From Software annonserar Xbox 360-spel

Utviklaren av dei magiske Otogi-spela har bestemt seg for å fokusere på rollespel som sitt første steg ut I neste generasjon.

For mange er kanskje From Software synonymt med middelmådige rollespel, sidan From Software var flinke til å spy ut rollespel som Eternal Ring til PlayStation 2, og Lost Kingdom 1 og 2 til GameCube. For Xbox-eigarar er nok From Software betre kjent for Otogi-serien som blanda hektisk action med nydeleg grafikk og musikk. [eM] -eNCHANT arM- er namnet på det nye spelet, som ikkje seier så mykje om kva vi har i vente. Vi håper på meir informasjon når E3-messa åpnar sine dører på onsdag.

Detaljane er få, men det er kunngjort at spelet vil bli ein lanseringstittel, vil støtte Xbox Live, støtte for høg oppløysning, og full utnytting av Xbox 360 si maskinkraft. Vi kjem tilbake med meir info i løpet av dei nærmaste dagane.

Siste fra forsiden