Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Denne månaden byr på både solskin, leigemord og ein fot i kvar verd.

Eit nytt år er over oss, og med det har vi brått mykje meir å sjå fram til. Nye konsollar er ute, og sjølv om tilgangen har vore litt skral, får vi satse på dei fleste har fått seg det dei ville ha. Ei stor mengde nye spel, både kjende og ukjende er på veg, og vi vil snart få sjå mykje meir av kva dei nye konsollane har å by på.

Desember var på ingen måte ein travel måte, som vanleg. Vi fekk ei god oppleving i norske Mørkredd, men det mest spanande var kanskje dramatikken rundt Cyberpunk 2077. Årets, og kanskje tiårets, mest etterlengta spel gjekk litt på trynet grunna ein snøskred av tekniske feil, men vi får tru nyåret byr på lysare tider.

Det er ikkje eit enormt slepp av spel i januar, men nokre spanande titlar er definitivt på veg. Vi hiv oss i det.

Sunlight

Plattform: Windows
Ute: 14. januar

Sunlight blir ei reise inn i eit måleri.
Krillbite

Sunlight er det nyaste spelet frå norske Krillbite, studioet som står bak spel som Among the Sleep og Mosaic. Sunlight blir atter eit nytt eksperiment for studioet, og byr på ei kunstnarisk oppleving der heile målet er at du skal utforske ei vakker verd. Spelet skal by på ei reise inn i ein urørt skog der dei mange trea har ulike stemmer, kjønn og dielekter.

Krillbite fortel det heile skal vere som å utforske eit tredimensjonalt måleri, og ein av målarane utviklarane har henta visuell inspirasjon frå, er den norske legenda Edvard Munch. Musikk vil òg bli ein viktig del av den totale opplevinga. Det heile skal vere ei meditativ historie, noko som i seg sjølkv er nok til å skilje seg ut frå det meste på marknaden. Det blir heller ikkje eit langt spel, og rundt ein halv time ser ut til å vere nok til å kome seg gjennom. Spanande er det likevel.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sunlight

Hitman 3

Plattform: Playstation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S, Windows, Stadia
Ute: 20. januar

Agent 47 klatrar til nye høgder.
IO Interactive

Det står kanskje Hitman 3 på boksen, men ikkje la deg lure. Dette er det åttande spelet i serien som feira 20 år i fjor, om vi ikkje tel med mobilspela. Det er derimot det tredje Hitman-spelet i World of Assassination-trilogien, og ikkje uventa frå Hitman-serien, vil det by på likvidering av utfordrande mål over heile planeten i det IO Interactive lovar vil bli ei dramatisk avslutning på trilogien.

Vi får reise til alt frå Dubai til Chungking på jakt etter dei viktigaste kontraktene i Agent 47 si lange karriære, og om du har dei to tidlegare spela i trilogien får du ta med deg kart og framgang til Hitman 3. Spelet er utelukkande snikra saman for ein spelar, og alle fleirspelarmodusar er borte. På PlayStation-konsollar vil du få spele gjennom heile sulamitten i VR.

Les også
Anmeldelse: Sunlight

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hitman 3

Cyber Shadow

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 26. januar

Retrogaming av forhåpentlegvis beste sort.
Yacht Club Games

Om Cyber Shadow ser noko kjent ut, tek du ikkje feil. Dette er eit skamlaust kjærleiksbrev til gamle klassikarar som Ninja Gaiden og Shinobi. Det betyr pixelgrafikk og chiptune-musikk, samt eit skyhøgt tempo og brutale utfordringar. Det blir sjølvsagt også eit solid utval med utfordrande akrobatikk på dei mange banene spelet byr på, der du må vise at du er ein skikkeleg ninja ved å hoppe, gli og klatre forbi ein heil haug med utfordringar.

Som seg hør og bør i slike spel låser du opp nye eigenskapar etter kvart som du kjem deg vidare i historia. Du tek på deg rolla som Shadow, som må redde klanen sin i ei verd teken over av syntetiske livsformer. Syntetiske livsformer fører som vi alle veit sjeldan noko godt med seg, så her er det berre å hive seg ut i retromora.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Cyber Shadow

Stronghold: Warlords

Plattform: Windows
Ute: 26. januar

Stronghold-serien tek turen til Aust-Asia.
Firefly Studios

Stronghold-serien starta sitt liv heilt tilbake i 2001, og feirar såleis 20-års jubileum i år. Den gamle og trauste europeiske middelaldersettinga er byta ut til fordel for ein tur til dei austlege delane av Asia, der vi møter alt frå mongolar til kinesarar og japanarar. Dette nye kulturelle bakteppet er sjølvsagt spanande, men minst like spanande er introduksjonen av krigsherrar.

Rundt om kring på karta, om du så spelar gjennom historia, eller mot andre på nettet, vil du her og der møte på krigsherrar. Desse kjem med ei rekke fordelar, og dei kan brukast til å sende deg ressursar, eller angripe fiendar. Du må naturlegvis beskytte desse for å sikre deg kontroll over dei, eller risikere å miste dei, samt fordelane dei kjem med. Det heile lovar å puste gode mengder nytt liv inn i serien, og det blir spanande å sjå korleis det heile fungerer i praksis.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Stronghold: Warlords

The Medium

Plattform: Xbox Seris X/S, Windows
Ute: 28. januar

Stemninga ser ut til å bli tjukk som tjære i The Medium.
Blooper Team

Bloober Team har lang erfaring med å lage skumle spel, og dei ser ikkje ut til å leggje frå seg det dei kan med The Medium. I dette nifse spelet møter vi eit medium som må bruke sine psykiske evner for å redde både seg sjølv, og dagen. Bloober Team prøvar noko litt nytt ved å la oss spele i både den verkelege og den andelege verda på ei og same tid. På denne måten satsar dei på å by på ein haug med ulike utfordringar for deg å løyse der du må bruke dei små grå for alt dei er verd. Som medium kan du gå ut av din eigen kropp, og snakke med døde personar, for å nemne noko.

Utviklarane har henta ein del inspirasjon frå den legendariske Silent Hill serien, og har klart å få med sjølvaste Akira Yamaoka på laget. Han stod i si tid for musikken i Silent Hill-serien, og vil garantert setje sitt preg på stemninga i The Medium. Spelet er samstundes eitt av dei første konsolleksklusive Xbox Series X/S-spela.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Medium

Ein marsipangris attåt

I Sword of the Necromancer kan døde fiendar kjempe for deg.
Grimorio of Games

Litt ekstra byr januar på dette året òg. Den visuelle novella Werewolf: The Apocalypse – Heart of the Forest tek turen innom Switch, for å gje Nintendofansen ei forhåpentlegvis god historie å absorbere.

Blir det for slapt kan du kanskje prøve deg på Five Nights at Freddy's: Core Collection. Her får vi heile fem spel om morderiske leikar og utstillingsfigurar som prøvar å ta knekken på deg. Eventuelt kan du bryne deg på Scott Pilgrim vs. The World: The Game – Complete Edition. Denne pakka byr på originalspelet samt alt ekstrainnhald.

Om du likar fart og spenning og er på jakt etter noko nytt til samlinga di, kjem motorsykkel- og motorcross-spela Ride 4 og MXGP 2020 til nye konsollar denne månaden.

Om du saknar eit nytt japansk rollespel i samlinga di, kjem Koei Tecmo deg til unnsetning med det flunkande nye Atelier Ryza 2: Lost Legends & the Secret Fairy.

Om du treng litt meir rock og roll i sverdsalaten din kan det heller passe med Sword of the Necromancer. I dette 16-bit-inspierte actionrollespelet kan du vekke døde fiendar til live for å kjempe ved di side.

Det var alt for denne gong, god speling.

Siste fra forsiden