Test

Razer Huntsman Elite

Eksepsjonell gaming i lysfart

Razers nye opto-mekaniske tastatur er årets desidert beste.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me har skreve melding av ein drøss med tastatur det siste året, og det er vanskeleg å ikkje innrømme at forskjellane stort sett er ganske små. Derimot er det eitt som har skilt seg ut frå dei andre. Logitech G513 imponerte med ein fantastisk komfort, originale og velytande brytarar, samt eit flott design.

Razer har no kome med det neste tastaturet som verkeleg skil seg ut frå resten. Deira nye toppmodell, Razer Huntsman Elite, er faktisk så bra at eg kan seie at dette er, utan tvil, det beste mekaniske tastaturet eg har prøvd. Nokosinne. Omtrent kvart einaste aspekt ved Huntsman Elite er eksepsjonelt.

Handleddstøtta er milevis framfor alt anna på marknaden, mens RGB-lyset matchar det beste frå Corsair og MSI. Utsjånaden er vakker, og tastaturet byr på ein myriade av funksjonalitet.

Her har Razer skote blink. Derimot er det eit ganske stort minus. Dette er nemleg eit av dei desidert dyraste mainstream-tastatura for speling på marknaden. Ingen norske nettbutikkar har fått inn tastaturet endå, men frå det me har fått vite, vil prisen antakeleg ligge over 2000 kroner. Det er òg ein versjon av tastaturet utan Elite-merke, som går til rundt 1650 kroner. Den kjem utan handleddstøtte, medieknappar og baklys.

Førebels er det mogleg å kjøpe Razer Huntsman Elite direkte frå Razers nettbutikk til 210 euro (2000 kroner) med fri frakt, men tollutgifter vil kome på toppen.

Design

Omtrent alle produkta frå Razer er retta mot dei som speler. Dette er ikkje noko unntak. Likevel er tastaturet overraskande stilreint og minimalistisk, men skrur du på dei sinnsjuke RGB-fargane, så har du plutseleg ein personleg Pink Floyd-konsert på pulten.

Razer Huntsman Elite er mynta på spelaren, men passar framleis fint inn på jobbskrivepulten.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som dei fleste andre tastatur i denne prisklassen kjem konstruksjonen i børsta aluminium, her i same farge som Razer Blade Stealth. Det er nesten ingen fleks i tastaturet, og det burde tole ein god kakk eller to.

På høgre hjørne finn du tre forskjellege medieknappar for å pause, spole fram og spole tilbake. Desse kan sjølvsagt omprogrammerast viss det trengs. Høgdepunktet er rullehjulet for volum på sida, med dempeknapp i midten. Alle desse har eigne RGB-sonar, som gjer at dempeknappen skiftar til raudt viss den er på.

Det som skuffar er mangel på makrotastar og USB Passthrough. Dei fleste andre toppmodellar har alt du treng, men Razer har valt å kutte ut makro, til fordel for eit nytt system i programvaren deira, som lar deg gi den same tasten fleire ulike eigenskapar. Dette kan du byte mellom ved hjelp av ein hurtigtast. Det er ei elegant løysing, men det når likevel ikkje opp til å ha eigne tastar. Samanliknar me med til dømes Corsair K95 Platinum, er det meir å hente for pengane der. Men eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri har rørt ein makrotast i heile mitt liv anna enn for testing, så det er neppe noko «dealbreaker» for alle. Det er òg fleire områder der Razer Huntsman Elite utklassar modellar som K95 så til dei grader.

Handleddstøtte

Premiumkjensla til Razer Huntsman Elite gjer seg kjent når det kjem til handleddstøtta. Den er utan tvil den beste pengar kan kjøpe. Du kan stryke kinnet ditt mot denne her, og det vil antakeleg vere meir behageleg enn puta på soverommet ditt.

Logitech G513 har hatt den beste blant dei me har testa så langt. Razer Huntsman Elite slår den ned i støvlane. Det seier ein del, for Logitech G513s handleddstøtte er glimrande.

Handleddstøtta er med god margin den beste me har prøvd.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Støtta låsast til tastaturet med ein magnetisk kopling av noko slag, som òg gir straum til RGB-sonane viss du har den ekstra USB-kabelen kopla til. Dette sikrar både flotte lys og ei støtte som ikkje rikkar seg ein centimeter. Eg syns nesten den magnetkoplinga bør vere standard på alle tastatur i denne prisklassen framover. Den er genial. Her bør konkurrentane la seg inspirere av Razer. Laus handleddstøtte er ofte eit irritasjonsmoment, og det er heilt vekke her.

«Opto-mekaniske» brytarar

Marknaden for brytarar til gamingtastatur er først og fremst dominert av Cherry MX. Difor er det alltid spanande når me får sjå noko nytt. Razer, Logitech og SteelSeries er kanskje dei som gjer mest for å skape mangfald, og no tar Razer dette eit steg vidare.

Deira nye brytar; kallenamn Razer Purple, brukar laser for å registrere klikk. Når du pressar ned ein tast, vil ei fjør dyttast ned, og ein optisk sensor registrerer når tasten har vandra til innslaget. Du får òg eit klikk, liknande det ein har på Cherry MX Blue. Levetida på denne typen brytar skal visstnok vere heile 100 millionar klikk, mens Cherry-brytarar ofte ligg på enten 50 eller 70 millionar.

Razer Purle brukar laser for å registrere innslag.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Dette er altså ein hybrid mellom mekanisk og optisk brytar. Den er «clicky», men langt meir venleg mot eventuelle sambuarar og mikrofonar enn det Blue-brytaren er. Støynivået er framleis monaleg høgare enn ein vanleg lineær brytar så eg ville kanskje byta over til «push to talk» i Discord, men du kjem kanskje unna med det viss du flyttar mikrofonen lengre vekk. Det må seiast at denne typen brytar ikkje er noko Razer har kome opp med sjølv, for dei har eksistert på marknaden i ei stund. Blant anna kjem HP Omen med eit tastatur med ein variant av opto-mekaniske brytarar, som me skal teste snart.

Ytinga er elles upåklageleg. Eg elskar å skrive på disse brytarane. Endringa er ikkje stor nok til at eg skriv kjappare, men den klare tilbakemeldinga i klikket og den korte vandringa (berre 1,5 millimeter innslag) gjer at det i alle fall kjennes som eg skriv fortare. Eg sit igjen med det same inntrykket frå spelinga mi. I det siste månadane har Logitech G513 vore standardvalet mitt, men det er no erstatta med Razers toppmodell.

Alle brytarane har til og med ein innebygd stabilisator, slik at tastehettene ikkje blir vaklevorne. Dei opto-mekaniske brytarane har òg støtte for «key roll-over» opp til 10, slik at ein kan trykke ned ein drøss med tastar på likt, og framleis få dei til å registrere.

Det einaste minuset er at det kjem ein ulyd når ein trykkar skeivt på tastehettene. Den høyrest akkurat ut som ei lampe som må bytast. Det er den same tikkelyden. Dette er ganske vanleg for mekaniske tastatur, men det kan vere ein smule skjerande for øyret i byrjinga.

Programvare og RGB

RGB har blitt ei stor greie for alt av PC-utstyr over dei siste åra, der produsentane kjempar med nebb og klør for å vere best. Razer er kanskje ikkje den som har flest effektar, men det er ingen andre som har like fine fargar. Det er noko med korleis tastane blir lyste opp som berre funkar. Viss du tar ein kikk på videoen til høgre, får du sjå bølgjeeffekten på både Razer Huntsman Elite og Razer Mamba Hyperflux synkronisert. Vanlegvis er nok den statiske grønfargen å føretrekkje, men det er litt kult med slike lysshow likevel.

Den verkelege attraksjonen på Razer Huntsman Elite når det kjem til RGB, er igjen handleddstøtta. Den har ei eiga list med fire RGB-sonar. Det er det ikkje kvar dag ein ser. Viss du fyrer opp bølgjeeffekten med handleddstøtta plugga i, så ser det litt ut som sirener på pulten din.

For å styre dette, må ein inn på Razer Synapse. Der finn ein ei grei oversikt over både fargar, makroprogrammering, og omprogrammering av tastar til anna funksjonalitet. Me skreiv ein del om den nye versjonen av Razer Synapse i vår test av Razer Mamba Hyperflux, som du kan lese her.

Konklusjon

Medieknappane er stilige og funksjonelle.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Razer Huntsman Elite er verkeleg eit premium-produkt. Alt av materiale er av høgaste kvalitet, frå konstruksjonen til tastehettene. Mangelen på USB Passthrough og dedikerte makrotastar er eit lite minus, men det er ingen som kjem i nærleiken av ei så behageleg handleddstøtte som det Razers nye mastodont byr på. Prisen er sjølvsagt òg prega av at dette er eit premiumtastatur. Det å betale over 2000 kroner for eit tastatur er ganske spesielt – men samstundes så kan eg faktisk sjå for meg at dette vil bli populært. Razer tar seg definitivt litt ekstra betalt for merkenamnet, og eg trur mange er vande med å plusse på nokre lappar for produkta deira.

Ein skal heller ikkje undervurdere kor bra dette tastaturet faktisk er. Razer Huntsman Elite er min nye favoritt. Med god margin. RGB-fargane er som i alle Razer-produkt på topp, og utsjånaden er nesten verdig ein plass på peishylla.

Dei nye opto-mekaniske brytarane er moglegvis dei beste eg har skrive på, og eg gleder meg allereie til å prøve korleis HPs komande tastatur med same type brytar vil vere samanlikna med Huntsman Elite.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
9
/10
Razer Huntsman Elite (Nordisk)
Tastaturet manglar kanskje eit par funksjonar, men det du får er av eksepsjonell kvalitet.
Strålande brytarar
Komfort utan like med marknadens beste handleddstøtte
Gode medieknappar
Vakkert design
Teoretisk sett vil brytarane ha dobbel holdbarheit samanlikna med Cherry MX-brytarar
Konstruksjon i aluminium
Unik RGB-løysing på handleddstøtta
Full Chroma RGB-støtte i Razer Synapse
Fletta kabel
Antakeleg det dyraste gamingtastaturet du kan kjøpe
Kjem berre med nordisk tasteoppsett, ikkje norsk
Ingen USB Passthrough
Ingen dedikerte makrotastar

Siste fra forsiden