Test

HP Omen Reactor

Er dette framtida for gaming?

HP kjem med modulær datamus.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Moglegheita til å endre maskinvareeigenskapar på datamus har stort sett vore avgrensa til å kunne skifte ut knappar. Utan å gjere manuelle modifikasjonar på mus, så har det vore få alternativ for dei som ønskjer litt meir fridom.

Dette er i endring. Fleire produsentar har i det siste introdusert modulære mus, der ein til dømes kan endre på sjølve fasongen til musa. HP Omen er no ute med nettopp eit slikt produkt. Etter å ha starta ei stor satsing på PC-tilbehør i fjor, har dei i 2018 blant anna kome med HP Omen Reactor, ei mus som lar deg endre høgda på baksida for tilpasse handstorleiken din.

Musa er tilgjengelege i ymse nettbutikkar til 700 kroner.

Sensor

Den førre datamusa frå HP, Omen 600, fekk ein del pepar på grunn av sensoren. Produsenten hadde av ein eller anna grunn vald å legge avgrensing på PPT ned til 800, der du berre kunne få 400 ved å bruke ein PPT-knapp med ei dårleg plassering.

Dette er snudd på hovudet for i år. Omen Reactor brukar ein PMW3360-sensor, som gir deg yting på nivå med dei aller beste musa du kan få tak i, og støttar PPT heilt opp til 16 000, ned til 400. Dette sikrar presis sikting i alt av skytespel, og god detaljstyring i bilete- og videoredigering. I test av pikselsporing i spel, så ytar den nesten på linje med 3366/HERO-sensoren frå Logitech og 3389 frå Razer. Det er altså ingenting å klage på her.

Design

Ergonomi har openbert vore hovudfokuset for designarane hos HP. Framsida av musa har ein skrå profil som legg til rette for høgrehendte, og sikrar fingrane ein god kvileposisjon uansett kva greptype ein brukar.

Ergonomi har vore viktig for HP i designprosessen.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Venstresida av musa har ei tommelstøtte, og rett under sideknappane er det eit lite innhugg i plastikken som gjer at tommelen ligg perfekt mot sida av Reactor. Det gjer òg at det ikkje er noko behov for gummierte sidegrep. Produsentar som SteelSeries har hatt store problem med at slike grep dett av etter ei stund, som ein slepp her. Det eg likar minst er mellomrommet mellom museknappane og sjølve kroppen på høgre side av musa. Akkurat der som ringfingeren skal kvile, er det eit lite hakk som kan vere ein smule ukomfortabelt.

HP Omen Reactor er ei mellomstor datamus, men den veg likevel overraskande lite. Faktisk berre 90 gram. Med alle duppedittane den har, så skulle ein tru det ville vore langt meir. Men den totale vekta, med kabelen inkludert, er monaleg høgare. Displayet på vekta vise heile 165 gram viss du legg kabelen oppå. Den er nemleg laga av metall.

Designet på leidningen minner meg mest om gamle telefonleidningar, der kabelen går i spiral rundt seg sjølv. Reactor-kabelen er ganske lik det, berre at spiralane er mindre. Resultatet er at kabelbrot burde vere omtrent umogleg.

Kabelen er tung, men toler det meste.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Så lenge du har ein bungie til musa vil du ikkje merke noko anna enn dei 90 gramma til sjølve Reactor. Har du ikkje det, så er det eit par ulemper som kjem fram. For det første lagar kabelen mykje støy. Når du løftar musa, så skrapar den på pulten. For det andre er kabelen ganske upraktisk for dei med låg PPT/følsemd på musa. Då må ein gjerne løfte musa ofte. Det er noko som får deg til å kjenne godt på kor tung den er totalt sett.

Det er altså nokre pluss og minus med kabelen her. Ein må vege byggekvaliteten opp mot tyngda. Men så lenge du har ein bungie, så er det ingenting å tenkje på. Då seier eg fyr på.

Knappar

HP Omen Reactor har fire programmerbare knappar, ein PPT-knapp og eit klikkbart rullehjul.

I reklamematerialet trekkjer HP sjølv fram at musa har ei klikkresponstid på berre 0.2 millisekund. No er det få av oss som klarar å kome oss under reaksjonstid på 20 millisekund, men ein kan i alle fall vere trygg på at museklikket ikkje legg til noko der. Den korte responstida får du ved hjelp av opto-mekaniske brytarar. Kvar museknapp har ein lasersensor som registrerer kvart klikk, og sikrar innslag i same augeblikk. HP seier at dette er tre gongar raskare som ein vanleg brytar, men i og med at det framleis er snakk om under eitt millisekund, så er det ikkje noko ein legg merke til.

