Final Fantasy skaper med Xbox-avtale

Seint i går kveld norsk tid blei det kjent at Skaparen av Final Fantasy-serien skal utvikle to nye spel for den nye Xbox-konsollen

Dette er gode nyheiter for Microsoft som har hatt det tøft i Japan med sin Xbox-konsoll. Ved å få Hironobu Sakaguchi på sitt lag under den neste generasjonen er dei sikra noko som har vore stor mangelvare for dei under denne generasjonen; japanske rollespel. Det er offentleggjort at det er snakk om to spel, men det er foreløpig ikkje kjent når desse skal vere tilgjengelege for massane.

"Microsoft sin banebrytande teknologi for den neste generasjonen vil tillate meg å verkeleggjere mange idèar eg har hatt i mange år. Eg vil at desse spela skal kome til live med ein ny visjon for spel, og samtidig framstille nye karakterar som vil heve seg over spelet, finne ein plass i hjarta til spelarar, og gjere den tida som blir brukt på spela mine til noko ein vil hugse lenge." Seier Hironobu Sakaguchi i ein kommentar.

Ingen detaljar om sjølve innhaldet i spela er kjent. I følge Peter Moore i Microsoft har begge titlane vore under utvikling i nokre månadar, og dei held foreløpig på med å implementere tidleg kode, og få dei grunnleggande mekanikkane på plass. I følge Moore vil spela vere Xbox Live Aware, i likheit med alle spel til den komande konsollen. Om det blir meir Xbox Live-innhald enn dette er enda ikkje kjent.

I tillegg til å utvikle desse spela skal Sakaguchi hjelpe Microsoft med å posisjonere seg i den japanske marknaden. Å få Sakaguchi med på laget er eine og aleine eit stort steg i riktig retning for Microsoft når det gjeld Japan. Ingen av titlane deira har så langt skapt store bølger der, og det er all grunn til å tru at dette kan gi Microsoft eit alvorleg løft.

Hironobu Sakaguchi er skaparen av Final Fantasy, og har vore ein viktig person i Square (som seinare slo seg saman med Enix og danna superselskapet Square Enix) sidan starten. Etter gigantfloppen med filmen Final Fantasy: The Spirits Within, valgte han å slutte i selskapet, og starta sitt eige selskap; Mistwalker. Ein anna viktig person i Square og Final Fantasy si historie slutta også i Square Enix i høst. Komponisten for nesten all musikk i Final Fantasy-spel opp gjennom åra, Nobuo Uematsu, starta sitt eige nye selskap; Smile Please. Det har vore snakk om at Sakaguchi og Uematsu skal jobbe saman igjen på nye prosjekt, men om det inkluderar desse spela er det foreløpig ikkje sagt noko om.

Siste fra forsiden