalaen. Her her skal du ri hestar og byggje opp att familieeigedomen. Rett ved sidan av dette fargerike spelet finn vi Harvestella, som ser ut til å bli Square Enix sitt svar på Harvest Moon.

Medan vi er inne på temaet råvarer kan vi ta med ein stad dei heilt sikkert blir flittig brukt; Garfield Lasagna Party.

The Knight Witch ser søtt og sjarmerande ut.
Team17 Digital

Eit lite knippe sideskrollande spel er rett rundt hjørnet. Vi får både det atmosfæriske eventyret Ghost Song, den piksellerte actionplattformeren 9 Years of Shadows, samt fargerike og sjarmerande The Knight Witch. I tillegg kjem eit actionfyllte spelet RWBY: Arrowfell basert på animeserien med same namn.

For dei som likar å halde seg litt nærare den verda vi faktisk lev i sjølv, så er det tid for litt racing i WRC Generations, sport i Football Manager 2023, og ikkje minst dans i Just Dance 2023.

Og med et går vi tilbake til heilt andre ting og kan presentere det lenge etterlengta Goat Simulator 3. Vidare finn vi litt blanda godt. Floodland er eit interessant strategispel der du skal byggje opp igjen sivilisasjonen etter at naturen har snudd oss ryggen, Gungrave: G.O.R.E. byr på hektisk action i tredjeperson, Monochrome Mobius: Rights and Wrongs Forgotten byr på japanske rollespelmoro av gamlesorten, medan World of Warcraft: Dragonflight byr på nye eventyr for Warcraft-fans. For dei som treng fyre av nokre ekstra kuler før året er omme, kan Warzone 2.0 vere staden for det.

Gammalt på nytt

Tactics Ogre byr på klassisk taktikk.
Square Enix

På tampen tek vi med det som har vore ute før i ei eller anna form, men no er tilbake. Den gamle taktikkserien Front Mission er no tilbake, og det med ein nyversjon av Front Mission 1. Ein annan nyversjon er Tactics Ogre: Reborn som byr på ein oppussa versjon av PSP-utgåva av spelet.

Vi har òg ein bunke spel som får seg lansering på ny plattform. Marvel's Iron Man VR kjem til Meta, Spider-Man: Miles Morales kjem til PC, Ys: VIII: Lacrimosa of Dana tek turen til PlayStation 5, Sword and Fairy 7 kjem til Xbox, og Return to Monkey Island er ferdig med å vere konsolleksklusivt på Switch, og kjem til både PlayStation og Xbox.

Med det tek vi ein ørliten ferie i omlag fire veker. God speling!

Siste fra forsiden