Anmeldelse

Eiyuden Chronicle: Rising

Eit fornøyeleg eventyr

Eit artig lite eventyr med stor underhaldningsverdi.

Kva er det med nettopp dei første konsollgenerasjonane som gjer dei så ettertrakta for utviklarar og spelarar med litt retrotørst? Kvifor er det alltid pikselgrafikken som trumfar gjennom? Visst finnest det flotte pikselspel; Owlboy, ferske Songs of Conquest og ei rekke andre spel vekker pikslane til live på ein måte som gjer det verdt å få med seg, men mange spel er grelle. Skikkeleg, skikkeleg grelle, og etter mitt syn eit beint fram brotsverk mot auga.

Men kva med det som kom etter Super Nintendo og Sega Mega Drive? PlayStation? Sega Saturn? Alle dei klassiske spela med prerendra bakgrunnar som definerte ein heil generasjon? Kva med dei?

Ei ny tid

Det er verkeleg ingen i denne landsbyen som klarar å gjere noko sjølv.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eiyuden Chronicle: Rising hoppar nokre år fram i tid frå den pikselgrafikkfetishen delar av industrien ber på. I staden ser dei mot spela vi fekk leike oss med då CD-romen endeleg kom til konsoll. Vi snakkar tidleg 3D-grafikk, prerendra bakgrunnar, og ein heilt anna visuell stil.

Det heile ser litt ut som eit spel henta rett ut av PlayStation-biblioteket. Alle figurar er todminesjonale sprinter som joda, er litt piksellerte, men på ingen måte i same gate som til dømes Octopath Traveler. Bakgrunnane er kanskje i 3D, men ser ut til å nesten emulere korleis prerendra bakgrunnar såg ut på 90-talet. Eg veit ikkje om eg vil kalle det direkte vakkert, men det er absolutt sjarmerande, og om du var ein ivrig gamer på den tida, vil nok nostalgien senke seg over deg.

Det er kanskje ikkje så rart. Eiyuden Chronicle: Rising er skapt av ein gjeng veteranar frå den japanske spelindustrien, der fleire av dei i si tid stod bak ein av dei legendariske JRPG-seriane som starta livsreisa si på PlayStation; Suikoden. For nokre år sidan lanserte dette teamet ein svært vellukka Kickstarter for å lage rollespelet Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes. Dei fekk inn så mykje pengar at dei bestemde seg for å lage ikkje berre eitt, men to spel. Hundred Heroes, og partnerspelet Eiyuden Chronicle: Rising.

Eiyuden Chronicle: Rising er på ingen måte det store, omfattande japanske rollespelet Eiyuden Chornicle: Hundred Heroes lovar å bli. Det er i staden eit lettbeint actioneventyr med bybyggelement, og eit snev av metroidvania på toppen. Kall det ein liten smakebit på universet som ventar i Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes neste år.

Henteoppdrag: Spelet

Kampsystemet er lettvindt, men engasjerande.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg er sjeldan ein stor fan av henteoppdrag der alt du eigentleg gjer er å springe ut for å hente noko, springe tilbake for å levere, før du spring ut på ny. Det gir meg lite, og sånn sett burde Eiyuden Chronicle: Rising vere ei lita katastrofe, for du gjer ikkje stort anna i dette spelet enn å hente. Dette er eit enkelt, sideskrollande spel der du spring gjennom ein liten by for å prate med folk som byr på oppdrag, før du spring ut i dei ulike områda og kvestar fiendar og plukkar opp det dei måtte legge frå seg.

Det er kanskje den enklaste oppskrifta i boka, men fascinerande nok fungerer den. Mest av alt fordi utviklarane har skjønt at det viktigaste for å få noko slikt til å fungere er å passe på at spelaren har det moro, og føler alt arbeidet ikkje berre er verdt det, men framstår som ein leik.

Verdt det er det. Ein tur inni skogen eller grotta tar aldri lang tid, men du kjem alltid tilbake med noko. Enten er det nye ressursar som smeden treng for å starte opp smia si slik at du kan lage betre våpen, eller så er det ressursane du treng for å forbetre nettopp dei våpna. Du finn så og seie alltid noko du blir betre i etter kvar tur. Du oppgraderer våpen, du oppgraderer utstyr, du kjøpe større sekk, du kjøper bonusar, du kjøper gjenstandar og du får etter kvart med deg fleire følgjesvener slik at du i staden for å vere ein, er tre.

Det heile har ei ganske bratt kurve der du alltid får noko nytt og alltid ein god grunn til å springe ut igjen i møte med fiendar. At fiendane sjeldan byr på store utfordringar spelar ikkje så stor rolle, for det enkle kampsystemet er artig å leike seg med.

Ikkje minst utviklar det seg. Du startar med berre to simple angrep, men etter kvart kan du kombinerer dei ulike heltane. Slå to slag med den eine, og hent inn den andre for eit komboangrep som kan lenkast vidare. Etter kvart kan du i tillegg slenge element på angrepa deira, noko som gir eit ekstra krydder til kampane. Det forblir lettbeint i møte med den kanskje hakket for låge utfordringa, men det er kjapt og engasjerande nok til at det aldri sluttar å vere moro.

Kengerumannen har sverd av klassiske proporsjonar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Lettbeint underhaldning

Moro er eigentleg ordet. Dette er eit spel der ting går unna i eit solid tempo og ingenting tar mykje tid. Historia er der, den blir fortalt, du skjønar kva greia er, men den tar aldri mykje plass. Dette er dialogformidling slik den var på 90-talet, altså nokre få tekstbobler og vi er ferdige. Ikkje den endelause smørja med ord du finn om du er uheldig nok til å prøve deg på Tales of Arise.

Eiyuden Chronicle: Rising er sjarmerande og lystig, snusar på ei tyngre historie, men tek ikkje heilt steget uti. Dialogen satsar heller på å vere vimsete og morosam. Vi følgjer eit knippe eventyrrar viss viktigaste formål er å byggje opp igjen ein liten by full av eventyrarar på jakt etter noko å gjere. Hovudpersonen er ei ung jente, men i staden for å bli presentert som verdas redning, gjer spelet det tydeleg at ho er ung, naiv, tidvis dum, men får det likevel til.

Sjølvsagt byr spelet på eit lite fiskespel.
Øystein Furevik/Gamer.no

I rolla som denne jenta fartar du gjennom ein stadig vaksande by, snakkar med folk, får eit oppdrag, spring ut i grottene eller skogen, drep nokre fiendar, returnerer med gjenstandane personen ville ha, får erfaring og pengar og kanskje ein ny bygning som byr på nye ting, og slik går det unna.

Spelet byr på ein triveleg gameplay-loop som er perfekt for kortare økter. Jamt over er spelet best når ein spelar i kanskje ein eller to timar. Dyttar du mykje forbi det merkast det at spelet definitivt kunne hatt godt av litt meir variasjon.

For ein musikk!

Det eg kanskje likar aller best med Eiyuden Chronicle: Rising er musikken. Som med alt anna i spelet er den eit kjærleiksbrev til 90-talet. Så snart spelet er i gong, og du høyrer dei lystige og drivande tonane frå dei ulike områda er det lett å la nostalgien ta tak igjen.

Det er ein type musikk vi ikkje høyrer så alt for ofte no for tida. Den er fengjande, melodiøs og med svært tydelege driv. Musikken er halve opplevinga, og den er ei herleg blanding av vibbane ein får frå gamle plattform- og rollespel.

Men ikkje minst kler den resten av spelet. Musikken er leiken og aktiv og fungerer som eit glimrande teppe over den elles fargerike presentasjonen.

Konklusjon

Oppdrag finn du overalt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eiyuden Chronicle: Rising er på ingen måte eit spel som kjem til å sprenge grenser eller setje nokon nye standardar. Det er eit lettbeint og fornøydeleg eventyr som utan å ha dei heilt store ambisjonane maktar å levere meir underhaldning enn mange spel som siktar langt høgre.

Nøkkelen til suksessen er at spelet ikkje prøvar å vere noko anna enn god, gammaldags underhaldning. Vi får litt action, litt eventyr, litt historie, og alltid noko igjen for tida som bli investert. Om du er på jakt etter ei skikkeleg utfordring må du leite ein heilt annan stad, men Eiyuden Chronicle: Rising byr på enkel underhaldning som aldri sluttar å vere moro. Det er kanskje simpelt, men det fungerer, og sjølv om du går tilbake til dei same områda veldig mange gongar, blir det ikkje keisamt.

Om Eiyuden Chronicle: Rising er ein ærleg smakebit på korleis det store rollespelet Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes blir, trur eg vi har all grunn til å glede oss.

Eiyuden Chronicle: Rising er tilgjengelig på PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S, Nintendo Switch og PC. Ved lansering er spillet også tilgjengelig på Game Pass både på Xbox og PC.

7
/10
Eiyuden Chronicle: Rising
Eiyuden Chronicle: Rising byr på enkel underhaldning som aldri sluttar å vere moro.

Siste fra forsiden