Her er verdas kraftigaste skjermkort: – Eit kvantesprang for spelarar

Nvidia overraska med påstandar om heftig yting.

Nvidia-sjef Jensen Huang presenterte Ada-arkitekturen tysdag.
Nvidia

Tysdag ettermiddag tok Nvidia-sjef Jensen Huang til scenen for å dele detaljane om den komande RTX 4000-serien med skjermkort.

Den nye generasjonen er basert på Ada Lovelace-arkitekturen, som erstattar Ampere-arkitekturen og RTX 3000-serien.

Det var knytt mykje spaning til straumkrava og storleiken på kjølaren i forkant av kveldens lansering, og som vanleg er det springande punktet kor mykje kraftigare flaggskipet blir samanlikna med førre generasjon.

Huang fyrte på med ein påstand om at det nye flaggskipet blir alt frå dobbelt til fire gongar så kraftig som RTX 3090 Ti.

– Ada er eit kvantesprang for spelarar, seier Huang.

Tre nye skjermkort

RTX 4090 kjem 12. oktober med ein prislapp på 20490 kroner. Ifølge Huang blir det dobbelt så kraftig i Microsoft Flight Simulator samanlikna med RTX 3090 Ti.

Skjermkortet får 24 GB med GDDR6X-videominne, og treng 450 watt med straum.

Nvidia har utstyrt skjermkortet med 16384 CUDA-kjernar. Dei hevdar skjermkortet jamt klarar over 100 bilete i sekundet i spel i 4K.

Dette er Nvidia sitt nye flaggskip.
Nvidia

Nvidia lanserte òg RTX 4080. Dette skal bli to til fire gongar så kraftig som RTX 3080 Ti, og kjem i to ulike versjonar.

Éi utgåve med 16 GB videominne skal koste 15399 kroner, og får 9728 CUDA-kjernar.

Den andre utgåva får 12 GB med videominne og 7680 CUDA-kjernar. Denne har ein prislapp på 11600 kroner.

Begge RTX 4080-versjonane kjem i november. Naturleg nok bør ein ta denne typen utspel om yting med ei klype salt før det kjem testar av skjermkorta.

Founder's Edition-utgåvene til Nvidia pleier ikkje kome til Noreg, men dei varslar at tredjepartsprodusentar som ASUS, Colorfulk, Gainward, Galaxy, Gigabyte, Inno3d, MSI, Palit, PNY og Zotac kjem med eigne versjonar.

DLSS 3.0

Nvidia sin teknologi for oppskalering, «Deep Learning Super Sampling», kjem òg i ein ny generasjon.

Siste generasjon av DLSS kan freiste med kraftig oppgang i yting. Det er ikkje spesifisert kva oppløysing spelet blir teikna i her.
Nvidia

Huang skildrar DLSS 3 som eit stort steg framover for Nvidia, og peikar spesielt på at den nye teknologien kan hjelpe i spel der prosessoren er flaskehalsen. Igjen brukar dei Microsoft Flight Simulator som døme, saman med Cyberpunk 2077.

Biletefrekvensen er over dobla i scenane dei viser.

DLSS 3.0 bygger på fjerde generasjon med Tensor-kjernar, som betyr at det sannsynlegvis berre blir for RTX 4000-serien.

Tidenes mest avanserte moddeverktøy?

Nvidia

Nvidia viste òg fram eit nytt moddeverktøy for spel basert på Omniverse, som dei kallar RTX Remix.

Verktøyet lar ein skanne inn eldre spel for å oppskalere teksturar og legge til strålesporing og DLSS.

Dei brukte Morrowind som døme på spel der ein kan gjere dette, og Huang meiner dette er verdas mest avanserte moddeverktøy.

Pussar opp Portal

Ei anna interessant nyheit for spelarar er at Nvidia har utvikla ein nyversjon av Portal med støtte for strålesporing og DLSS.

Dette kjem som ei nedlastbar utviding for dei som allereie eig spelet i november.

Siste fra forsiden