Førsteinntrykk

Her er første kikk på neste generasjon hovudkort

Intels nye prosessorar nærmar seg lansering, og me har fått hendene på eit av Z790-hovudkorta.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den nye serien av prosessorar frå Intel er på veg inn i butikkhyllene, og me i Gamer.no skal sjølvsagt teste flaggskipet.

Dessverre er eit par av komponentane til ein ny testrigg me bygger blitt forseinka, så me lagar ein lynrask kikk på Z790-hovudkortet me har fått inn i mellomtida.

Det blir sannsynlegvis dette me brukar til å teste prosessorar og skjermkort frå nyttår av. Me ventar litt med å skifte ut heile maskinen til me har testa brorparten av dei komande skjermkorta frå Nvidia og AMD, då me må teste opp att alle dei gamle korta på nytt.

Som før

Gigabyte Z790 Aorus Elite AX kostar rundt 4200 kroner.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje mykje som har endra seg frå fjorårets utgåve. Fargane og sjølve designet er litt annleis, og hovudkortet støttar litt raskare RAM, men elles går oppgraderinga tilsynelatande mest på at denne er laga for den 13. generasjonen av Intel sine prosessorar.

Dei nye prosessorane kjem med LGA-1700-sokkelen, som betyr at dei fungerer fint med hovudkorta som kom i fjor, òg.

Gigabyte Z790 Aorus Elite AX har fire M.2 NVMe-SSDar av fjerde generasjon, 2.5 GB LAN, Wi-Fi 6E, tre PCIe-spor (den eine femte generasjon) og heile ni USB-portar. Omtrent det same som versjonen frå i fjor, med andre ord.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me får ikkje fysisk testa hovudkortet før resten av maskinen er klar, så me kjem tilbake med noko meir matnyttig når det er på plass. Planen er å bygge ein eigen rigg for AMD-prosessorar, slik at me kan teste Intel og AMD parallelt i komande spel.

Det bør vere på plass omtrent ved årsskiftet.

Me kjem til å få tak i eit hovudkort med støtte for femte generasjon NVMe-SSDar til AMD-riggen, slik at me får testa dei òg når dei kjem på marknaden.

Siste fra forsiden