Feature

Speldagbok, del 2: PUBG

– Me veit at det er idiotisk, men me går for dei likevel

Flykassane i PlayerUnknown's Battlegrounds er uimotståelege.

Dette er andre del av ein pågåande dagbokserie. Les første del her.

Raud røyk strekkjer seg mot himmelen. Landskapet skrånar langsamt oppover, før det dett ned i ei open slette. Der. Midt ute på åkeren ser eg den. Flykassen.

«Nordvest, gutta», seier eg. «Det er berre 30 igjen. Skal me ta sjansen?»

«Du veit jo at me kjem til å døy,» seier Gabriel.

Han har sjølvsagt heilt rett. Likevel er det noko i meg som ikkje bryr seg ein døyt om kva han seier. Logikk er ikkje noko eg tenkjer på i Battlegrounds. Her er det moro for alle pengane.

Eg fnyser av ytringa hans. «Du kjem kanskje til å døy, ja. Det er tross alt større sjanse for at du drep oss enn fiendane,» seier eg.

«Nek,» seier han, og snur seg mot «airdrop»-røyken. «Me får vel prøve då. Klar, David?»

David svarar med å klikke magasinet sitt på plass.

Jakta er i gang.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er stille før stormen. Våpenet mitt bobbar opp og ned i takt med fotstega mine. Me set farten opp, legg beina på nakken. Det er ingen andre i nærleiken, og kassen sit der som ei gåve. Den lokkar oss framover, som om den vil at me skal kome og plukke med oss kva enn som er i den.

«Svarte. Det kjem ein bil frå nordsida,» seier David. Han set seg ned på kne i eit tynt buskas.

Eg flytter blikket mitt nordover. Det er ikkje berre ein bil som kjem. Det er tre. Brått høyrer eg lyden av ei skrikande bilfløyte bak meg òg. Det er bilar over alt. Den eine gongen me faktisk ser ein kasse, så har absolutt alle andre sett den òg. Men det er for seint no. Ingen veg ut.

«Me kan like godt prøve å ta den,» seier eg. Dei små buskane våre vil neppe vere nok dekkje til å gøyme oss. Kamp er vår einaste moglegheit.

Ein grøn SUV med taket nede køyrer forbi oss som ein vind. Det er eit under at den ikkje treff meg. Bilen bråstoppar framfor kassen, og tre menn i skrikande gult treningstøy hoppar ut.

Les også
Anmeldelse: Playerunknown's Battlegrounds

Eg legg meg langflat på bakken, held pusten, og ser inn i kikkertsiktet på Kar98K-geværet. Den eine mannen har sett seg ned på huk for å undersøke innhaldet i kassen. Eg flyttar senterpunktet i siktet mot hovudet hans. Kula mi eksploderer ut av riflemunningen. Den seglar mot kassen, men nett då eg slepp avtrekkjaren, reiser mannen seg opp.

«Mannen har jo englevakt,» mumlar eg. Ein blodflekk har breidd seg utover den gule treningsjakka, men han er framleis i live. «Me tar dei, folkens.»

Det blinkar i munningseld ved sia av meg. Ein straum av kuler fyk ut av rifla til David, og spreier seg utover fiendane våre. Kulene hamrar inn i både bil og «airdrop», utan at nokon av dei gulkledde tar noko særskild skade. David går tom for skot. Rynkande på nasen, gjer eg meg så liten som mogleg i buskaset mitt. Dei har ikkje sett meg. Og no var det deira tur.

Berre eitt enkelt skot kjem frå fiendane, før ein motorsykkel svevar over bilen deira, og krasjar inn i den raude kassen. Brått kjem det ein tilsynelatande endelaus straum av kuler frå alle kantar, alt konsentrert mot stakkarane med flykassen. Laget deira døyr på sekunder.

Eg ser sjansen min. Utan å lage ein lyd, kryp eg på alle fire bortover den tørre åkeren.

Krigssonen rundt meg eskalerer til totalt, hemningslaust kaos. Det verkar som sjølve dommedagen har kome til Battlegrounds, men eg held fram. Eg nistirar på den svulmande røyken. Ikkje pokker om eg skal la moglegheita gå frå meg no.

Eg snur hovudet for å titte på laget mitt, og får akkurat med meg at Gabriel går i bakken.

«MED SHOTGUN?!» ropar han inn i mikrofonen, nærmast vantru. Figuren hans kryp hjelpelaust rundt på den kalde jorda. «Det var jo faen femten meter.»

