Test

MSI GeForce RTX 2080 Gaming X Trio

Gigakort med juletrelys

MSI leverer strålesporing og 4K-gaming til under 10 000 kroner.

MSI
1: Test og konklusjon
2: Benchmark i ti spel

Me har vore innom ein del MSI-produkt her i løpet av det siste året, men ikkje det produsenten kanskje er mest kjend for; skjermkort. MSI er ein av marknadsleiarane når det kjem til tredjepartskort, takka vere effektive kjøleløysingar og kul design.

Produsenten har sendt tre skjermkort til testbenken vår, som me skal publisere testar av fortløpande. Samanlikningsbasisen vår er framleis snever då maskinvaresatsinga til Gamer.no er i oppstartsfasen, men me kjem til å oppdatere gamle testar med benchmarktal frå nye kort etter kvart.

Først ut er MSI GeForce RTX 2080 Gaming X Trio, som med ein prislapp på 9 000 kroner plasserer seg på midten blant 2080-korta. Dette tredjepartskjermkortet kjem med ein standard klokkehastigheit på 1515 MHz, og 1860 MHz for boost.

Klikk her for å hoppe rett til benchmarkresultata våre på neste side »

Design

Gaming X Trio-designet har vore gjennom omfattande endringar sidan me såg det på GTX 1080 Ti sist. «Gamer»-preget som MSI er glade i er framleis så til dei grader på plass, men utsjånaden har blitt pussa ein del på. Dei raude rillene rundt viftene er fjerna og erstatta med svart plast.

Gaming X Trio-designet har fått eit malingsstrøk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Bakplata er farga om frå svart til grå («gunmetal») med nokre nye mønster, samt at bakplata er utvida for å skjule meir av viftedekselet. Endringane er definitivt til det betre. Det er nok dei som set mest pris på eit meir anonymt design, men eg syns MSI har laga ein skikkeleg kul oppgradering til referansekortet frå Nvidia her. Dette er definitivt blant dei tøffaste skjermkortdesigna ein kan kjøpe for Turing-plattforma.

Bakplata er dekkja med ein gunmetal-finish, brodert med den klassiske MSI-dragen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det ein må vere varsam med her er storleiken. Kortet er gigantisk. Med ein lengde på heile 32.7 centimeter må ein fort fram med baufil eller liknande for å gjere endringar i kabinettet. Dei med små kabinett bør difor ta ein runde med målebandet før dei handlar. Dette er nett den same storleiken som RTX 2080 Ti-versjonen, og nokre millimeter lengre enn GTX 1080 Ti-utgåva. Så vidt eg veit er det berre det komande Lightning Z-kortet til MSI som er større av alle tredjepartskorta på marknaden, med ein millimeter ekstra. Tjukt er Gaming X Trio òg, blant anna som ein konsekvens av dei enorme kjøleribbene.

Viftene er av typen Torx 3.0, som har vore ein gjengangar i MSI-skjermkort i ei årrekkje. Produsenten skryt av at desse har doble kulelager som skal føre til lengre levetid, men viftene er neppe det som ryk først viss ein får problem med skjermkortet. Sjølve kjølaren er ikkje overraskande framleis av typen Tri-Frozr, som MSI har brukt på dei fleste korta sine sidan 2014.

Yting

MSI Gaming X Trio-korta er førebels dei desidert største på marknaden, så ver klar med målebandet før du handlar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sjølv om RTX 2080 Ti teknisk sett er oppfølgjaren til GTX 1080 Ti, er det meir naturleg å samanlikne RTX 2080 med 1080 Ti. Ytinga ligg stort sett på det same nivået i eldre titlar, mens ein byrjar å sjå forskjellar i spel som drar nytte av DirectX12.

1920x1080 og 2560x1440 er null problem for verken 2080 eller 1080 Ti, men i nyare spel vil ein slite litt dersom ein har skjerm på 120 hertz eller meir. I 4K er det ein del spel som kortet maktar å dra over den magiske 60-grensa, mens dei tyngste spela tvinger oss til å gjere nokre små justeringar på innstillingsnivået for å få biletefrekvensen opp.

Me ser i benchmarktestane at MSI GeForce RTX 2080 Gaming X Trio held seg eit par prosent foran 1080Ti-kortet me har brukt (ASUS ROG Strix) i fleirtalet av spela. De kan sjå dei ulike tala på neste side. Kortet boosta heilt opp til 1965 MHz ut av boksen, som er respektabelt for eit fabrikkoverklokka kort. Dette er tross alt langt frå det dyraste RTX 2080-kortet.

Strålesporing og «DLSS» er sjølvsagt med på kjøpet her – som ein ikkje får med GTX 1080 Ti – og opnar for nye moglegheiter når det kjem til visuell kvalitet på spel. Likevel har Nvidia og spelutviklarane eit stykke å gå før det blir noko særleg poeng i å bruke teknologien, sjølv på eit RTX 2080 Ti-skjermkort. Speler ein først og fremst spel der høg biletefrekvens er viktig i 1440p, så er det kanskje difor like greitt å vente til neste generasjon med strålesporing, og heller plukke med seg eit brukt Pascal-kort.

RTX 2080 er langt frå kraftig nok til å ha sjans på strålesporing i 4K, og DLSS er ikkje nok til å gjere noko forskjell der. Skrur ein ned til 1440p og kombinerer strålesporinga med DLSS blir det meir vits i, men på grunn av droppet i biletekvalitet som DLSS medfører vil det for mange vere like greitt å skippe heile greia. Optimaliseringa vil utviilsamt bli betre etter kvart, men eg tør påstå at dette framleis er litt for spesielt interesserte.

Det som er interessant er at DLSS utan strålesporing er akkurat nok til å utjamne ytingsforskjellane mellom RTX 2080 og eit RTX 2080 Ti utan DLSS, men igjen må ein ta omsyn til biletekvalitet.

Overklokking

Turing-korta har vist seg å vere solide overklokkarar, og MSIs GeForce RTX 2080 Gaming X Trio er langt frå noko unntak. Produsenten har avgrensa den maksimale straumbruken til 109 prosent som kan legge ein liten dempar på potensialet, men det var ikkje noko problem å få kortet over 2000 MHz stabilt. Ikkje 2050 MHz, heller. Eg tviler eigentleg på at meir straum vil gjere noko stor forskjell over det. Viss ein vil eksperimentere meir med dette er det mogleg å laste ned BIOS-oppdatering frå andre skjermkortprodusentar, som framleis fungerer på MSI-kortet.

Det er alltid vanskeleg å vite korleis ein plasserer seg i silisiumlotteriet med nye skjermkort, men med nokre kjappe endringar i MSI Afterburner fekk eg åtte prosent betre yting i spel, utan at temperaturen gjekk opp. Det kan fort vere alt ein treng for å kome seg over 60-grensa i 4K.

Etter litt fikling i MSI Afterburner fekk me 8 prosent høgare biletefrekvens ut av kortet.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I MSI Afterburner fekk eg altså plussa på kjernehastigheita med 100 MHz, og 905 MHz på minnefarten. Det er meir enn eg hadde venta. Sjølv med så stor overklokking haldt kortet stand i stresstesten min i ein halvtime utan å krasje. Riktig nok er dette først og fremst flaks, då silisiumlotteriet vil avgjere kor mykje ein får ut av kvart kort. Det kan godt hende ein får meir, men mest sannsynleg er det få som kjem i nærleiken av å kunne skru opp minnefarta så mykje.

Straumforbruk, temperatur og støynivå

Viftene er det som verkeleg gjer MSI GeForce RTX 2080 Gaming X Trio til noko ein bør vurdere å handle. Temperaturen gjekk aldri over 70 grader sjølv under stresstesting, og 71 grader då det var overklokka. Støynivået er omtrent ikkje-eksisterande. På tomgang held temperaturen seg på 50 grader, og då går ikkje viftene i det heile. Det er imponerande. Faktisk byrjar dei ikkje å spinne før kortet kjem opp på 60 grader, som betyr at lett speling og media ikkje vil produsere noko lyd i det heile. «Coil whine» har eg heller ikkje høyrt teikn til ved høg biletefrekvens.

Under full last produserer Gaming X Trio 36 desibel på maks. Det er såpass lite støy at ein ikkje merkar noko til det viss ein har kabinettet lukka. Mest sannsynleg kjem prosessor- eller straumsforsyningsvifta i maskinen din til å overdøyve skjermkortet med god margin. Det er andre kjølarar der ute som vil gjere ein betre jobb med støynivå under last, men forskjellane er forsvinnande små blant korta utan vasskjøling.

Når det kjem til straumforbruk drog kortet på det meste 261 watt ut av veggen utan overklokking, og 282 watt med.

Programvare og RGB

Eit av dei openberre trekkplastera her er RGB-lyset. Dette er fordelt over fire ulike lyspanel, liknande dei me finn i MSI sitt Vigor GK80-tastatur og Clutch GM-serien av speldatamus. Panela er sjølvsagt blitt ein del større no, og gir nok lys til at heile kabinettet vil blinke i alle moglege fargar.

Tilkoplingane er standardiserte, men MSI er ein av få som faktisk gir portane merkelappar med HDMI osv.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Ved hjelp av MSI sin Mystic Light-programvare kan ein justere fargar og mønster med nokre få trykk. Programvaren treng definitivt ein overhaling, men dette er vel neppe noko ein brukar meir enn ein gong. Mystic Light byr på sju ulike mønster for fargane, der regnbogeeffekten har blitt min favoritt. Det er fint mogleg å slå av alt av RGB òg dersom ein ønskjer, eller å sette dei til å vise ein farge statisk.

Konklusjon

Eg har ikkje vore nokon stor fan av Turing-lanseringa til Nvidia, men MSI har gjort ein del for å betre opplevinga. Det hjelper vel òg at kortet kostar omtrent det same som referansekortet til Nvidia. Viss ein har plass til eit såpass stort kort som Gaming X Trio, er dette eit kraftig produkt med høg klokkehastigheit ut av boksen.

MSI byr på ein særs kapabel kjølar med null støy under tomgang. Designet er òg eit høgdepunkt, for ikkje å snakke om dei latterlege RGB-fargane som kjem med. Blir det for mykje kan ein sjølvsagt skru det ned i MSI Mystic Light, men det er i alle fall få andre kort som kan matche dette på fargar.

Som med RTX 2080 Ti er det prisen det kjem ned til. Riktig nok var 1080 Ti eit aldeles fantastisk kort då det lanserte, men dei fleste vil nok rynke litt på nasen av at eit kort som kjem nesten to år seinare lanserer til same pris med same yting. Det er sjølvsagt mange som er gira på strålesporing og DLSS, men for den gjennomsnittlege spelaren er dette neppe det viktigaste. Ein kan spare mykje på å kjøpe eit brukt GTX 1080 Ti-kort viss ein ikkje treng RTX-funksjonane.

RTX 2080-korta er kanskje det dårlegaste kjøpet i 20-serien. Likevel vil MSI sitt design gjere opp for ein del svakleikar. Gaming X Trio er definitivt oppe på pallen blant tredjepartskorta. Det at RTX 2080-korta berre har 8 GB med videominne er òg eit minus. Allereie no er det spel som drar meir enn dette i 4K, og spela kjem berre til å bli meir krevjande med tida. Dette er sjølvsagt ikkje MSI sin feil, men heller nok ein svakleik frå Nvidia. Hadde det vore referansekortet til Nvidia me skreiv om her, tviler eg på at me hadde gitt meir enn ein seksar.

Les også: Test av Gigabyte GeForce RTX 2080 Ti Gaming OC »

8
/10
MSI GeForce RTX 2080 Gaming X Trio
Kraftig og stort tredjepartskort frå MSI med imponerande kjøling.
RGB, RGB, RGB
Høg klokkehastigheit ut av boksen
Solide overklokkingsresultat
Null støy på tomgang
Låge temperaturar
Grei pris sett i forhold til konkurransen
2080 er framleis alt for dyrt samanlikna med 1080 Ti
RTX-funksjonane er berre tilgjengelege i nokre få spel
Latterleg stort
8 GB VRAM set grenser for kor lenge kortet vil vere relevant
1: Test og konklusjon
2: Benchmark i ti spel

Siste fra forsiden