Er du på jakt etter ein heftig actionfest?

Devil May Cry 4 lanserast til sommaren i ny utgåve.

Capcom

I desember avslørte Capcom at to av spela i Devil May Cry-serien ville få nye lanseringar. Først ville vi få ei oppussa utgåve av DmC: Devil May Cry frå 2013, som blei lansert denne månaden. I tillegg lova Capcom ei ny utgåve av Devil May Cry 4 frå 2008.

I ei pressemelding får vi tysdag vite at Devil May Cry 4: Special Edition vil lanserast digitalt på Xbox One, PlayStation 4 og Windows til sommaren. Spesialutgåva vil by på det same spelet vi kjenner frå før, men med ei rekke forbetringar og tillegg.

Først på lista ligg ei grafisk overhaling. Spelet vil framleis køyre med 60 bilete i sekundet, men vil no bli presentert i 1080p, og med betre teksturar. I tillegg har Capcom finjustert balansen i spelet, noko som kan kome godt med i ein ny modus der du kan prøve deg mot stadig styggare bølgjer med fiendar.

Nye heltar til disposisjon

Det går hardt føre seg i Devil May Cry 4: Special Edition.

I Devil May Cry 4 fekk vi spele som både den velkjende Devil May Cry-helten Dante, men og som nykomaren Nero. I spesialutgåva får vi i tillegg spele som tre nye figurar. Den første er Dantes bror Virgil som vi vil kunne spele på alle nivåa i spelet. Deretter kjem den skyteglade dama Lady som kan spelast på alle nivåa der du elles spelar som Nero, medan Trish kan spelast på alle nivåa til Dante.

Vi sette stor pris på Devil May Cry 4 då det blei lansert i 2008. Vi sette derimot hakket meir pris på DmC: Devil May Cry frå 2013, sjølv om mang ein Devil May Cry-fan verda over ikkje var heilt nøgd med korleis britiske Ninja Theory tolka actionhelten til Nintendo.

Det finnest ei solid mengde herlege actionspel på marknaden for tida, og to spel du definitivt bør få med deg er Wii U-eksklusive Bayonetta 2, og spinnville Metal Gear Rising: Revengeance. Begge spela kjem frå Capcom-avhopparane hos Platinum Games.

Siste fra forsiden