Det er vanskeleg å ikkje bli freista av flykassane.
/U/WHISKEY_DELTA_6 via reddit.com

Eg ler høglydt.

«Kva sa eg?»

«Men hjelp meg då, mann,» seier han panisk, og smell knyttneven i tastaturet sitt. Eg ler igjen. Det er vanskeleg å ikkje sjå for seg korleis han febrilsk trykkjar på tastaturet for å krype til ly.

David hiv våpenet sitt over skuldra, stuper bort til Gabriel, og byrjar å gjenopplive han. Det blir ikkje noko stor suksess. Eit forbipasserande lag i bil slepp laus ei skotsalve av dimensjonar, ein orkan av bly. Med eitt er det ikkje berre ein, men to halvdøde figurar som dreg seg langsamt rundt på marka.

«Hjelp meg,» seier David.

«Nei, hjelp meg,» kontrar Gabriel. «Eg har vore nede lengst, så eg døyr først».

«Men eg har jo tidenes utstyr. Få meg opp!» kommanderer David, som kryp i sirkel rundt Gabriel.

«De skjønar jo at eg kjem til å døy viss eg kjem bort der,» seier eg, framleis liggande på bakken.

«Nei da, går fint det. Berre revive meg, du,» seier Gabriel med eit mildare toneleie, for å appellere til samvittigheita mi.

«Trur du verkeleg det der kjem til å fungere?» spør eg, genuint nysgjerrig.

Det kjem ikkje noko svar.

Omkring meg har dei mange bilane byrja å summe rundt «airdrop»-kassen som bier i ein kube. Eit virvar av eldgamle, rustne russiske bilar, «buggies» og motorsyklar kappkøyrer etter kvarandre, mens dei skyt i alle retningar. Det er eit syn som ville passa perfekt inn i ein Mad Max-film.

Eg brukar det midlertidige kaoset til å smyge meg nærmare mot kassen. Den er berre nokre meter unna no. Berre litt til. Eg tenkjer ikkje over kor liten sjans eg har, sjølv om eg skulle få tak i kva enn det er oppi der. Det er alt for seint til å fundere over slike bagatellar.

Opne områder er eit mareritt i PUBG.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

«Pokker,» høyrer eg over TeamSpeak. Sidevogna på ein svart motorsykkel smell inn i figuren til Gabriel, og meier ned David. Begge døyr momentant.

«A user has left your channel,» seier ei elektronisk stemme.

Eg trekkjer pusten djupt. Ingen andre har sett meg enno, ingen veit at eg er her. Den blodraude røyken frå kassen byrjar å lette, det einaste som skjermar meg frå fiendane, det einaste som står mellom meg og sikker død.

Det dirrar i bakken. Ein buggy svingar ut frå sirkelkampen, og prøver seg på kassen. Den akselerer rett mot meg. Ein dusj av stein og jord står til alle kantar frå hjula til køyretøyet, men eg ensar det knapt. Eg legg handa på flykassen, og rotar rundt i innhaldet. Der. Der er nett det eg treng. Dei kvinande motorlydane, den svimlande sirkeldansen til bilane, alt, alt forsvinn inn i bakgrunnen. No er situasjonen under min kontroll.

Eit torebrak bryt gjennom lurvelevenet. Eg trekkjer tilbake ladebolten på AWM-rifla med eit tilfredsstillande klikk, og nikkar anerkjennande. Kula mi flyr bortover som i sakte film, og borar seg inn i hovudet til buggy-sjåføren. Køyretøyet krasjar harmlaust inn i flykassen, før det går opp i eit inferno av gneistande flammar.

«BOOM,» utbryt eg. Eit smil strekkjer seg frå øyre til øyre i ansiktet mitt.

Dessverre er det ei kortvarig affære. Skotet frå den ettertrakta rifla har retta all merksemda mot meg. Lagkameratane mine er døde, og eg står midt ute på ein open åker med ti blodtørstige fiendar. Dei kjempar framleis mot kvarandre, men det er som om alle plutseleg har peila seg inn mot meg. Grådigheita etter AWM-geværet sameinar dei mot ein felles fiende. Meg.

Det kjem to bilar frå høgre, ein frå venstre, og ein bakfrå. Reine syndefolda er på veg. Eg blir ståande ein smule lamslått, utan heilt å vite kva eg skal gjere. Den verkelege kampen for å overleve er i gang.

Mikkjells reise til enden av sirkelen avsluttast i neste del.

Siste fra forsiden