Sniktitt

Fabula Nova Crystallis: Final Fantasy XIII

På Square Enix sin pressekonferanse i går blei endeleg Final Fantasy XIII offentleggjort.

Dei fleste som har eit lite svakt punkt for Final Fantasy-serien hadde vel forventa, eller i det minste håpa på at Final Fantasy XIII skulle bli offentleggjort på E3. Ikkje uventa er det PlayStation 3 som er plattforma, men ei litt større overraskning kjem i form av at Final Fantasy XIII ikkje er den einaste tittelen som ber namnet Final Fantasy og nummeret XIII.

Skjermbilde fra Final Fantasy XIII.

Under prosjektnamnet Fabula Noca Crystallis, som røfft oversatt betyr ”den nye beretninga om krystallen”, får vi ikkje kun eit spel, men heile tre spel basert på det nye universet. I tillegg til Final Fantasy XIII til PlayStation 3, får vi Final Fantasy Versus XIII (også til PlayStation 3), og Final Fantasy Agito XIII til mobiltelefonar. Desse tre spela er ikkje direkte relatert til kvarandre i form av verd og persongalleri, men inneheld alle forskjellige verder innanfor same univers.

Tre spel

Den første av dei tre titlane vi fekk sjå var Final Fantasy XIII. I ein imponerande video fekk vi sjå prerendrerte filmsekvensar, blanda med sekvensar frå sjølve spelet. Videoen starta med litt flyktige tekstar på skjermen for å setje tonen. Vi fekk sjå eit tog suse over ein veg høgt oppe i lufta over eit brunt steinlandskap. Deretter fekk vi sjå soldatar i futuristiske rustningar, med avanserte våpen. Videoen viste kun ein hovudperson, ei ung kvinne som tydelegvis kan å bite frå seg.

I hektiske sekvensar fekk vi dei første inntrykka av det som nok blir den mest radikale forandringa serien nokon gong har sett. Trudde du at Final Fantasy XII sitt nye kampsystem var eit drastisk steg for serien? Tru om igjen, her får du intens action i sanntid som regelrett tar pusten frå deg. Det var vanskeleg å tyde alt som skjedde på den enorme skjermen. Jenta utførte angrep i eit vanvittig tempo, og ho utførte komboangrep som fekk den fullsatte salen til å gispe.

Skjermbilde fra Final Fantasy XIII.

Denne jenta var alt vi kunne sjå av spelbare karakterar. Om dette betyr at serien droppar ei samansett gruppe av heltar er umogleg å seie på dette tidspunkt, men med den actionfyllte videoen vi fekk sjå, er det noko du ikkje burde bli veldig overraska over.

Spelet blir utvikla av teamet bak Final Fantasy X. Originalt var Final Fantasy XIII eit prosjekt for PlayStation 2, men før E3 i fjor blei teamet satt til å lage en teknologidemo av Final Fantasy VII. Etter dette blei prosjektet flytta til PlayStation 3, og arbeidet starta omtrent frå bunnen av. Om du blei imponert over denne videoen, kan eg med glede informere deg om at Final Fantasy XIII ser minst like bra ut. Berre sjå føre deg store område, flott natur, futuristiske korridorar og vanvittig action.

Regien står ved Motomu Toriyama, som hadde same ansvar på til dømes Final Fantasy VII og Final Fantasy X. Karakterdesign er ved Tetsuya Nomura som har ei rekke spel bak seg på denne fronten, blant anna Final Fantasy VII, Final Fantasy X, og Kingdom Hearts. Musikken er ved Masashi Mamazu som tidlegare har jobba med Final Fantasy X og Dirge of Cerberus – Final Fantasy VII, og temalåta blir komponert av legendariske Nobuo Uematsu.

Skjermbilde fra Final Fantasy Versus XIII.

Fantastisk overrasking

Den største overraskinga kjem i form av Final Fantasy Versus XIII. Dette er også det spelet som fekk meg personleg til å stå og le på åpen gate då sjefen skulle plukke meg opp etter konferansen. Dette presterte dei ganske enkelt ved å levere ein vanvittig forhåndsrendret filmsekvens. Dessverre kunne dei ikkje vise noko frå sjølve spelet, men likevel var denne sekvensen nok til å demonstrere dette spelet som det kanskje mest interessant av dei tre Final Fantasy XIII-spela.

Videoen starta med pompøs kormusikk, og innsida av det som kunne sjå ut som ein stor katedral. Gult lys glei gjennom vindauge i taket, og til slutt fekk vi sjå ein einsam mann sitte på ein stol midt i det store rommet. Det er noko med samansetninga av musikk og video som Square Enix verkeleg kan. Ein kunne verkeleg sjå at denne fyren var ein ekte og dramatisk Final Fantasy-helt, der han sat i stolen og lena seg på sin eigen knyttneve. Etter kvart røyste han seg opp og gikk sakte ut. Utanfor venta ei stor trapp. Nedanfor venta ei stor gruppe soldatar med geværa sine.

Les også
Anmeldelse: Final Fantasy XIII

Etter å ha tatt eit par steg ned trappa, opna soldatane ild. Akkurat her kunne vi sjå noko som vekte stor interesse. Kvart skot blei blokkert av eit våpen som dukka opp framfor mannen. Det kunne sjå ut som eit levande skjold av sverd, økser og skytevåpen. Ved ein bevegelse med handa, fekk han alle våpena til å materialisere seg rundt han i ein ring. Rett før det såg ut til å bryte ut i eit skikkeleg slagsmål, slutta videoen.

Skjermbilde fra Final Fantasy Versus XIII.

I tillegg til denne ufatteleg appelerande videoen er det to sterke grunnar til at dette spelet lovar ekstremt bra. Teamet som skapte filmen Final Fantasy VII: Advent Children står bak alle filmsekvensar, og utviklinga av spelet står ved teamet bak Kingdom Hearts. Tetsuya Nomura står ved både regi og karakterdesign, og vi blei lova ekstrem action.

Mobilspel

Final Fantasy Agito XIII er vel mindre interessant for oss her i Noreg. Frå teamet bak Before Crisis: Final Fantasy VII får vi eit nytt Final Fantasy-spel for mobiltelefonar. Lite blei sagt om akkurat denne tittelen, men den skal innehalde ad hoc-basert sosial speling. Også her er Tetsuya Nomura sjefen bak karakterdesign.

Noko som er ekstra interessant ved desse tre spela, er at Square Enix vagt antyda at dette ikkje er dei einaste spela i Fabula Nova Crystallis: Final Fantasy XIII-prosjektet. Desse spela blir kalla kjerna av Fabula Nova Crystallis: Final Fantasy XIII. Vi held deg oppdatert på alt nytt om dette enorme og høgt interessante prosjektet.

Prisguide.no er en kommersiell partner til Teknisk Ukeblad Media. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguide her »

Siste fra forsiden