Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Disney, øystatar og ville luftkampar er blant hovudingrediensane denne månaden.

Godt nytt år folkens! Det er alltid noko herleg med å setje foten inn i eit nytt år. Vi snakker ikkje no om tåpelege forsett du veit du ikkje vil halde uansett. Eller om all maten du no skal bruke 12 månader på å slanke av deg før du legg på deg igjen. Nei, vi snakkar om den lange lista med spel du ikkje heilt fekk tid til å gjere deg ferdig med i året som gjekk. Det er greit, den kan få liggje i fred. Blanke ark, og alt det der.

Eit nytt år står framfor oss, og med det kjem ei heil rekke nye spel som alle vil kjempe om tida di. Årets startar sterkt med nokre uhyre etterlengta og ulike spel. Strengt tatt skal det godt gjerast å ikkje finne noko å bite tenna i denne månaden.

Vane

Vane ser ut til å bli midt i blinken for fans av ICO og The Last Guardian.
Friend & Foe

Plattform: PlayStation 4
Ute: 15. januar

Vi startar med eit spel det er heilt forståeleg om du aldri har høyrt om. Vane er eit eventyrspel laga av ein gjeng utviklarar som tidlegare har jobba på spel som Killzone og The Last Guardian. I vane spelar du som ein fugl som kan endre ham og bli eit barn. Du skal reise rundt i ei opa og mystisk verd der du skal kunne stake ut din eigen veg. Eit av utviklarane sine mål med Vane er at spelaren skal nesten gå seg vill i spelets mystiske verd.

Vane viser teikn til å hente mykje inspirasjon frå spela utvikalrane jobba på hos Team ICO, og blir fullt av gåter, praktiske utfordringar og store farer. Om dette blir den neste store indieperla gjenstår å sjå, men vi kryssar fingrane for at dette spelet blir like underhaldande som det er vakkert.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Vane

Ace Combat 7: Skies Unknown

Lekre fly er klare til kamp.
Bandai Namco

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 18. januar

Det er over ti år sidan det førre nummererte spelet i Ace Combat-serien, og med Ace Combat 7: Skies Unknown ser det ut til at utviklarane hos Bandai Namco er bestemte på å dra serien tilbake til røtene. I rolla som jagarpiloten Trigger (!) trer vi inn i ei militærkonflikt du må opp i skyene for å få slutt på.

Her blir det ville kampar i lufta med dei spenstigaste jagarflya du kan tenkje deg. Flya kan du i tillegg skreddarsy for å passe dine spesielle krav. Om du rugar på eit sett med PlayStation VR-briller kan du samstundes glede deg over at PlayStation 4-versjonen av Ace Combat 7 har eigne oppdrag spesiallaga for VR. Om ikkje intense kampar i lufta er nettopp det VR blei laga for, så veit ikkje eg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ace COmbat 7: Skies Unknown

Les også
Anmeldelse: Resident Evil 2

Resident Evil 2

Resident Evil 2 er tilbake som aldri før.
Capcom

Plattform: PlayStation 4, Xbox Ones, Windows
Ute: 25. januar

Dei første Resident Evil-spela på PlayStation 1 var høgst viktige brikker då skrekkspelsjangeren vart skapt. Tjue år etter at det opphaveleg blei lansert, er Resident Evil 2 tilbake i ein flunkande ny versjon der alt har blitt flikka på. Gameplayet er heilt nytt, sjølv om det skal halde på essensen ved det originale spelet, medan den visuelle presentasjonen har fått eit tidsriktig løft. Vi var svært positive til det vi fekk sett under fjorårets E3-messe:

«Med Resident Evil 2 kan Capcom ha funne den perfekte oppskrifta på å lage ein nyversjon, med både betre grafikk og ei flott blanding av nytt og gammalt. No gjenstår det berre å sjå om utviklaren lukkast med å tilsetje dei resterande ingrediensane og servere ei førsteklasses opplevinga over heile fjøla.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Resident Evil 2

Tropico 6

Tok tok like godt og stal den statua vi.
Kalypso Media

Plattform: Windows
Ute: 25. januar

Tropico-serien har heldt det gåande i snart tjue år, og ser ikkje ut til å stogge opp med det første. I Tropico 6 skal vi igjen – du gjetta det – tilbake til øystaten Tropico der vi i rolla som presidenten skal prøve å få ting til å gå på skinner. Her kan du bli ein høgt elska og æra sjef for landet, eller ein frykta diktator basert på korleis du vel å byggje opp riket ditt.

