Halo-sjef tilbake hos Microsoft

Vil Joseph Staten ta styringa over Master Chiefs framtid?

Om du lurte på kvifor dei små Grunt-soldatane i Halo-spela etter kvart mista sine karakteristiske hyl, var grunnen såre enkel; Joseph Staten, som hadde stemmene deira, var ikkje ein skodespelar, men ein viktig person i utviklarstudioet Bungie. Han tok farvel med Halo-universet etter at Bungie gjorde seg ferdige med Halo, og sette i gong arbeidet med storspelet Destiny.

I tillegg til å lage rare stemmer hadde Staten ansvaret for å skrive dialog og historier, samt regissere filmsekvensar i Halo-spela til Bungie. No kan det sjå ut til at Staten igjen vil få sjansen til å jobbe med Halo-universet. Ein brukar på nettforumet NeoGaf har snappa opp ei Twitter-melding frå Microsoft-mann Mike Ybarra som ynskjer Staten velkomen tilbake hos Microsoft. Dette skjer etter at Staten slutta hos Bungie i september.

Joseph Staten (Foto: Bungie).

Nøyaktig kva Staten skal jobbe med i si nye stilling hos Microsoft er ikkje kjent. Linkedin-profilen hans fortel at han no er Senior Creative Director hos Microsoft, og skal hjelpe til med å skape nye Xbox-opplevingar. Sidan han ikkje er tilsett hos Halo-studioet 343 Industries ser det altså ut til at får eit langt større ansvarsområde enn berre kva Master Chief brukar tida si på.

Bestseljande forfattar

I tillegg til å ha kome opp med dialog og presentasjon i Halo-spela har Staten gjort solid suksess som forfattar. Han skreiv boka Halo: Contact Harvest som klatra seg inn på tredjeplass på New York Times si bestseljarliste.

Historia i boka blir fortalt både frå synsvinkelen til menneska, samt frå perspektivet til Covenant. I tillegg til dette var han sterkt involvert i Halo-filmen Peter Jackson for ein del år tilbake utvikla. Eit mogleg ansvarsområde for Staten hos Microsoft er å vere med å lage den komande Halo-serien frå Steven Spielberg.

For eit innblikk i karriera til Joseph Staten kan du ta ein kikk på Halo: Combat Evolved, Halo 2, Halo 3 og det komande skytespelet Destiny.

Siste fra forsiden