Les også: Razers opto-mekaniske tastatur er det beste me har testa »

Det er litt småplukk med museknappane, som eg håpar HP kan fikse til neste versjon. Eit problem er at dei er i overkant lealause, så fingrane mine har ein tendens til å vakle litt fram og tilbake når eg held dei på knappane. Det lagar ein raslelyd som ikkje bør vere der. Elles er nedtrykksdistansen lengre enn eg er vand med. Dei fleste mus designa for skytespel har kortast mogleg trykkdistanse, men dette er ikkje tilfelle på HP Omen Reactor. Der forsvinn vel fordelen med responstida på klikk.

Sideknappane og tommelstøtta er nokre av høgdepunkta.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sideknappane er langt betre stilt. Dei ligg omtrent ein halv centimeter over hakket til tommelen, slik at ein treng berre å rulle fingeren litt opp for å trykke. Plasseringa er det altså lite å seie på. Det same gjeld PPT-knappen. Den er aldri i vegen. I og med at knappen ikkje er høgare enn venstre- og høgre museklikk, så er det omtrent ingen sjanse for å trykke på den ved uhell.

Modulær datamus

Det som er mest interessant med HP Omen Reactor, er sjølvsagt moglegheita til å justere høgda.

På høgresida av musa finn du ein slags lås, som du trekk tilbake for å kunne endre høgda. Når du tar av låsen, vil fjøra på undersida av bakloket lausne. Då kan du sette bakloket til den posisjonen som du syns er mest komfortabel. Det er fem ulike trinn på fjøra, slik at dei fleste vil enkelt kunne finne den optimale innstillinga. For meg fungerte det nedste trinnet best for handflategrep, mens det nest nedste var optimalt for klo-grep.

Eg set verkeleg pris på at HP prøver på noko nytt her. Og at det fungerer så bra. Før eg fekk denne var eg skeptisk til om dette var mest ein gimmick, men det er definitivt ikkje tilfellet. I den rette posisjonen er dette ein av dei beste museformane eg har prøvd.

Programvare og RGB

Denne fjøra kan stillast ved hjelp av låsen under.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Omen Command Center er nok ein av dei enklaste programvarane du kjem til å kome borti. Du får velje mellom tre faner; ein til lys, ein til makro og ein til avanserte innstillingar.

Du får justere mellom låg- og høg løftedistanse, endre rapporteringshastigheit (opp till 1000 hertz) og skru på PPT. Trinna på PPT byrjar med ei auke på 400, og blir høgare opp til 16 000. Det er altså litt avgrensa kor mykje ein kan stille på den. Då må du heller fram med målestokken for å finne den rette cm/360-innstillinga i spel viss du er vand med PPT på 1600, til dømes.

Den siste fana lar deg endre på RGB-oppsettet til HP Omen Reactor. Musa har to sonar for RGB; rullehjulet og logoen på baksida. Her kan faktisk RGB-fargane ha ein klar funksjon, for du kan velje ulike fargar til kvart PPT-trinn. Så kvar gong du trykkar på PPT-knappen, vil RGB-fargane endre seg i takt med kva du har vald i programvara.

Elles får du leike deg med ei handfull modusar på RGB-fargane. Dei er relativt enkle, og held seg godt unna full juletrelys-modus. RGB er definitivt ikkje hovudattraksjonen her, men musa har nokre fine fargar. I og med at mesteparten av lyset sitt i logoen, så vil du ikkje sjå det så lenge du faktisk brukar musa, uansett.

Konklusjon

Det er alltid kjekt å sjå at produsentar prøver å satse på noko nytt. Kontrastane frå den relativt svake spelmusa HP Omen 600 er store her. Reactor har ein presis sensor, låg vekt og eit ergonomisk design for høgrehendte.

Justeringsmoglegheitene av høgda gjer at dei aller fleste bør kunne finne det rette grepet. Med litt testing, så kan dette fort bli din nye favorittform på datamus. Eg vil gjerne sjå fleire produsentar prøve på dette. Tommelstøtta og dei velplasserte sideknappane sikrar komforten, sjølv om hakket på høgresida er eit lite minus.

Kabelen er eg litt meir usikker om. Dersom du ikkje har ein bungie, bør du ta med det i prisen for HP Omen Reactor. Ein må berre ut med 700 kroner for musa, men det blir ein hundrelapp eller to ekstra for bungie. Kabelen er såpass tung at det må ein nesten ha. Likevel; viss du først kjøper ein slik, vil du ha ei mus som held koken i årevis, som lett toler frakt i ny og ne.

Er du på utkikk etter eit meir konvensjonelt val for dataspel, ville me sett på mus som SteelSeries Rival 600, HyperX Pulsefire Surge, Logitech G305 eller Razer Mamba Hyperflux.

8
/10
HP Omen Reactor
Modulært design av mus er særs brukarvenleg, men HP har litt smårusk dei må pusse på.
Ergonomisk og stilig design
Justerbar passform
Kabel som toler det meste
Låg vekt
God sensor
Velplasserte knappar
Opto-mekaniske brytarar sørger for minimal forseinking
Kabelen er tung og bråkar - treng bungie
Ubehageleg hakk i konstruksjonen på høgresida
Rasling i høgre- og venstre museklikk

Siste fra forsiden