I Tropico 6 vil vi for første gong kunne sy saman ulike øyer ved å byggje bruer, samt bruke nye former for transport. I tillegg kan du tre ut på den internasjonale arenaen ved å til dømes sende dine landsmenn for å stele verdas store underverk, eller berre for å gje deg litt pynt til hagen din i form av, tja, lat oss seie fridomsgudinna.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tropico 6

Kingdom Hearts III

Kingdom Hearts er endeleg tilbake på storskjerm.
Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 29. januar

Endeleg. Det har jammen tatt mange år, men no er Kingdom Hearts-serien tilbake der den høyerer heime; i stova. Etter ei rekke spel laga for svakare, bærbare konsollar, har tryllekunstnarane hos Square Enix endeleg kokt i hop eit Disney-samansurium som nesten, nesten bryt linja mellom spel og film.

Som vanleg i eit Kingdom Hearts-spel møter vi Sora, Donald og Langbein som saman må reise frå den eine Disney-verda til den andre. Denne gong reiser vi innom Toy Story, Big Hero 6 og Tangled, for å nemne noko. Om du kan vere sikkert på ein ting, er det mykje fargar, mykje moro, og ei historie som er langt mørkare og innvikla enn Disney-universa skulle få deg til å tru.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kingdom Hearts III

Gamle heltar er tilbake

Nintendo held fram suksess med å putte Wii U-spel på Switch.
Nintendo

Om det er ein ting som plar gå igjen i desse artiklane – reint bortsett frå nye spel – er alle dei gamle spela som dukkar opp med eit nytt strøk måling over litt sparkelflikking. Denne månaden er ikkje noko unntak. Den startar med at Mario og Luigi spring inn på Switch med New Super Mario Bros. U Deluxe. Her får du to tidlegare Wii U-spel i ei pakke.

Det neste gamle spelet er ei skikkeleg perle. Tales of Vesperia dukkar opp på det meste av plattformer, og dette er eit spel du ikkje vil gå glipp av. Det kanskje beste spelet i Tales-serien byr på ei spanande historie, glimrande gameplay, og ikkje minst eit heilt fantastisk rollegalleri. Eit anna glimrande spel som dukkar opp overalt er Onimusha: Warlords. Dette gamle PlayStation 2-spelet sette oss inn i rolla som ein samurai som kjempa mot demonar, og har for all ettertida planta følgjande sitat i hovudet mitt: «Humans taste better when angry, and I haven't eaten in a while. Muahaha!"

Det skal bli godt med eit gjensyn.

Ved sidan av gamle ting på nytt, byr januar på ei rekke flunkande nye spel. Om du treng eit rollespel inspirert av 90-talet, kan kanskje YIIK: A postmodern RPG vere noko for deg. For litt meir action vil det kanskje passe betre med det nye No More Heroes-spelet Travis Strike Again. Her skal Travis drepe bugs i diverse TV-spel. Naturlegvis.

Nokre spanande strategispel ventar òg på lansering i januar. At the Gates er – ved sidan av å vere eit rimeleg dyktig metal-band – tittelen på det nye spelet til sjefsdesigneren på Civilization V. Om det høyrest spanande ut å spele barbar under romartida, er dette spelet for deg. Litt meir action og brutalitet får vi i det Warhammer 40,000-baserte strategispelet Battlefleet Gothic: Armada 2.

Til slutt tek vi med skytespelet Planteside: Arena. I dette massivt actionspelet skal det skytast enorme mengder spelarar på enorme kart. Slikt likar vi.

Og med det seier vi takk for denne gong.

Siste fra forsiden