Anmeldelse

Final Fantasy X-2

Innleiingssekvensen til Final Fantasy X-2 inneheld Yuna som popstjerne, og sterke referansar til Charlie's Angels. Om du ikkje stussar over dette, har du nok ikkje spelt så mykje Final Fantasy i di tid.

Side 1
Side 2
Side 3

Like nydeleg som alltid Final Fantasy X var, og er, eit av dei vakraste spela til PlayStation 2. Final Fantasy X-2 brukar i hovudskap akkurat same kode som forgjengaren. Naturlegvis vil det meste sjå veldig kjent ut, og sidan du har sett det meste før blir det ikkje fullt så imponerande som forrige gong. Det hindrar likevel ikkje Final Fantasy X-2 frå å strekke maskina til sine ytterste grenser. Områda er like store og flotte som før, og magi-effektene imponerar i enda større grad enn før. Spesielt flamme- og lyn-magi er eit imponerande skue.

Animasjonane har også fått eit løft. Sjølv om ansikta til hovudpersonane var svært forseggjorde i Final Fantasy X, kan ein ikkje nekte for at det til tider blei litt stivt. Bevegelsane til både hovudpersonar og statistar var heller ikkje alltid imponerande. Statistane har det dessverre ikkje skjedd mykje med, men animasjonane til viktige personar er meir overbevisande enn kva dei var i Final Fantasy X. Animasjonen flyt betre, og gjer ein betre jobb i å få fram haldningane til karakterane enn kva som blei prestert i forgjengaren. Det er først og fremst i sekvensar med mykje dialog at animasjonen visar seg, og det er hos Rikku det er tydelegast. Ho har så mange nye ansiktsuttrykk, at det er lett å byjre å le berre ved å sjå på ho. Ho er ei total fjolle, og den rake motsetninga til Paine, som er animert med få og stive ansiktsuttrykk.

Du er tilgiven om du rynkar på nasa over at Nobuo Uematsu ikkje står for musikken i denne installasjonen av Final Fantasy. Han har stått bak så og seie all musikk heilt opp til no, og det merkast tydeleg at han ikkje har vore involvert. Mange melodiar har gått igjen i dei forskjellige spela, men dei nye komponistane har valt å gjere alt på nytt. Musikken er ikkje dårleg, langt der ifrå, men kvaliteten varierar. Dei episke melodiane er fråværande, og er erstatta av melodiar som fungerar, men ikkje akkurat set seg fast. Nokre av dess melodiane er faktisk veldig bra, men den jazza funk-musikken som dukkar opp veldig ofte har ein tendens til å sette deg ut litt. Det blir nesten litt i overkant av kva ein kan tåle på ein gong.

Den delen av lydbiletet som verkeleg imponerar er stemmene til karakterane du møter. Skodespelarane frå Final Fantasy X gjentar sine roller, og denne gongen følest det meir naturleg enn forrige gong. Dialogen flyt betre, og det er få pauser mellom setningar. Spesielt utmerkar Hedy Burress i rolla som Yuna seg. Ho framstår meir sjølvsikker og truverdig. Gwendoline Yeo gjer også ei utmerka rolle som Paine, med sjølvsikkerheit og akkurat passe dose med arroganse. Square Enix skal ha ros for jobben dei har gjort her, det er svært profesjonellt gjort. Uansett kor hardt ein skulle prøve, er det vanskeleg å setje fingeren på noko som kunne ha vore gjort betre.

Konklusjon Er det verdt pengane? Ja, definitivt. Likar du Final Fantasy, eventyr generelt, eller berre har venta lenge på den definitive kombinasjonen av Charlie's Angels og Ringenes Herre, er dette spelet for deg. Er du ein av dei evige kritikarane som synest alt etter Final Fantasy VII er søppel, og enda ikkje vil akseptere at Aeris døde, er det derimot større sjanse for at dette ikkje vil falle i smak. Det er eit uvanleg spel for serien, både fordi det er den aller første direkte oppfølgjaren, men også sidan du er friare til å gjere det du sjølv vil. Vil du reise tilbake til ein stad du var tidlegare, berre for å sjå korleis det går? Du kan gjere det, og sjansen for å finne eit lite eventyr er samtidig der.

Du har sikkert høyrt mykje rart om Final Fantasy X-2, og det meste er nok sant, men for alle sine kromspring er det like ekte som alle dei tidlegare spela i serien. Ofte har du vel lurt på kva som skjer etter handlinga i eit spel er over, berre for å innsjå at ein oppfølgjar garantert hadde blitt forferdeleg. No får du oppleve det, og det er faktisk veldig bra. Det går ei stund mellom kvar gong vi får oppleve kva trollmenne i Square Enix kokar saman, men det følest veldig godt å endeleg vere tilbake.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden