25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer.

Kjem det nye konsollar frå Microsoft eller Sony til neste år? 

TV-produsenten TCL meiner Sony og Microsoft vil kome med oppgraderte konsollar innan få år.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det melder nettstaden PPE.

TCL, ein kinesisk fjernsynsprodusent, la nyleg fram forventningane sine for korleis eventuelle oppgraderte versjonar av PlayStation 5 og Xbox Series S/X kan bli i 2023 eller 2024.

Det gjekk tre år frå Sony lanserte PlayStation 4 til dei kom med ein oppgradert versjon, og fire år mellom Microsoft lanserte Xbox One til Xbox One X kom i sal. Microsoft har tidlegare sagt at dei jobbar med nye konsollar.

Slik sett er det ikkje utenkeleg at det kan kome oppgraderte versjonar av dagens konsollar i løpet av eit år eller to.

8K-speling

TCL spår at PlayStation 5 Pro og ein ny Xbox vil vere basert på det komande AMD Radeon RX 7700 XT-skjermkortet. Det er venta at AMD lanserer den nye serien sin av skjermkort i løpet av 2022.

Fjernsynsprodusenten spår vidare at konsollane vil kunne teikne spel i ei «native» oppløysing på 4K med ein biletefrekvens på mellom 60 og 120, saman med å levere spela i 8K med ein biletefrekvens på 60 eller 120 ved hjelp av oppskaleringsteknikkar.

AMDs flaggskip RX 6900 XT klarar allereie ein del eldre spel i 8K ved hjelp av AMD FidelityFX Super Resolution, så det bør vere fint mogleg om RX 7700 XT yter omtrent på linje med dagens flaggskip.

LES OGSÅ: The Witcher 3 kjem til nye konsollar mot slutten av 2022 »

Sony PlayStation 5

Microsoft Xbox Series S

Microsoft Xbox Series X

Siste fra forsiden