Test

MSI Clutch GM60

Røff start for MSI si satsing på datamus

Modulært design og kul RGB er ikkje nok for å redde denne mursteinen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

MSI har satsa friskt på utviding av produktlinja det siste året. Me testa topptastaturet deira for ei stund sidan og enda opp med å gi det 7/10, og no er turen kome til spelmusa.

MSI Clutch GM60 er ei stor mus for høgrehendte med utskiftbare tommelstøtter og toppdeksel, fletta kabel, og den same lys-lista som me finn på MSI Vigor GK80. Med åtte knappar og ein sensor som støttar rapporteringsfrekvens på 3000 hz er det mykje å like her, men dessverre har den ein del barnesjukdomar som gjer at den er vanskeleg å anbefale.

GM60 kjem i både kabla og trådlaus versjon (GM70), og GM60 vil koste deg rundt 800 kroner.

Sensor

Valet av ein PMW3330-sensor i ei mus til 800 kroner er merkeleg. Sjølv om sensoren er relativt presis når det kjem til pikselsporing, er den eit stykke under den standard 3360-sensoren. 3330 er ein sensor du ofte finn i langt billigare produkt. For min del fungerer musa fint i Windows, men etter nokre testar i spel merka eg med ein gong at det er noko rart her. Det verkar som det er ein eller anna form for akselerasjon, og eg sleit med å treffe skot som eg vanlegvis burde klare. Programvaren MSI Gaming Center har ei innstilling kalla «enhance pointer precision» som ein må manuelt slå av – og den kan føre til akselerasjon – men problemet forsvann ikkje etter at eg gjorde det.

Dette er eigentleg ein billigversjon av 3360 med nokre funksjonar kutta ut. Ein kan finne 3360-mus ned i halvparten av prisen til GM60, så er du ute etter å vere mest mogleg treffsikker, er ikkje dette noko for deg.

Med tanke på prislappen burde MSI investert i ein betre sensor.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Trekkplasteret her er at sensoren lar deg skru rapporteringsfrekvensen heilt opp til 3000 hertz. Det er nokre ytst få andre mus som har støtte for 2000, mens endå færre klarar 3000 hertz. I teorien, i alle fall.

Zowie har ein eigen test for dette på sine nettsider, der MSI Clutch GM60 ligg rundt 2500 hertz. Ein kan ikkje vente at musa ligg på 3000 heile tida, men så vidt eg kunne sjå kom den aldri over 2650. Det skal likevel seiast at mange mus som dette ikkje ein gong klarar 2000, så eg meiner dette er innanfor.

Spørsmålet er vel heller om ein treng ei rapporteringsfrekvensen på 3000 hertz. Det blir mest ein gimmick, eigentleg. Eg slit med å merke noko forskjell i det heile mellom 1000 og 2000, så dei siste 1000 vil ein mest sannsynleg få null utnytte av. Difor gjer det ikkje så mykje at musa toppar ut på rundt 2650, uansett.

Elles har sensoren har ei grense på 10 800 PPT («punkt per tomme», måling for følsemd på datamus). Den byrjar på 100, og kan justerast opp i hakk på 100.

Design og komfort

Med det minste settet av tommelstøtter på, er MSI Clutch GM60 ei ganske klumpete og tunghandtert greie. Det er så mange kantar her at det er litt som å prøvde å halde ein murstein i handa. Vanlegvis vil ei datamus bøye innover på sidene for best mogleg støtte til tommelen, men her går det meir rett ned. Det øydelegg litt for komforten for min del.

Heldigvis får du med to sett av tommelstøtter, og dei største, som ser litt ut som vingane på batmobilen, er monaleg betre. Dei vender innover slik dei skal, og gir støtte til heile fingeren.

Derimot er det eit ganske stort problem her. Saumen mellom GM60 og tommelstøttene på undersida er langt frå så jamn som den burde vere. Resultatet er at kanten på musa skrapar nedi musematta når eg brukar den, og gjer at musa kjenst tyngre ut enn den er på grunn av motstanden. Det lagar òg ein del ekstra støy.

Dette er noko ein verkeleg bør unngå på ei mus som veg 128 gram. Denne er allereie så tung at den blir automatisk diskvalifisert som val til skytespel for mange. Skal du ha på tommelstøtte, viser vekta over 140. Det er nesten like mykje som ein Razer Naga – og då kjøper du heller den.

Det er fort gjort å byte ut dei ulike delane ved hjelp av innebygde magnetar, men desse tommelstøttene er ikkje heilt det store.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Plastikken på begge setta av tommelstøtter har teksturerte industrimønster for å motverke effekten av sveitte hender, men det fungerer berre på dei store. Overflata er faktisk skikkeleg glatt på dei minste tommelstøttene, sjølv utan at ein er sveitt. Fleire gongar har tommelen min sklidd oppover, som gjer at eg kjem borti sideknappane. Derfor er dei små ganske ubrukelege, meiner eg. Det kan hende at andre med mindre fingrar vil få noko ut av dei, men dei største verkar overlegne på alle moglege måtar, noko som gjer at skiftet blir mest ein gimmick. Det er eit pluss med valfridom, men her er det strengt tatt berre eit val som fungerer.

