Feature Speldagbok: Playerunknown's Battlegrounds

«Kvifor let me deg køyre, eigentleg?» spør eg Gabriel, mens bilen krasjlandar med taket ned i ei steinrøys. «Kvar. Jækla. Gong.»

Følg det fantastiske kaoset i PUBG-speldagboka til Mikkjell.

Frakken til mannen med den rosa afrosveisen dansar til alle kantar, mens han hoppar rundt og boksar tilfeldig forbipasserande i hovudet. Figuren slepp ut eit øyredøyvande brøl over stemmepraten: «TAIWAN NUMBAH WUNH.»

I bakgrunnen plystrar ein russar på In the Jungle. Mikrofonen hans høyrest ut som ein foss, med bakgrunnsstøy som frå ein sovjetisk stålfabrikk. Den skingrande plystringa brenn i trommehinna mi, men eg slår ikkje av stemmepraten. Det er nett slik det skal vere.

Scenen er satt for eit nytt eventyr, eg er klar. Klokka tikkar ned mot null. Eg rettar på skuldrane, justerer kontorstolen, og opnar spelkartet.

Den karakteristiske duren startar opp, og figuren min teleporterast inn i eit overfylt militærfly. På same tid tar russaren i bruk songstemma si, med ein skurrete og særs falsk coverversjon av I believe I can fly. Den eine lagkameraten min stemmer sjølvsagt i på TeamSpeak. Pokkers Gabriel.

«Militærbasen?» spør eg dei tre andre.

«Den einaste plassen som faktisk er spanande å lande på,» svarar David.

«Okay, me tar leilegheitene,» seier eg. «De tar nordsida, eg tar taket i midten. Me samlar oss så fort me finn våpen.»

Tid for kamp. 
Tid for kamp.  Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg stupar ned mot bakken i 230 kilometer i timen, lufta kvinande mot meg. Figuren min drar i fallskjermsnora nokre meter over eit tak, og siktar seg inn. Perfekt landing. Eg skimtar ei automatrifle på andre sida av taket, og sprintar bortover.

Fallskjermen til ein halvnaken mann viser seg nokre meter over hovudet mitt, mens eg festar blikket på M416-rifla med 90 rundar 5.56-ammunisjon. Han er på veg til det same våpenet. Det er så vidt eg får plukka opp rifla når fienden landar oppå meg. Han er kjapp. All ammunisjonen forsvinn, og eg blir ståande igjen med eit våpen utan kuler.

«Treng hjelp, folkens!» roper eg i mikrofonen.

Lite respons. Dei andre er opptatte med sitt.

Helsikken. Fienden ser sjansen sin til å servere meg ein saftig uppercut, og ein god porsjon av helsepoenga mine forsvinn. Eg legg på sprang. Eg må vekk, ned frå taket. Finne ammunisjon, ly. Med eit krafttak hoppar eg over rekkverket på taket, og landar med eit smell på bakken. Enno færre helsepoeng. Sekundet etterpå høyrer eg eit dunk bak meg, og den halvnakne mannen spring etter.

«Gabriel, I’m bringing the party to you,» seier eg på TeamSpeak. Nok ein fiende har tatt opp jakta på meg. Me spurtar langs veggen på leilegheitskomplekset som ein gjeng frå ein Benny Hill-sketsj. Ved hushjørnet smyg eg meg under trappa, og styrtar inn døra til huset på nordsida.

Gabriel er på plass. Han sit på kne i trappa med ei hagle mot skuldra si, klar for neste person som kjem gjennom døra. Eit enkelt SK12-skot tar ut den første. David hoppar ned på baksida, og flankar fiende nummer to. Eg pustar letta ut, og plukkar opp ammunisjonen min frå det eine liket, samt hjelm og skotsikker vest frå det andre. Endeleg er eg klar til å gjere litt nytte for meg.

Med fullt M416-magasin tar eg ein tur opp på taket, og skannar omgivnadane. «Då trur eg me har kontrollen på området,» seier eg. «Vent, kvar er Harald?».

«Bomma litt på landinga. På veg til dykk,» seier han. I same augeblikk høyrer eg eit skrik, og les teksten Harald was knocked down by xXDragonSlayer55420Xx.

«Men i svarte då, Harald. Kom deg til –,» byrjar Gabriel.

Harald was killed by xXDragonSlayer55420Xx. Fleire høglytte sukk resonnerer gjennom gruppa.

«Gidder me å backe ut no? Det er berre 70 igjen,» seier David.

«Nei, eg trur ikkje det,» seier Gabriel. «Me held fram. Harald får berre vente.»

Frå toppen av hustaket får eg auge på ein eldgamal, rustfarga Dacia under eit tre. «Det er ein bil på andre sida av vegen her. Me tar den og køyrer inn i sirkelen,» seier eg.

Landskapet susar forbi. Bilen sprett til alle kantar, sjølv frå det minste støvkorn som tilfeldigvis ligg i vegen framfor oss. «Tviler på at den hadde fått så veldig mange poeng i NCAP-testen, den her,» seier David tort, mens me køyrer over brua til fastlandet. Sirkelen er framleis nokre kilometer unna. Bra for oss, for talet på fiendar minkar fort.

Det uunngåelege skjer sjølvsagt. Nett då me får auge på den stipla linja på kartet, treff bilen eit grasstrå. Daciaen stoppar momentant, og svevar i ein elegant boge bortover den solsvidde sletta.

Eit kjend syn for alle PUBG-spelarar.
Eit kjend syn for alle PUBG-spelarar. Bilde: Skjermdump YouTube

«Kvifor let me deg køyre, eigentleg?» spør eg Gabriel, mens bilen krasjlandar med taket ned i ei steinrøys. «Kvar. Jækla. Gong. Kvar gong skjer det her.»

Ein ny runde med sukk går gjennom TeamSpeak, men blir fort avbrote. Ei kule smell inn i bilvindauget, som eksploderer i glasbitar.

«Shit. Nokon som ser kvar han er?» spør David.

Eg legg meg ned på alle fire ved sia av bilen, og ser nordover, bortover sletta me har havarert på. Nokre tre vaiar i vinden drygt tre hundre meter framover oss, men det er ingen teikn til liv.

«Me må kome oss vidare. Dei trea er akkurat innanfor sirkelen, og elektrisiteten kjem augeblikk,» seier eg. Med det same skimtar eg munningsflammen frå ei skarpskyttarrifle ved skoglinja. Kula streifar beinet mitt, og brorparten av dei attverande helsepoenga mine forsvinn. Utan bandasje eller førstehjelp kjem den neste til å drepe meg.

Ein vegg av blått kjem stødig mot ryggen vår, og eg er rådvill. Det er no eller aldri.

«Dekk meg,» seier eg, og legg på sprang mot fienden. Sletta verkar brått enno meir open enn før, utan eit hint av ly for dei haglande kulene. Eg spurtar i sikk-sakk mot sikker død, med ein skarpskytar framfor meg, og ein skremmande vegg av død bak.

Dei andre byrjar å halte etter, mens dei fyrer av nokre salvar mot trea for å dekkje storminga mi. Skarpskyttaren stikk fram bak dekket sitt med jamne mellomrom for å prøve å myrde meg, og det er fint lite eg kan gjere med det.

Pulsen stig monaleg på opne sletter som dette.
Pulsen stig monaleg på opne sletter som dette. Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

På eit eller anna vis klarar eg å nærme meg det vesle skogholtet, der fienden sit på lur med ei Kar98K-rifle. Med nokre millimeter igjen av helsebaren, hoppar eg over streken til sirkelen, og finn ly bak eit tynnt tre.

«Han er knapt femti meter framfor meg her no,» seier eg. «Det er ikkje plass til fleire bak treet mitt, så me må pushe

Resten av laget mitt kjem inn i skogholtet, og det er berre nokre buskar og trestammar som held fienden i live. Me spreier oss utover området, kvar av oss med blikket festa mot ei bjørk med visne lauv. Ein liten del av geværstokken til fienden stikk ut bak stammen, som om skarpskytaren ertar oss til å kome. 

Ei kule fyk forbi øyret mitt, og finn brystkassa til Gabriel. Ein foss av raudt silar frå såret, men han er framleis oppe. Gabriel fer forbi meg, og spring rett mot det tynne treet. Eg sirklar rundt, klar til å skyte ved første teikn til rørsle.

Fienden tar sjansen på å kikke rundt dekket sitt igjen, men denne gongen er han for sein. Hovudet hans plasserer seg midt i siktet mitt, og eg trykkar på avtrekkjaren. Militærhjelmen hans forduftar. To enkle skot er alt som skal til, før det einaste som er igjen av mannen er ein trekasse med nokre gjenstandar i. 

«Endeleg litt healing,» seier eg. Figuren min rettar letta på skuldrene etter nokre slurkar frå ein Red Bull-boks. Kva er vel ei 7.62-kule i beinet når ein har energidrikk? Eg rotar litt rundt i kassen ved treet, og plukkar med meg Kar98k-geværet med 8x-optikk, samt eit førstehjelpsskrin. 

Motorbrølet til eit fly bryt stillheita til skogen, og ein raud kasse blir slept ned mot bakken. 

«Airdrop til vest,» roper David. «Kom igjen!»

Reisa vår mot midten av sirkelen held fram i neste del. Heng med!

Les også: Playerunknown's Battlegrounds har solgt ti millionar eksemplar på eit halv år »

Playerunknown's Battlegrounds Windows Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2017
  • Plattform: Windows

Beste priser

Nedlasting 259,-
Ikke på lager 259,-
Nedlasting 269,-

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen