Fallout 4 VR er annonsert

Ta turen til øydemarka med HTC Vive.

Med berre ei handfull AAA-spel tilgjengeleg, har VR-sjangeren eit sterkt behov for fleire storspel. Bethesda har tatt på seg oppgåva med å endre dette, med annonsering av VR-versjonar til både Fallout 4 og DOOM.

Fallout 4 VR lar oss utforske alt som det dystopiske Boston har å by på med eit heilt nytt perspektiv, og kjem eksklusivt til HTC Vive i oktober.

Skreddarsydd for VR

The Verge fekk prøve Fallout 4 på E3 i fjor.

E3-traileren viser områder frå heile spelet, og Todd Howard har tidlegare sagt at me får oppleve alt frå det vanlege spelet i VR. Det verkar ikkje som me får noko kortare versjon som i til dømes Superhot VR.

Fallout 4 VR skal visstnok ha moglegheit for både teleportering og gåing, eit velkome tilbod for dei som slit med kvalme i VR. Våpena styrast av HTC Vive-handkontrollarane, og spelaren blir kasta inn i eit førstepersonsperspektiv av den postapokalyptiske verda. Spelmekanikkane er bygd opp frå bakken av for å passe VR.

Bethesda har meldt om at både DOOM VFR og Fallout 4 VR vil vere spelbart på E3-standen deira, så det blir antakeleg meir å sjå frå spela om kort tid.

Følg E3 2017 her »

Siste fra forsiden