Sjølve passforma er grei, og bakdekselet ligg godt i handflata, men GM60 er nok hakket for stor for dei fleste. Handflategrep er det einaste som fungerer for mine hender på 18,5 centimeter.

Knappar

Ein kan ta av begge tommelstøttene for å gjere GM60 litt mindre klumpete, men då oppstår eit nytt problem; nemleg at sideknappane stikker mykje lengre ut enn dei burde. Ringfingeren min kviler omtrent akkurat der dei høgre sideknappane er, som gjer at det er fort gjort å trykke dei inn ved uhell. Det gjer at eg må slå av dei knappane i programvara, som igjen gjer dei fullstendig ubrukelege. Dette viser nok ein gong at å bruke dei store tommelstøttene er det einaste som verkar fornuftig. Ein anna effekt av å ta av støttene er at heile musa blir vaklevoren og ustabil. Difor må ein nesten bruke dei.

GM60 har to knappar på kvar side.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

GM60 har totalt sju programmerbare knappar, samt eit klikkbart rullehjul. Fire sideknappar gjer at denne musa vil fungere til MOBA/RTS og produktivitet, viss ein klarar å ignorere svakheitene med musa og har ei stor hand.

Med tommelstøttene på er høgda på sideknappane akkurat passe, og dei har ein fin tilbakemeldingslyd. Det same gjeld høgre- og venstre museklikk, som har liten motstand og ein tilfredsstillande lyd.

Rullehjulet har ei gummioverflate som minner litt om eit bildekk, og går i trinn med ein hastigheit. Det får jobben gjort. Bak rullehjulet finn du ein PPT-knapp som kan skifte mellom fire ulike PPT-modusar. Eit indikatorlys ved sia visar kva for trinn du er på, som gjer at du enkelt kan sjonglere fleire trinn utan å miste oversikten av kva som er aktivt. Det er smart.

RGB og programvare

RGB (teknisk sett LED) er det som skil MSI Clutch GM60 frå konkurransen. Ein ting er logoen på baksida, men i og med at du held handa di over den, er den sjeldan synleg. Det er listene med LED-lys på framsida som fangar auget. Akkurat slik som på den nye tastatur-serien deira, har dei tatt ein gjennomsiktig plastbit og lar deg køyre alle regnbogens fargar gjennom den.

LED-lista har seks ulike lysmodusar, og kvar list har fem sonar som kan endrast individuelt i programvaren. Eg hadde eigentleg venta at MSI Gaming Center ville vere eit uoversiktleg rot etter å ha prøvd tastatur-programmet deira, men produsenten har ting på styr når det kjem til GM60. Justeringsmoglegheitene er delt inn i tre faner, som er enkle å navigere (sjå skjermbilete i botnen av saka).

Eg saknar litt fleire programmeringsalternativ for museknappane, men det kan ein ordne i tredjepartsprogramvare.

Konklusjon

Eg er veldig glad for at fleire satsar på modulært design på datamus. Det å spele på PC handlar i stor grad om nettopp valfridom. Der konsollane er låst til ei oppløysing, kan me leike oss med eit utal av innstillingar for å stille på alt mogleg. At dette kjem til PC-tilbehøyr er kjekt å sjå.

Sist månad blei me imponerte over HPs nye mus med modulært design, men Clutch GM60 slit eg meir med å anbefale. Det at den er laga for store hender er sjølvsagt ikkje noko minus, men den verkar likevel langt meir klossete designa enn andre datamus retta mot same målgruppe. Formen fungerer ikkje. At musa skrapar nedi underlaget når ein har på tommelstøttene er òg noko kvalitetskontrollen verkeleg burde plukka opp. Slik skal det ikkje vere. Ein tyngde på over 130 gram er allereie i overkant, og dette gjer saka endå verre. Det hjelper heller ikkje at musa blir vaklevoren utan tommelstøttene, slik at den eigentleg berre fungerer med dei store støttene.

Totalt sett veit eg ikkje kva målgruppa er her. 3330-sensoren gjer den automatisk underlegen dei fleste andre kabla mus i same prisklasse, og vekta diskvalifiserer den til skytespel. Den er sikkert grei til MOBA og MMORPG-spel, men der har ein langt meir attraktive alternativ med dobbelt så mange knappar med omtrent den same vekta. Då er det ikkje noko poeng i å kjøpe denne.

Uansett er det nokre lovande element her, og MSI er framleis i startfasen. Dei har levert haugevis av imponerande datakomponentar dei siste åra. Eg har difor tru på at dei kjem til å få til noko skikkeleg etter kvart, men førebels bør ein vente litt med å investere i datamus frå den taiwanske produsenten.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
4
/10
MSI Clutch GM60
MSI GM60 er ei middelmåtig datamus med ein del barnesjukdomar.
Valfridom med tommelstøtter og toppdeksel
Stilig lyspanel
Komfortable tommelstøtter (dei store)
3000 hz rapporteringsfrekvens i teorien - rundt 2500 i praksis
Skiftbar, fletta kabel
Valfridomen er mest symbolsk då berre eitt av alternativa faktisk fungerer
141 gram (!) med tommelstøttene
Museføtene og tommelstøttene skrapar nedi underlaget
Klumpete design
Trøbbel med sensor
Stiv pris

Siste fra forsiden