Sniktitt

Gudfaren

Gudfaren-filmane ligg som ein varm klump i hjarte hos mange. På E3 fekk vi anledning til å gå tilbake i tid, til New York anno 1945.

Meiningane er kanskje blanda om det er ein god idè å rote med klassiske filmar som praktisk talt har status som helligdom. Dette stoppar ikkje EA Games frå å pøse det dei har av ressursar inn i det som blir eit av årets desidert største titlar. I dag fekk vi lov til å få ein nærmare kikk på Xbox 360-versjonen av spelet, før vi sjølv kunne bryne oss på Xbox-versjonen. Gudfaren på Xbox 360 er definitivt heftig, med ansiktsmodellar så detaljert at du kan sjå kvart hår i ansiktet. På Xbox er det fortsatt flott, sjølv om det naturlegvis ikkje er av same kvalitet.

Det er liten tvil om at ein kjem inn i ei heilt spesiell tilstand så snart ein høyrer den velkjende trompeten frå Gudfaren-melodien. Over skjermen rullar scener med velkjende karakterar, og du blir raskt dratt inn i ein hektisk skytekamp i den lokale barberersjappa. Du brukar eit interessant kontrollsystem til å bla gjennom potensielle offer med venstre ryggknapp, du vel kvar på kroppen du vil skyte med analogstikka, før du fyrer av med høgre ryggknapp. Kroppane reagerar også på kvar du skyt, og dei fleste kroppsdelar har eigne animasjonar, skyt du nokon i foten fell dei på kne, skyt dei i magen og dei tar eit ufrivillig hopp bakover. Det ser bra ut, men det er likevel litt rart at ei gammal dame med tydeleg svekka ganglag kan reise seg opp og gå etter eit skot i ryggen. Forhåpentligvis bare ein glipp som blir retta opp til lansering.

Poenget med spelet er å bli ein gudfar. Om du vil ende opp som ein av mange gudfedre, gudfar for Corleone-familien, eller gudfar for heile New York er opp til deg. Undervegs vil du ta kontroll over andre familiar, og sakte men sikkert bygge opp omdømmet ditt. Kva du endar opp som, kjem an på kor mykje tid du vil legge inn i spelet. For å bli Gudfar for heile New York, må du ta kontroll over alt du finn i byen, og i ei verd på GTA-størrelse er dette noko som kan by på eit langt og spanande eventyr. Du byrjar som ein liten, og relativt ubetydeleg gangster, men i løpet av spelet må du bygge opp ryktet ditt, og finne ut kven du er. Er du effektiv og brutal, eller gir du folk ein sjanse?

Kun så valdeleg som du må vere
Kva du enn velger å gjere vil ha ein konsekvens. Om du spring inn og opnar ild på rivaliserande familar, vil du ende opp med at desse ser på deg som fritt vilt. Verda i Gudfaren hugsar handlingane dine, og du kan ikkje forvente at verken politiet eller familiar skal gløyme det du har gjort. Spring du ut på gata etter å ha provosert ein familie, kan du raskt hamne i farlege situasjonar. Samtidig mistar folk respekt for deg om du berre spring fram og gjer som du vil. Sjølv om det er moro å springe rundt og teste siktesystemet på gamle damer, er det noko som vil snu spelet mot deg. Om du spring ut på gata i Oslo, kan du ikkje forvente å få fortsetje i fred. Det skjer ikkje her heller, og i prosessen mistar du raskt respekta hos dei du prøvar å innynde deg hos.

Får du først eit oppdrag, er det stor variasjon i kva dei går ut på. Eit oppdrag sendte oss til dømes for å skremme ein fyr til å samarbeide. Vi kikk inn i sjappa, snakka litt med han, fekk negativ respons, og knuste kasseregisteret med eit balltre som stod strategisk plassert i eit hjørne. Dette fikk butikkeigaren til å overgi seg, og vips hadde vi fått oss det første området på vår lange veg mot å bli gudfar. Eit anna oppdrag sendte oss for å ta knekken på nokre folk. Visse personar vil ha viktig informasjon, og desse bør du vere forsiktig med å drepe. Om du ser nokon med viktig informasjon, vil gudfaren-logoen sveve over dei. Ein av dei vi var på veg for å ta av dage, hadde slik informasjon. Her fekk vi ei gyllen moglegheit til å teste ut litt hand til hand-kamp.

Gudfaren sit kampsystem tar i bruk analogstikkene, og heldigvis er dette kanskje det beste kampsystemet med analogstikker eg har vore borti (no må det nemnast at eg aldri tidlegare har vore i kontakt med eit slikt system som fungerar). Du kan låse deg fast til ein fiende medan du bevegar deg og slår med analogstikkene. Om du held inne begge ryggknappane, kan du ta tak i offeret, og praktisk talt gjere kva du vil med det. Ved å bruke eit slikt system gir spelet deg moglegheita til å bruke omgivelsane på ein heilt ny måte. Du kan til dømes dytte folk mot veggar, slenge dei framover, eller kaste dei ned frå hustak. Vi banka opp offeret til det var villig til å snakke, og som takk kasta vi det utfor hustaket.

Om nokon trur at Gudfaren kjem til å bli eit spel med for store likheitstrekk med GTA-serien, kan eg heldigvis avkrefte dette. Likheitstrekka er der, men først og fremst i den forstand at du har eit stort område å utforske, og at du er relativt fri til å gjere ting i di eiga rekkefølge. Gudfaren ser ut som om det på alle måtar er i stand til å behalde atmosfæra frå filmen det er basert på, og det har nok av særeigne trekk til å gjere det til meir enn eit spel med eit kjent namn.

Siste fra forsiden