Black Friday 2019

Dette meiner ekspertane du bør gjere i Black Week og på Black Friday

Det er mykje pengar å spare viss ein er lur.

Montasje, Gamer.no

Singles Day, Black Week, Cyber Monday og Black Friday har blitt kassasuksessar i Noreg dei siste åra. Over helga startar det verkelege Black Week-rushet, og det er nok mange som er klare til å opne pengepungen.

Prognosar frå Oslo Handelsstands Foreining seier at nordmenn vil handle for fire milliardar kroner på Black Friday aleine.

Gamer.no har fått tilgang til ein del av tilboda, og legg ut vurderingar av dei beste kjøpa når dei er ute i butikkane. I tillegg har vi ein eigen Black Friday-seksjon for både artiklar, og spelprodukt som er satt ned i pris .

(obs: me gjer merksam på at Prisguiden.no er ein kommersiell samarbeidspartnar med Gamer.no. Me får inntekter dersom du trykker på lenker til deires nettside.)

I mellomtida har me tatt ein prat med nokre ekspertar, for å finne ut av kva ein bør følgje med på. Det er nemleg lurt å legge ein liten plan.

– Både Black Friday og Black Week har auka valdsamt i popularitet dei siste åra, og nokre dagar før det brakar laus, ser me at interessa er endå større i år. Butikkane er godt førebudde, så me vil sjå rekordar både i tal på tilbod og omsetning til veka. I fjor hadde me over 10 000 tilbod i løpet av Black Friday-veka på Prisguiden, seier Amund Espelien, dagleg leiar i Prisguiden.no.

Amund Espelien i Prisguiden seier at det er lurt å vente til Black Friday med å kjøpe.
Kyle Meyr, Prisguiden.no

VR, skjermkort og konsollar

– Me trur at VR-briller vil bli den største kategorien innanfor gaming i år, og me ventar mange gode tilbod på skjermkort. I fjor var det òg ei rekkje tilbod på headset, mus og tastatur, og for dei dyraste modellane blir det mykje pengar spart ved å slå til i Black Week, seier Espelien.

Hos Prisjakt kan Norgessjef Are Vittersø fortelje at Apple Airpods Pro, Xiaomi RoboRock, IPhone 11 64 GB, Samsung Salaxy S10, Call of Duty: Modern Warfare og Sony WH-1000XM3-hovudtelefonar er dei mest søkte produkta i skrivande stund.

– Det er desse produkta, saman med Nintendo Switch, som toppar våre prisvarsel-lister, så eg blir ikkje overraska om me finn nokre av desse produkta med nedsette prisar i løpet av Black Week, fortel Vittersø.

Set opp prisane i forkant

Black Week har blitt betydeleg meir populært, men det har ikkje blitt meir avslag på varene. I fjor gjekk òg heile tretten prosent av varene på Prisjakt opp i pris. Dette er riktig nok tre prosent mindre enn i 2017.

Har tenester for prissamanlikning gjort at færre set ned prisen i forkant av Black Friday?

Les også
Black Weekend er i gang med enda bedre spilltilbud

– Eg trur at prissamanlikningstenester har gjort ting meir gjennomsiktig, og bremsa opp dette. Men me ser jo at produkta framleis aukar i pris fram mot Black Friday, seier Vittersø.

Prishistorikk er eit nyttig verktøy for å sjå om tilboda er gode eller ikkje. HTC Vive Pro var heilt nede i 6999 kroner sist Black Friday – og berre den eine dagen.
Skjermdump

Han tipsar om at produkt som har hatt høg pris over lengre tid, men lågare før, sannsynlegvis blir billigare over helga.

– På generell basis bør ein følgje med på prishistorikken, for der ser ein ofte tydeleg trendar. Dersom visse produkt har gått mykje opp og ned, så kan du rekne med at dei kjem på tilbod, held han fram.

Sjølv om tilboda er meir spreidd utover veka enn før, bør ein framleis ha litt is i magen og vente på svartefredagen.

– For tre-fire år sidan var Black Friday den store dagen. Etter kvart utvikla det seg til Black Week, men butikkane sparar nok dei beste godbitane til fredagen no òg. Det kjem litt drypp heile veka, samtidig som det er mest tilbod på fredagen, seier Espelien i Prisguiden.

Eksklusive tilbod i kundeklubbane

Det nye i år er at fleire av dei store nettbutikkane har satsa på kundeklubbar. Komplett og Elkjøp har hatt nokre gode tilbod bak medlemsvegger i haust, og det kjem sannsynlegvis til å bli endå meir av på Black Friday.

Are Vittersø meiner forbrukarane må ta klimaansvar.
Trygve Indrelid, Prisjakt.no

– Eg trur det kan vere fornuftig å melde seg inn, så lenge ein ikkje ser seg blind på at det automatisk betyr at ein får det beste tilbodet. Dobbelsjekk både prishistorikk og andre butikkar, seier Vittersø.

Som forbrukar i Noreg har me eit hav av rettar opp mot nettbutikkane. Her gjeld det å hugse at me får 14 dagar angrerett, slik at det er ikkje noko krise viss ein gjer eit bomkjøp.

Mange nettbutikkar vil òg operere med opne kjøp, prisgaranti og rentefri utsetting av betaling.

Det er òg viktig å hugse på at me har eit ansvar som forbrukarar.

– Eg trur alle må ta litt tak når det kjem til det berekraftige. Forbrukarane burde generelt sett tenkje på å handle smartare. Ikkje meir. Ein kan bruke Black Friday fornuftig, kjøpe dei tinga ein treng, ikkje hive seg på det første og beste, så har ein kome litt lenger på veg, meiner Vittersø.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden