Anmeldelse

Disneys's Extreme Skate Adventure

Barn kan utnyttast på mange måtar. Nokre av desse er å pumpe ut mange billege, men dårlege spel, som er sikre suksessar blandt den yngre garde. Andre metodar består i å faktisk lage eit bra spel, men samtidig pumpe det så fullt av smaklaus reklame og propaganda at det er til å få dårleg mage av.

Side 1
Side 2
Side 3

Gjennomførte baner i kjende miljø
Dei forskjellige banene varierar mellom savanna frå Løvenes Konge til den spesialbygde byen Olliewood. Noko som er svært positivt er at banene er store. Det er ingen små og kjedelege baner, men heller mange store og forsegjorte baner. På alle banene har du ufatteleg mange moglegheiter. Bortsett frå Olliewood har alle banene eit bunnlag, og eit topplag. Til dømes på rommet til Andy frå Toy Story, byrjar du på golvet, og må skate deg veg mellom leiketøy og dominobrikker. Seinare kan du kome deg opp på skrivepulten til Andy, og brått har du mange nye moglegheiter. Nye baner du seinare kan få tak i er kjende attraksjonar som Pizza-planet frå Toy Story, og elefantkirkegården frå Løvenes Konge.

Disney-figurane i DESA har akkurat like mykje sjarme som dei har i filmane. Mange små detaljar er lagt inn i å gjere dei truverdige, som til dømes når Tarzan hoppar på brettet sitt, og når Timon legg seg og slappar av på halen til Pumba når dei tar eit balansetriks. Dette blir også reflektert i bretta til dei forskjellige karakterane. Du finn ikkje eit skikkeleg rullebrett midt inni jungelen, så då blir det naturleg at ein feit elefant tar i bruk ei solid bambusflåte, medan ein mindre gorilla brukar ei steikeplate han fann i leiren til menneska. At Toys for Bob har lagt så mykje vekt på Disney-figurane skal vere autentiske, er ein bra ting, sidan alle barna du kan velje mellom, eller lage, har akkurat same animasjonane. Med alle dei moglegheitene du har når du lagar ein karakter, hadde det vore fint om du kunne velje kva stil dei skulle ha og.

Noko av det som skuffar mest med DESA er kanskje musikken. I eit spel med mange kjende Disney-figurar, forventar ein nesten at musikken skal vere inspirert av filmane. Det er den derimot ikkje, all musikken er sangar frå diverse artistar som til dømes Smash Mouth og Basement Jaxx. Typisk musikk for eit slikt spel, ja, men når ein sklir ned ein trestamme som den unge versjonen av Tarzan er det lett å heller foretrekke nokre fengane bongotrommer. Slik musikken er no, varierar den frå såpeglatte poplåter, til mellomhard rockemusikk. Kvaliteten er like varierande. Når lydsporet brått skiftar frå ei grei rockelåt til eit horribelt makkverk av nyare pop, er det lett å få frysningar, av den negative sorten. Musikken heng ikkje heilt saman, og det blir rotete og forstyrrande. Lydeffektane imponerar heller ikkje stort. Dei einaste lydane du kjem til å registrere er kollisjonslydar, og lydane brettet gir frå seg når du triksar. Dei forskjellige Disney karakterane har også fått stemmer å leike seg med, sjølv om litt meir innleving ikkje burde vere for mykje å forlange.

DESA har sjølvsagt ein fleirspelarmodus, men den kunne ha vore gjort mykje meir med. I fleirspelarmodus har du tre kategoriar å velje mellom. H-O-R-S-E er ein klassisk leik der den som får dårlegast poengsum kvar tur, får ein bokstav, inntil H-O-R-S-E er fullført, og ein vinnar er kåra. I King of the Hill må du halde krona lengst mogleg, og om du ikkje har den, kan du dulte inn i motstandaren for å få tak i den. Den siste kategorien er klassik poengjakt, der du må trikse mest mogleg for å vinne. Det er eigentleg den siste av dei tre som fungerar best. Det er lett å bli fort lei av dei andre, sidan utfordringa blir borte etter å ha vunne eit par gongar. Å samle poeng derimot, er noko du alltid kan bli betre til. Dessverre har fleirspelarmodusen eit veldig stort minus. Avhengig av kva karakter du vel, kan du vere uheldig å få ei svært negativ ulempe. Vel du ein litt større karakter, som elefanten Tantor, må du rekne med at nesten halve skjermen forsvinn bak rumpa hans. Det er så ille at det skal ikkje mykje hard tenking til før ein innser at den minste karakteren gir deg overtaket.

Konklusjon
Disney's Extreme Skate Adventure er kanskje ikkje så ekstremt som namnet hintar til, men det bør nok kunne underhalde dei minste i familien ei god stund. Disney-karakterane er gjengivne på ein truverdig måte som ikkje stiller spørsmålsteikn, og å skape sin eigen karakter er noko du kan ha det moro med ei stund, sidan du har så mange moglegheiter. Mange utfordringar bidrar også til å forlenge levetida, men det er litt synd at vanskelegheitsgrada er så pass ustabil som den er. Litt for lett for den drevne spelar, og litt for vanskeleg for debutanten. Fleire val i kontrolloppsettet hadde nok gjort mykje for å invitere enda fleire til å gi spelet ein sjanse. Trass i dei negative elementa er dette eit av dei Disney spela som har utnytta lisensen sin best dei siste åra, og det er eit drømmespel for dei som er glade i både Disney, og skateboard. DESA er eit spel som har lagt vekt på noko av det aller viktigaste i eit spel av denne typen, eller spel generelt: Det er morosamt. Synd med den unødvendige reklamen, som ligg litt for tydeleg i spelets overflate.

Side 1
Side 2
Side 3
PS2

Les også

Siste fra forsiden

Feature Telialigaen - League of Legends

Telialigaen League of Legends er tilbake - dette er lagene på øverste nivå

Debutanter og veteraner samles for å kjempe om den sagnomsuste Telialiga-pokalen, og det hele starter nå.

E-sport