Djevelens tårer når nye konsollar

DmC: Devil May Cry lanserast på PlayStation 4 og Xbox One.

Om du ikkje fekk med deg herlege DmC: Devil May Cry frå 2013 vil Ninja Theory og Capcom gjerne at du nyttar sjansen når spelet lanserast på Xbox One og PlayStation 4 til våren. I ei fersk pressemelding fortel dei at Dante er tilbake for å bryne seg på gamle eventyr 17. mars.

Den nye utgåva av spelet har fått namnet DmC: Devil May Cry: Definitive Edition, og vil først og fremst by på høgre oppløysing, betre teksturar og 60 bilete i sekundet. Sistnemnde var eit sårt tap for mange ihuga Devil May Cry-fans då DmC blei lansert, sidan det spelet hadde tona ned seriens 60 bilete-standard til berre 30 bilete i sekundet.

Meir innhald i vente

Dante vil sparke demonrumpe igjen til våren.

Ved sidan av eit løft på den grafiske fronten vil den nya utgåva av DmC by på alt ekstrainnhaldet frå den opphavelege utgåva av spelet. Dette inkluderer sjansen til å spele som Dantes bror Vergil. Nye utsjånader til både Dante og Vergil baserte på tidlegare versjonar av figurane vil òg bli inkludert.

Vergil's Bloody Palace returnerer etter å ha vore borte frå DmC: Devil May Cry, og her kan du i rolla som Vergil få bryne deg på 60 nivå med stadig meir utfordrande fiendar.

Nye vanskegrader er òg på plass. Turbo-modusen vil la deg skru tempoet opp med 20%, Hardcore-modusen justerer spelet til å bli likare tidlegare spel i serien, Must Style-modusen krev at du har S ranking før du gjer skade, og Gods Must Die-modusen gjer det heile enda vanskelegare ved å blant anna ikkje la deg bruke gjenstandar.

Ved sidan av dette vil DmC: Devil May Cry: Definitive Edition la deg låse deg fast til fiendar, og utviklarane har gjort ei rekke gamplay-justeringar basert på tilbakemeldingar frå spelarane. Ninja Theory har til slutt inkludert ei ny filmscene, samt nokre populære spelarmodifikasjonar.

Som om det ikkje skulle vere nok har Capcom i traileren for DmC: Devil May Cry: Definitive Edition avslørt at Devil May Cry 4 vil få ei spesialutgåve på PlayStation 4 og Xbox One til sommaren.

Om du er på jakt etter knakande god underhalding i same gate some Devil May Cry, bør du få med deg vanvittige Bayonetta 2 som blei lansert på Wii U tidlegare i år.

Siste fra forsiden