Sniktitt

Valorant

Er dette spelet som tar knekken på CS:GO?

Valorant er eit spanande innskot i den ganske så mangfaldige sjangeren rundt konkurranseskytespel.

Riot Games

Riot Games har vore i det produktive hjørnet i det siste. Dei slepp ein drøss med nye spel i løpet av året, deriblant Valorant, saman med at dei har to nye, større prosjekt på gang.

Valorant, det nye skytespelet deira, har vore ute i ein lukka betatest i litt over ein månad, og me har hatt nokre veker til å pusle med det. Inspirasjonskjeldene til spelet er mange og allsidige. Det er neppe det mest nyskapande spelet, men kjekt er det.

Mykje kjend

Spelet er bygd opp rundt ein variant av eit bombeoppdrag, der du og fire lagkameratar kjemper mot fem fiendar. Enten må du drepe alle saman, eller plante/uskadeleggjere bomba – her kalla «spike».

Skytekjensla er nesten på nivå med Counter-Strike i Valorant.
Riot Games

Karta er små og har klar oppdeling, og er ein slags mellomting av designfilosofien frå Counter-Strike og Call of Duty. Det er berre tre stykk ute enno, men dei verkar overraskande balanserte for at dette er ein lukka beta. No har Riot Games riktig nok jobba med spelet i seks år, så utan å vite kor langt dei har kome i finpussinga, er det vanskeleg å seie kor imponert ein bør vere.

Ein ser med ein gong at Riot Games har henta litt frå alle og ein i Valorant. Counter-Strike-serien er den fremste inspirasjonskjelda, med nokre hint av Overwatch og MOBA her og der. Skytemekanismane minner veldig om Counter-Strike, med våpen som er ganske like USP-S, AK-47, M4A4, Desert Eagle, AWP og så vidare.

Våpenarsenalet har stort sett godt kick og kjenst tilfredsstillande i bruk, men det blir litt vanskelegare å få eit forhold til dei når det er framande våpen som utviklarane har kome opp med sjølv. Det tar berre litt tid. Eg har hatt mykje moro med å berre bruke Sheriff-pistolen, Valorant sin variant av Deagle, og plukke hovudskot langs kantar når fiendar kjem tuslande.

Skarpskyttarrifla Operator er ekstremt rask å sikte inn med, så forvent å juble når du treff nokre «quickscope»-drap på rad, og å bli sint når du blir drepen på millisekundet av ein med rifla sjølv. Utbrot som «han «noscopa» meg!» vil nok florere. Men det gjorde han sannsynlegvis ikkje.

Finn din agent

Helteskytar-aspektet kjem via den allsidige listar av figurar som Valorant byr på. Dei demonstrerer ikkje noko særleg kreativitet i designet av ferdigheiter, men det heile verkar ganske så polert. Balanseringsomsyn har blitt tatt tak i kjapt av utviklarane.

Det er likevel nok skilnadar i korleis ferdigheitene fungerer samanlikna med andre spel, slik som Overwatch, til at det verkar som ei heilt fersk oppleving. Dei du brukar mest fungerer omtrent på same vis som «utility»-granatar i CS. Omtrent alle figurane har ein eller annan variant av røykgranat, i form av vegger eller sfærar som blokkerer syn. Desse kjøper du i starten av runden.

Sova er spelets Hanzo-klone.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Figurane fyller ulike roller, og ferdigheitene hjelper dei med å komplimentere spelestilen din. Likar du å vere litt einsam ulv er gjerne Phoenix eller Jett noko for deg, medan Cypher eller Sage kan vere figuren for dei som likar å halde seg bakpå og passe på lagkameratane.

Les også
Norske «Rubino» har signert for Valorant-klubb

Manglar sjel

Kvar figur – kalla «agent» i Valorant – har ein ultimat-ferdigheit som er kraftig nok til å endre rundar, og nokon betydeleg meir enn andre. Til dømes kan Sage bringe lagkameratar tilbake frå dei døde, Raze skyt ein bazooka som verkar litt vel kraftig og Phoenix gir deg nokre sekund der du kan skyte og gå fritt, før du blir sendt tilbake til der du brukte ferdigheita, sjølv om du døyr. Det opnar for nokre interessante strategiar for dei som speler «entry-frag»-rolla. Det tar lang tid å lade opp desse ferdigheitene, så det passar godt inn med formelen spelet baserer seg på. Valorant hadde klart seg fint utan desse ultimat-ferdigheitene, men det gjer at skiljet til CS blir noko større.

Dei ulike ferdigheitene komplimenterer kvarandre, og det er stort potensial for å byggje lagkomposisjonar utifrå visse strategiar. Det er òg eit stort pluss at ein får velje figurar utifrå eigen spelestil, og det er lett å finne nokon å like.

Eg saknar likevel sjel og identitet blant figurane. Dei er langt unna å skape det bandet ein lagar med figurane i Overwatch eller League of Legends. Det er godt mogleg dei kjem med meir kjøt på beinet ved full slepp i sommar, men førebels er dei knapt meir interessante enn figurane i Counter-Strike: Global Offensive for min del. Med andre ord; teksturar.

Pussar vekk manglar frå andre

«Nettbutikken» i Valorant er mykje meir brukarvenleg enn kjøpemenyen i CS.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ein del småting som betrar opplevinga samanlikna med CS. Til dømes kan du be lagkameratar kjøpe våpen for deg inne i kjøpsmenyen, eller be dei om å spare pengane til neste runde. Det gjer det litt enklare å få framande til å samarbeide.

Utviklarane har henta frå ping-system i andre spel, som gjer at ein kan gi meir informasjon her utan mikrofon enn i CS.

Riot Games har òg tatt ei ganske kontroversiell tilnærming til antijuks. Mange har vore bekymra for at Valorant brukar antijukseprogram med rottilgang til datamaskina deira, spesielt då kinesiske Tencent eig Riot Games, men utviklaren har vore klare på at det ikkje skannar maskinen med mindre spelet køyrer. Styr er det òg at programvare som målar maskinvara din, slik som MSI Afterburner, ikkje fungerer med Vanguard i bakgrunnen.

Konklusjon

Valorant har skapt enorm interesse på Twitch. Det har mykje med at ein må sjå på Twitch-sendingar for å få tilgang til spelet, men det er nok av grunnar til å følgje nøye med på kvar utviklarane tar Valorant.

Eg syns Valve har vore flinke med oppdateringar til CS det siste året. Som alltid får CS-utviklaren nok av pepar for å ta det i overkant med ro, og dette vil kanskje gi utviklaren motivasjon til å skru opp tempoet nokre hakk. Litt konkurranse er berre sunt. Eg tviler sterkt på at Valorant har sjanse til å erstatte Counter-Strike på noko vis, slik nokon meiner, men spela kan fint sameksistere.

Sjølv er eg veldig spent på kor representativ beta-testen er for Valorant. Riot Games er dyktige til å byggje levande bakgrunnsforteljingar for figurane sine, så det kan fort hende at me får meir forhold til figurane etter kvart.

Om det ikkje er tilfelle, er det ikkje verdas undergang. Eit konkurranseskytespel handlar trass alt først og fremst om skyting – og det fungerer særs godt så langt. Ein del må finjusterast for å gjere nokre ferdigheiter og kartflaskehalsar mindre frustrerande, men til å vere ein betatest, er dette ein lovande start. Eg har stor tru på at Valorant kan bli ei av årets definerande konkurranseopplevingar.

Siste fra forsiden