Anmeldelse

Kingdom Under Fire: Circle of Doom

Mørkt, vakkert og blodig

Om du har eit stort antal timar du gjerne vil bli kvitt, er dette den perfekte løysinga for deg.

Ein bekjent av meg sa ein gong at han gjerne kunne spele ein strek, så lenge han kunne bli den mektigaste i verda. Kingdom Under Fire: Circle of Doom er nok spelet for han.

Kjemp alene eller med andre

Vis større

Trailer: Kingdom under Fire: Circle of Doom #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • kingdom under fire
  • circle of doom


Det er både nydeleg og makabert på ein gong. Det eine sekundet finn du deg sjølv i eit landskap som plukka rett ut av ein draum. Kvite blomar fyller marka rundt deg, det raude lyset frå kveldssola glir inn gjennom det tette lauvverket, og eit vakkert piano spelar ein melodi som er så melankolsk og sørgmodig at ein nesten får lyst til å leggje seg ned på permanent basis. Det andre sekundet svingar du sverdet mot eit forvaksen spedbarn spidda på ein tjukk påle. Det tredje sekundet kravlar hordar av desse spedbarna mot deg som slangar. Det fjerne sekundet brukar du på å overtale ein dødsgud til å hjelpe deg med å opne ei dør.

Kingdom Under Fire: Circle of Doom er det fjerde spelet i ein serie som i år 2000 starta som eit heilt typisk sanntidsstrategi på PC. Dette forandra seg kjapt, og med Kingdom Under Fire: The Crusaders gjor serien eit majestetisk inntog på Xbox. Blandinga av heftig action og kontroll over store hærer, bygde opp ein heilt unik, og i mine auge, genial sjanger. Kingdom Under Fire: Heroes følgde i same spor som The Crusaders, men no er det slutt.

Med Circle of Doom har utviklarane hos Blueside kasta ut alle teikn til strategisk tenking, og det vi sit tilbake med, er eit spel som fokuserar nådelaust på gjentakande action der éin knapp styrer èit våpen, og komboar er eit bluss frå fortida. Heile spelet er eigentleg et bluss frå fortida med det i tankane, men samtidig er det likevel noko heilt unikt og nytt med denne utgåva av Kingdom Under Fire.

For å seie det enkelt: Spelet inviterar deg umiddelbart til å tru at dette vil bli eit uhaldbart kjedeleg, langtekkeleg, einsarta og elendig spel. Det underheld som smått i byrjinga, men du ser alle «manglar» med ein gang, og det er lett å innbille seg at dette blir spikaren i kista for ein serie som ein gong var noko heilt spesielt. Likevel innser eg at eg har allereie brukt fleire timar på dette spelet enn på nesten alle av fjorårets spel. Eg ser tydeleg at her kunne mykje ha vore gjort betre, men eg kjenner likevel eit sug etter å halde fram. Eg draumar om krig om natta, musikken er det første eg høyrer når eg vaknar om morgonen, og det første eg gjer når eg kjem heim, er å fyre opp spelet.

Einsarta, men engasjerande

Det einaste som er igjen av serien er nokre kjende ansikt, og rockemusikken som kasta sitt særpreg over dei tidlegare spela. Når det er sagt, musikken er meir nyansert denne gongen. Det er større variasjon mellom dei forskjellege låtane, og vi får høyre alt frå tung og seig rock, til vakre melodiar. Det viktigaste å bite seg merke i er at musikken passar til kvar situasjon. Kvar del av verda har eigne tema, og så snart du er i kamp, vil tyngre rytmar bryte inn for å vise deg at spelet meiner alvor.

Dei kjende ansikta er alle heltar frå tidlegare spel. Har du spelt dei føregåande spela, vil du raskt dra kjensel på til dømes Celine, Kendal og Regnier. Alle har sine eigne kampanjar, og historiene deira blir fortalde på ein veldig sær måte. Det første som skjer i spelet, er at du startar i den vakre blomsterenga eg nemnde tidlegare. Etter nokre soner med slakt vil du kome over eit idol. Spelet inneheld fleire idol, og desse let deg gjere forskjellege ting. Ein av dei er å sove.

Legg du deg ned for å sove, vil du kome til draumeverda. Her møter karakteren du har valt ein eller fleire personar som vil gi deg oppdrag, samt trene deg til nye eigenskapar. Det heile er ganske surrealistisk i byrjinga. Du vandrar rundt i eit nesten klaustrofobisk lite område, snakkar med ein gammal mann, og eventuelt ein eller anna ekstra person, før du vaknar opp, og held fram der du slutta. På sett og vis gir det ikkje meining, men samtidig gir det spelet ein heilt spesiell mystikk. Sjølv når du spring rundt i tilfeldig genererte område, vil samansetninga av bilete, lyd og desse draumane byggje opp ei stemning som likevel får deg til å tru at du kjenner desse kampkjempene. Det er litt rart, for historia står fullstendig i baksete.

Jakta på styrke

Spelet handlar om å drepe fiendar, kort og godt. Det handlar ikkje om å følgje ei historie, det handlar ikkje om å redde verda frå ein ukjend trussel. Det handlar om å drepe så mange fiendar du kan, med eit enkelt mål i sikte: Å nå neste nivå. No snakkar eg ikkje om nivå som i neste område eller utfordring. Her snakkar vi om erfaringspoeng og den elskverdige beskjeden «level up». Det er alt spelet handlar om, og det gjer ein fordømt god jobb i å dra deg med på det.

I byrjinga er det heile litt tregt, det har eg som smått nemnt, men dette har ei enkel årsak. Alle våpen i Kingdom Under Fire: Circle of Doom brukar ferdigheitspoeng. Har du til dømes hundre poeng, og eit våpen brukar ti poeng per slag, har du til saman ti angrep før du må ta ei pause. Alle våpen regenererar samtidig ein liten slump med poeng. Avhengig av kor mange poeng våpenet ditt regenererar, vil du kunne få inn ganske mange fleire slag enn dei ti vi akkurat har kome fram til.

Dette er essensen av kampsystemet. Våpna brukar poeng, og du treng poeng for å halde det gåande. For å hjelpe til med dette er det fleire ting du kan gjere. Ein av dei enklaste er å fordele store delar av poenga du får når du går opp i erfaringsnivå på ferdigheitspoeng.

Akkurat denne delen av spelet er litt særeigen for Kingdom Under Fire: Circle of Doom. I staden for å byggje opp normale ting som styrkje og tempo, har du her berre tre forskjellege statistikkar å forbetre. Den første er helsa di, noko som talar for seg sjølv. Den andre er ferdigheitspoenga du er heilt avhengig av for å vere nyttig i kamp. Den siste er den som kanskje er vanskelegast å forstå; flaks. Flaks har fleire bruksområde. Det kan som smått hjelpe deg i kamp, det kan få fiendane til å miste betre gjenstandar, og sist men ikkje minst, det kan gi deg større sjanse for suksess ved syntisering.

Syntisering er nok eit kjent konsept for mange rollespelarar. Kort sagt handlar det om å kombinere to eller fleire gjenstandar for å skape ein ny og betre ein. Systemet i Kingdom Under Fire: Circle of Doom er litt vanskeleg å forstå med ein gong, men du tener godt på å følgje med i timen. Du kan til dømes ta eit heilt vanleg kastevåpen, og gi det eigenskapar som får det til å søke seg inn mot næraste fiende, samtidig som det kastar gift på alle saman. Syntisering er eigentleg nøkkelen til om du vil ha det moro med spelet eller ikkje. Forstår du ikkje konseptet vil du ikkje berre gå i motbakke gjennom heile spelet, men du vil ha det frykteleg kjedeleg medan du gjer det.

Saman om byttet

Alt dette byggjer eigentleg berre opp mot spelets nøkkelfunksjon: Xbox Live. Det er heilt tydeleg at spelet er utvikla med fleirspelar-moro i tankane. Du kan sjølvsagt kose deg aleine, men mange av område vil då vere ufordrageleg lange. Vi snakkar sone etter sone i det same området, der dei same fiendane kjem mot deg, time etter time. På Xbox Live kan du spele saman med andre i grupper på opp til totalt fire spelarar, og dette får alt til å gå mykje raskare. Ikkje berre kvestar ein fiendar som ein orkan kvestar tre på vestlandet, men ein går gjennom områda i eit mykje større tempo, samtidig som ein går opp i erfaringsnivå mykje kjappare.

Det heile blir berre så mykje meir underhaldande. Timane flyg, og før du veit ordet av det er klokka sju om morgonen, og du innser at du må gjere deg klar til å gå på jobb.

Kingdom Under Fire: Circle of Doom er eit veldig pent spel. Dei forskjellege karaktermodellane er nøyaktig detaljerte, og kjem til live med både god animasjon og for det meste godt skodespel. Dei glir samtidig godt inn i dei forskjellege miljøa dei reiser til. Desse er alt frå frodige skogar til mørke kyrkjegardar, og dei er alle veldig godt realiserte med både detaljerte miljø, og stemningsfull lyssetting. Blueside har i tillegg lagt til småting for å gjere dei strengt tatt svært lineære miljøa litt meir truverdige. Til dømes vil eit stort våpen kunne slå barken av trea, eller mose frå stein. Stein kan ein i tillegg slå store hol i.

Konklusjon

Kingdom Under Fire: Circle of Doom tek eit stort steg bort frå kva serien er kjend for, men vi kjem ikkje til å lide noko stor nød av den grunn. Spelet er mykje djupare enn kva det først ser ut som, og når du omsider verkeleg forstår korleis ting fungerar, er det frykteleg lett å fullstendig fortape seg i den uendelege jakta på betre utstyr og fleire fiendar å drepe. Eit levedyktig miljø på Xbox Live har allereie byrja å blomstre, og dette gjer det lett å nyte spelet slik det er meint for å spelast.

Spelet er definitivt ikkje utan feil, variasjonen i område og fiendar kunne godt ha vore større, og eg hadde ikkje klaga om kampsystemet hadde invitert til eit komboangrep eller to, men det er ikkje noko som vil hindre deg i å ha det moro. Det er ikkje for mange spel som satsar på samarbeid, og Kingdom Under Fire: Circle of Doom er eit godt eksempel på kor moro det kan vere.

Siste fra forsiden